onsdag, november 24, 2010

Emil og Kari Anne sine turtips.

Lars Monsen gir ut bøker i fleng om turane sine, så nå skal ikkje eg vera dårlegare.

Emil og eg var nemlig på ein tretimars skogstur i dag, og me lærte uhorvelig mykje på dei tre timane! Det var nok eg som lærte mest, men eg trur nok Emil også opplevde eit par aha saker og ting.

Sekken.
Sjølv om ein berre skal på "ein liten rusletur", må sekken innehalde noko varmt å drikke, sjokolade, pledd, aviser til å sitje på - eller tenne opp redningsbål med, og lighter.
Den må vera god å ha på ryggen, og ikkje få jakka til å skli oppover ryggen når ein går. Dersom jakka sklir opp kan ein bli litt kaldare på stussen enn planlagt, nemlig.

Turkameraten.
Turkameraten kan ha to eller fire bein. Har han fire bein og heiter Emil, er han meir enn villig til å samle med seg ved DSC09912der han måtte finne det. Turkameraten fortjener godbitar for dette arbeidet.
Under vedsanking, er det ikkje utenkeleg at turkameraten spring litt for nært kroppen til dei tobeinte som er med på turen. Dette gjer svært ofte ganske vondt. Dei andre (meg) kan då bli sure og irriterte, så då må turkameraten ha eit slikt humør at han gir blanke i sure miner og berre lar det dårlege humøret til turfølget døy ut av seg sjølv.

Sjølv om turkameraten har fire bein og heiter Emil, betyr ikkje det at den vegen han går automatisk er den enklaste. Ofte er det heilt motsatt.

Dersom turkameraten har fire bein og heiter Emil, vil han sitje i fanget når resten av turfølget (framleis meg) skal ha ein pause og nettopp har hatt te oppi koppen. Og han får faktisk plass.

 DSC09889  DSC09900 DSC09901   DSC09892

Spor i snøen
Med mindre ein er redd for å gå i ring, er det ein GOD ting å finne att eins eigne fotspor i snøen. Særleg etter at ein har vore ein smule usikker på kor i skogen ein er.
DSC09917

 

Heng og bratte bakkar.
Dersom ein trur ein har funne ein snarveg ned eit heng, har ein sjeldan det.
Og dersom det same henget ser for bratt ut, er det ofte nettopp det.
Mangelen på andre dyrespor ved nevnte heng - er ikkje eit godt teikn.
Og til slutt: Vegen opp att i nevnte heng er alltid tung og sur å gå.

Der det er lettast å gå NED ein bratt bakke, er ikkje nødvendigvis der det er lettast å gå OPP.

 

Motivasjon og avgjersler.
Dersom fornuften seier at det snart blir mørkt og at ein må snu og finne attende til der ein kom frå, stemmer ofte det. Om motivasjonen for å følge dette rådet er at ein ikkje har lyst til å gå seg vill for så å bli funnen av kjentfolk i NRH, er det ingen dum motivasjon.


Pause.
Dersom ein har lova seg sjølv å gå opp den tunge tunge bratte bakken før ein skal få ta pause, betyr ikkje det at den medbrakte sjokoladen smaker ekstra godt når ein endeleg når toppen og kan setje seg ned. Neida, slikt er berre tull.
DSC09920DSC09921

Kor ein skal sjå når ein går tur.
Dersom turkameraten har fire bein og heiter Emil og er ven å sjå til, må ein også kikke på andre ting i løpet av turen. Nokre gonger kan ein finne skjønnhet ved å sture og glo i bakken.
  DSC09904

Andre gonger må ein stanse opp og sjå seg attende, både for å sjå kor nydeleg det var der ein nettopp gjekk, og for å merke seg kva ein skal sjå etter når ein skal finne vegen heim.

DSC09914   

 

Heimkomst.
Når ein kjem heim tre timar seinare, er det ikkje å forakte å krype inn i ein fleecekosedress som er laga av ei snill søster, fyre godt i ovnen, varme seg litt lapskaus og synke ned i ein god og mjuk sofa resten av kvelden. Dersom ein har att noko av tursjokoladen, smakar nok den vel så godt no.

6 kommentarer:

  1. Fantastisk - du kan gi ut bok anyday du Kari Anne! Humret litt for meg selv, for det var godt å lese at det ikke bare er meg som underveis på turen svetter, stønner og uffer meg, men som er en av de som sier at turen var bare super - selv om det er minutter på turen du gjerne skulle vært foruten - som når du sliter deg opp en bakke du aldri skulle ha gått ned etc - eller bli for kald på stussen :) venter på neste kapittel - da med ski eller skøyter kanskje? Enda et moment forholde seg til - som ikke alltid vil la seg kontrollere :)

    Ha en god kveld i sofaen - det har du og Emil fortjent!

    SvarSlett
  2. Eg er i ferd med å kjøpe meg ski, for dei har køyrt løyper oppe i Evje som berre er ein halvtimes køyring herfrå.

    Emil skal sjølvsagt få bli med, så då må eg jo blogge om det også :-)

    Og når eg er på tur, har eg hatt det kjekkast når eg har fått klagd litt på vegen. Eg er sjelden den som må stoppe for å ta pause, vil helst gå og gå og gå så lenge eg får gå i mitt tempo. :-) Så ja, me er fleire :-)

    SvarSlett
  3. Såg heilt deilig ut :)
    Og hund med pinne i knehøyde er eit kjent smertemoment her i gården og. Eg har prøvd å sei til ho at eg ikkje er så stor fan av fvf me pinne bak knea, men det er kanksje hennas måte å få opp tempoet mitt?

    Men søte og herlige er dei når dei får tusle og springe tulling på tur, selv om ein ikkje alltid skal stole på veivalga deira

    SvarSlett
  4. Ja, det var nok ein flott tur, og det beste er at eg bare går ut av utgongsdøra, og så har turen starta :-)

    Emil har halta litt på eine framfoten etter turen, så eg trur han sprang litt for mykje tulling i det ulendte terrenget.

    Og det er ikkje småpinnar han finner seg, heller! Det er jo svære tre, må vite! ;-)

    SvarSlett