fredag, mars 11, 2011

Skitur. Og oppdatering av korleis tjernet ser ut.

I dag starta dagen med snøstorm og rusje vær, men etter lunsj skein sola inn vinduet. Ayla har hatt ein rolig dag, så eg tok sjansen på å rusle innover vegen på ski i lag med Emil. Me fekk ein fantastisk tur, og erfaringane stod i kø for både meg og Emil:

* Smørefri ski klabber!
resize_image_340657265

* Smørefri ski som klabber, kan faktisk klabbe sjølv om skia beveger seg framover i nedoverbakke! Tru det eller ei!
* Smørefri ski som klabber er kjekt i oppoverbakkar!
* Smørefri ski som klabber er uansett betre enn å gå på føtene i 80 cm snø når ein ikkje har truger.
* Ta alltid med ei bittelita niste og godt sitteunderlag, for sjølv om turen er meint å vera kort, kan det hende at været er så nydelig at ein har lyst til å setje seg ned i ein lun skråning og nyte naturen i lag med ein herlig Emil.
* Ta med fotoapparat sjølv om turen er meint å vera kort.
DSC01274
DSC01278
DSC01289
resize_image_341700954

For Emil sin del, blei følgande erfaringar gjort:
* Gallopp fører til at ein synker laaangt ned i snøen, mens lett trav ikkje gjer det.
* Snø smaker godt (den erfaringen gjorde forresten eg meg også)
* Bratte heng med snø i er minst dobbelt så tunge å klatre i som bratte heng uten snø.
* Det er ikkje alltid Kari Anne har med seg godbitare på tur, særleg når turen er meint å vera kort.
* Om ein ikkje rakk å gå rundt juletreet då det var i hus, går det fint an å finne eit lite tre ute og gå rundt det:
DSC01285

Så, det var erfaringsrikt for oss begge to :-)

Då me kom heim att, måtte eg bort til bedet og kikke på dei nydelege spirene som hardnakka påstår at våren er i kjømda:
DSC01297

-----------------------------------

Og slik såg tjernet ut i dag:
DSC01248

Snøen har sunket litt, men ingen teikn til åpne råk endå...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar