torsdag, juli 29, 2010

Når villdyret våkner.. i form av vakthunden Ayla..

Her me har flytta til er det ein god del ungdommar (og sikkert andre også) som råner. Dei er glade i spesielt Volvoar, og helst skal dei vera lakka i gullfarge. GullVolvogjengen, kallar Vetle og eg dei. Dei køyrer forbi på vegen her med høg DUNK-DUNK musikk som kanskje er køntri, kanskje er hip-hop, kanskje er gospel, det veit eg ikkje. Me høyrer berre bilduren og dunk-dunk når dei passerer.

Nå høyres det ut som om me bur nært vegen, og det gjer me. Det er omtrent 40 meter frå verandaen og ned til vegen. I starten la eg merke til kvar einaste bil som køyrde forbi, og lurte på korleis dette ville gå. Der me budde før såg me knapt andre bilar enn husvertane og naboane sine. Nå, to månadar etter innflytting, er det berre ein og annan eg faktisk legger merke til.

Nokre gonger når GullVolvogjengen køyrer forbi, bjeffer både Ayla og Emil eit par gonger før bilen har passert og lyden ikkje høyres lenger.

I går kveld. Nei, i går NATT faktisk, for Vetle hadde forlengst gått og lagt seg sidan han ikkje har ferie i lag med meg i år, sat eg her og kikka på TV og surfa litt på laptopen. Så høyrer eg bildur i lag med dunk-dunk, og forventer at den skal forsvinne i løpet av to sekunder. Det er så lang tid det tar ein bil å passere.

Men ikkje denne gongen. Det høyrdes ut som om dei hadde stoppa nede i vegen og var på tur inn i innkjørsla. Eg blei forviten og gjekk til verandadøra. Eg kunne ikkje sjå noko, for her er jo aldeles mørkt om natta. Ingen gatelys langs vegen, og me hadde ikkje slått på utelyset.
Dermed opna eg verandadøra, og ut sprang Ayla og Emil. Brølande. I løpet av nokre sekunder registrerte eg at det stod ein bil nede ved vegen, at det var menneske utanfor bilen, eg høyrde stemmer, dunk-dunk, og såg to brølande skuggar nedover mot bilen.

Emil stansa halvveis, og slutta å bjeffe.

I løpet av dei neste sekundene registrerte eg vidare at dei som stod der nede sto og ... ja.. tissa. To eller tre av guttemennene sto ved grøfta og haldt i tissemennene sine mens Ayla sprang rundt og brølte på dei. Korleis dei fekk utført ærendet sitt er for meg ei gåte..

Eg stod oppe i bakken og ropte på henne, men ho reagerte ikkje. Eg rekna med at ho ikkje høyrde meg over dunk-dunk, motordur, seg sjølv og guttemennene som forsøkte å fortelle henne at alt var greit. Eg kunne ikkje sjå henne, så eg visste ikkje kor i mørkret ho eller guttemennene var. Så tok eg i, og brølte deg eg klarte (og det er HØGT), og då ho bevegde seg oppover mot meg, kunne eg skimte at ho kom frå botnen av bakken. Bilen og gutemennene stod tre-fire meter i frå henne. 
Eg skrøyta veldig av henne og tok med meg hundane opp mot altanen igjen, og såg at Vetle hadde vakna og kome ut for å sjå kva som føregjekk. Nede frå vegen kom det spakt: "Beklager at me forstyrra dykk"
Inni meg bobla eg av latter og lettelse og svarte at det var heilt i orden, og lurte inni meg på kvifor dei ikkje hadde blitt  sinte eller redde eller noko.

Då me kom inn i stova, roa begge hundane seg med ein gong, og eg såg føre meg dei som stod nede ved vegen og tissa og ante fred og ingen fare og brått kjem to skuggar bjeffande og brølande mot dei mens dei står og held på det mest dyrebare dei har. Eg fekk meg ein god latter, og Vetle også.  Og me var heilt enige om at det verkeleg ikkje er nokon fare for at Ayla skal bite, og at ho er ein fantastisk vakthund. Det siste ville vore irriterande om me budde i eit byggefelt, men når me nå bur slik me gjer her, og eg er så mykje åleine pga Vetle jobber overtid, kjennes det veldig betryggande å ha Ayla her. tissepause

12 kommentarer:

  1. Akkurat det slo meg også! Hadde Ayla ment alvor og villet bite, så hadde hun gjort det når hun fikk denne muligheten. Godt å vite at det bare er i kjeften hun har det, hva? ;)

    SvarSlett
  2. Har du blitt til ein liten prikk? :-)

    Ja, eg har aldri vore redd for at ho skulle bite, men det er like deilig kvar gong å få det bekrefta :-)

    Hehe.. i dag bjeffer Emil kvar einaste gong han høyrer dunk-dunk på vegen :-D

    SvarSlett
  3. hahahaha, nå lo eg godt og høgt så eg fekk den hostekulå... Og renska opp ilungene.. Fy søren, ka dei har trudd når dessa to store hundane kom i møte dei, og Ayla då som sprang heilt ned.. hehehehehe, gode Ayla.. Det e godt hu passe på..

    =)

    SvarSlett
  4. og så glømte eg jo å kommentera dei flotte teikningane dine.. =) Knallbra..

    SvarSlett
  5. Eg låg og humra meg inn i svevnen i natt, eg, skal eg sei deg! :-D Tenk deg da.. det var jo forholdsvis mørkt her oppe, og plutselig komme Ayla og Emil nerøve i ein helsikes fart :-)

    Eg hadde daua på meg, eg! Og dei småfebrilske forsøkå deiras på å godsnakke med desse to brølapane mine! Kor dei henta motet fra, det fatter eg ikkje :-) Prøvde å smatte og snakke og plystre og ingenting nytta, sjølvsagt :-)

    SvarSlett
  6. P.S. Teikningane hadde vore hakket meir detaljerte om eg hadde hatt eit sånt teiknebrett som eg ønsker meg VELDIG! Men dei er så dyre, så det får bli skjelvande skeive og barnlige teikningar i staden ;-)

    SvarSlett
  7. Flinke, flinke Ayla! :) Trur ikkje du får besøk av fleire tisselura ætter detta... Røktan går nok på bøgda om at huset og plassen dokkers bi godt påpassa... :)

    SvarSlett
  8. Ja, trur du ikkje? Eg er i allefall veldig fornøyd med vakthunden min, og det einaste eg var bekymra for når dette her skjedde, var at dei kunne gjer HENNE nåke vondt, ikkje omvendt :-)

    Men Emil blei nok veldig merka av hendelsen, for han har bjeffa på kvar einaste bil som har spelt høg musikk i dag.. Får vel trene på det før det blir ei vane.. :-)

    SvarSlett
  9. Måtte småle litt nå:)Dette er nok ein sånn situasjon der ein har litt hjertet i halsen der og då, men som er morosam etterpå:)

    Embla er og tøff i kjeften når ho høyrer noko ute, eller som i vinter då det kom traskande ein utenlandsk student som skulle selge noe tegning greier, når vi var ute og trente i hagen, plutselig føyk bikkja rundt hjørnet og bjeffa vaktbjeff. Matmor etter og der står ein skremt student, eg tek tak i halsbandet hennar, og han stotrer fram "ehhhh big dog". følte nesten eg burde kjøpa noko som plaster på skremselen men nææææ:P

    Så no er dykk sikkert kjent som: "dei med vaktbikkjene"

    SvarSlett
  10. Av og til forsvinner faktisk mine egne kommentarer herfra, eg var heilt bombesikker på at eg hadde sendt avgårde kommentar til deg, Gunn...

    Kommentaren var omtrent som følger:

    Ja, me er langt meir plaga med seljarar her nede enn me var der oppe, og Ayla blir jo like galen kvar gong.. Emil springer bare bort og seier hei etter at han først har bjeffa i lag med Ayla (han høyrer på bjeffinga at noko er farleg og ser føre seg DET monsteret, og nå det då bare er nokre skarve menneske, så blir han så happy og letta, atte)

    Flinke Embla som varsler framande, eg syns det er heilt greit det, eg. Men måten Ayla gjer det på når dei kjem i hus, det er ikkje greit. Måten Emil varsler framande, derimot, er heilt som det skal vera: Bjeffer, buster, ser me helser gjestene velkomne, busten forsvinner og han går bort og seier hei.

    Dei med vaktbikkjene, ja. :-) Ikkje det dummaste å vera kjent som, det ;-)

    SvarSlett
  11. hahahahaha... tenk å stå der midt i "vanninga" og se en rottweiler komme løpende. Grøss og gru, kan hande jeg hadde følt med litt usikker selv også!
    Meen: ja, du slipper nok flere slike besøk! Det kommer til å gå vandrehistorier om hvordan Ayla bet av tissemannen til en av de gutta i bygda framover ;)

    Flinkeste firbente det, Maximus vokter også.. men han hadde nok IKKE kommet på innkallingen der!

    SvarSlett
  12. Nina, kommentaren din fikk meg til å tenke etter, og da har jeg kommet fram til at Ayla har faktisk kommet på innkalling hver eneste gang hun har hatt utfall når hun har vært løs. Ikke en eneste gang har jeg måttet gå og hente henne.

    Jeg har sett den bilen i ettertid, og da har jeg vært ute ved veien med begge hundene :-) Jeg bare smiler og humrer ved tanke på den kvelden... Hun er nemlig ikke "bare" en rottweiler, hun er en svær sådan! 65 cm høy og 45 kg...

    SvarSlett