onsdag, november 10, 2010

Vinterleg tur i nærområdet.

I dag har Emil og eg vore ein tur innover vegen. Det er noko heilt spesielt å gå på ein skogsveg der snøen er urørt av anna enn skogens dyr. Særleg om kompisen ein går denne vegen i lag med er ein skjønnas som Emil.  Eg skulle inderleg ønska at Ayla kunne vore med også, men eg har innsett at dei tidene nok er forbi, dessverre.

Emil lærte i dag at når ei snødekt flate i eit hjulspor er dekka med snø, betyr ikkje det alltid at ein kjem tørskodd over til andre sida. Verdifull lærdom for einkvar, det :-)

101120101285
Att og fram er like langt for Emil. Når eg sakker for langt bak, kjem han og hentar meg.


 101120101282
Det viser ikkje så godt på biletet, men det dalte små, lette snøfnugg i solstripa mellom trea.

 


101120101286
Dersom eg stanser opp litt, som her då eg måtte stå og nyte utsikta litt, kjem Emil og setter seg ved sida av meg og kikker same retninga som meg. *smelt*


101120101288
Eit islagt Fiskelausvatn.


101120101289 
Me fann nokre traktorspor me kunne følgje, og fekk ei fantastisk utsikt .


101120101290 
Skjønnasen min: Searovers Pearl Jemil


101120101293
Fiskelausvatn i bakgrunnen, og her ser ein tydeleg at det berre er halve vatnet som er islagd.


101120101295
Slike spor såg eg mange av på turen. Desse forsvinn innunder stubben.

4 kommentarer:

  1. Såg ut som ein herlig tur! og dykk har SNØ jo!

    SvarSlett
  2. Det var ein fantastisk tur! Og jepp, me har snø!! Det er mykje mogleg at eg må skaffe meg bortøve-ski til vinteren ;-)

    SvarSlett
  3. Så herlig vintersteming - men jeg er glad vi ikke har snø her enda, jeg :) Emil har vokst seg til en stor fin gutt altså! Og det er veldig praktisk å ha vakt-hunder i noen sammenhenger, ekstra supert når de velger mellom hvem som må komme seg vekk og hvem som får bli - he-he. Hos oss skal ALLE vekk selv en liten spurv i treet.

    SvarSlett
  4. Ja, han har verkeleg blitt stor og muskuløs, og han har uutømmelig energi, ser det ut til. Likevel klarer han å slappe av inne, det har han gjort heile tida. Slikt liker me :-)

    Fuglane får stort sett vera i fred for hundane, då er det nok dessverre verre med Legolas, katten. Me må tenke ut noko lurt når me skal lage til matingsstasjon for fuglane i vinter, så ikkje han kan jakte på dei.. Men noko større vaktkatt er han nok ikkje ;-)
    Og ja, vakthundar gjer meg ingenting, for det er ikkje plagsomt når ein bur slik me bur her. Det ville nok vore verre i eit byggefelt og om me hadde hatt ungar som støtt og stadig fekk besøk.. :-)

    SvarSlett