torsdag, juli 08, 2010

Feriemodus

Me er så absolutt i feriemodus for tida, og dagane går omtrent i kvarandre. Eg går på tre veker fri i morgon, men Vetle fekk ikkje ferie samtidig som meg, så då blir det til at eg går heime og daller med hundane. Ikkje verdens dummaste ferie, det, altså, men det hadde jo vore kjekkast om Vetle fekk dalle saman med oss.

Huset og hagen blir langsomt flytta inn i. I helga skal me begynne arbeidet med å gjerde inn deler av hagen, sånn at me ikkje treng å vera redd for at hundane skal gå til vegen. Det blir det første store prosjektet vårt, og hverken eg eller Vetle har satt opp eit gjerde før.

Neste helg får me besøk av Carita og Oliver, og planane er å gå spor og kose oss med hundane i skogane her. Vetle og Ayla stikker på hytta ein tur då, så slepper ho å øydelegge den gode framgongen ho har hatt i føtene den siste tida. Ho haltar nesten ingenting nå, berre avlaster venstre bakfoten litt av og til. Dermed kan det faktisk sjå ut til at eg får behalde henne ei stund til, godjenta mi :-)

Emil er snart seks mnd, og ser meir voksen ut nå. Han har mange trekk som er like Joey sine, og somme tider når han ligg og søv, er det som om Emil glir til sides og så dukker Joey opp. Nokre sekunder seinare glir Emil tilbake igjen og Joey forsvinn. Det er ei underlig kjensle når det skjer, men også veldig veldig godt. Det nærmer seg eitt år sidan me tok farvel med Joey nå, og saknet er framleis STORT! Det går ikkje ein einaste dag utan at eg tenker på han og ønsker at han hadde fått oppleve å flytte i eige hus og hage. Han hadde stortrivdes her nede...

Katten Legolas lever herrens glade dagar her, og jaktar på både fuglar, muser, rotter og stålormar. Eg har klart å redde ein stålorm fra drapskatten, og har funne tre-fire små muser og ei rotte(om ikkje det var rotte, så var det i alle fall ei himla svær mus).

Når eg finn ladaren til kameraet mitt kjem fleire bilder, og kanskje ein liten videosnutt, men enn så lenge er den borte vekk.
Med andre ord; me lever i beste velgåande. :-)

4 kommentarer:

  1. Høres ut som herlige dager. Og været er vel stabilt fint der nede og, så!
    Så bra at Ayla virker bedre i foten. gleder meg til du finner laderen til kameraet så vi kan holde oss oppdatert på små og store hunder :)

    SvarSlett
  2. Det høres heilt fantastisk ut! Og så godt at Ayla e bedre! :)
    Altså, hves det e mykje mus e det også et tegn på at det ikkje e så mykje hoggorm... Så veit du det! Da kain det jo være greit med en katt som hoild det musefritt på "gården"...
    Løkke te med inngjeringa.

    SvarSlett
  3. Eg glede meg til Sporweekend, eg e sikker på at Oliver egentlig e en blodhund gjemt i en Papillon/Tibbe kropp :) hihi...

    SvarSlett
  4. Gerd Marit,
    Den ladaren er sporlaust vekke, og det er andre ladaren eg har kjøpt til det kameraet.. Eg gleder meg også til å finna han ;-)

    Krissi,
    Musefritt er kjekt nok, men han hadde jo ikkje trengt å ta livet av småfugl OG stålorm i tillegg.. Og snart skal svaleungane prøve vingene sine, og eg har verkelig ikkje lyst til å sjå han med ein av dei i kjeften.

    Carita,
    Eg er jysla spent på koss Oliver går spor og ka dåkken har lært på kurset :-) Det ser ut il å bli fint vær også, og det er jo ein god ting :-)
    Eg og Emil glede oss veldig!

    SvarSlett