mandag, mars 14, 2011

Bloggen min er 5 år i dag!

I dag har eg blogga i fem år. Og når eg tenkjer tilbake på dei fem åra, har det vore oppturar som har tatt pusten frå meg, og nedturar som har tatt motet frå meg. Veldig mykje har skjedd på det private plan som eg sjeldan skriv noko om i bloggen, og eg har også utvikla meg veldig som hundeperson.

Her er mitt aller første blogginnlegg

Eg har vore dønn ærlig i alt eg har publisert, sjølv om eg ikkje har publisert alt som har hendt. Eg har skrive frå hjarta og sjela, og fått mange og gode tankar tilbake gjennom folk som har kommentert innlegga mine. Alle kommentarer set eg uendelig pris på, og forsøker å kommentere tilbake i andre sine bloggar når eg føler eg har noko å bidra med.

Bloggen er først og fremst for min eigen del, som ei slags dagbok, noko eg kan sjå attende på og minnast. Dersom andre kan ha nytte av erfaringar eg gjer meg, og bloggar om, så er det ein stor bonus. Sjølv set eg stor pris på alt eg kan ta til meg av lærdom frå andre sine bloggar, og sjølv om ein ikkje tykkjer sjølv at ein har den mest interessante bloggen, så kan det faktisk hende at nokon der ute likar den likevel. 

Av og til, når eg tar eit tilbakeblikk i bloggen min, og leser eit gammalt innlegg, kan eg oppleve å få kjensla av at eg les noko heilt nytt, noko eg aldri har opplevd fordi eg har fortrengt eller gløymt det. Då tenker eg at bloggen min er utruleg verdifull FOR MEG, og er glad eg har brukt så mykje tid på å forfatte innlegg etter innlegg. 657 innlegg har det blitt.

Her er nokre av mine favorittar:

Dette innlegget er vondt og sårt for meg, men godt likevel.

Eg og Emil la ut på langtur, og eg spekulerte ut nokre turtips eg ville dele med meg.

Tips til korleis ein kan få mest moglet ut av ein kurskveld.

Eit innlegg som kan hjelpe om ein har ein hund som ikkje er like glad i kos som eigaren - spesielt på kurs og treningar.

Eit litt komisk innlegg om kor flink vakthund Ayla eigentleg er.

Dette skreiv eg etter at me tok farvel med Joey 17. juli 2009. Eg saknar han framleis...

Dette innlegget blir eg både vemodig og vanvittig stolt av å lese!

Dette innlegget kan gjelde så mangt.. Og handlar om kommunikasjon.

Vendepunktet for meg og Ayla.

Herleg snutt om då Ayla skjøna poenget med "Fire føter i boksen", som var heimelekse på Hundeeierskolen.

Fantastisk tur med Olaug og jentene og Joey!

Filosofisk innlegg om livet generelt, men også om hundetrening.

Sjølvsagt har eg fleire innlegg eg likar godt, men eg kan jo ikkje ramse opp alle saman her :-) Eg kjenner eg faktisk er stolt over å ha blogga på same staden i fem år. I skrivande stund har eg hatt 33 667 sidevisningar i løpet av fem år. Det er eit snitt på 18 om dagen, og eg syns ikkje det er reint lite, eg. Det er mange som leser bloggen og som aldri kommenterer, og det har vore folk frå heile verda innom berre sidan juli i fjor:

Dei grøne landa har det vore besøk frå. Jo mørkare, desto fleire besøkande.
ScreenHunter_01 Mar. 13 23.14

 

Eg har ikkje berre blogga om når det går godt, for det fins så mange godværsbloggar rundt om på nett. Det er tross alt flest kvardagar her i livet, og det er dei som ER livet. Då eg gjekk på gymnaset, hadde eg ei fantastisk lærerinne eg alltid hadde beundra. Ho var (og er framleis) vakker og strålande og hadde ein fantastisk energi rundt seg, og var alltid så smilande og blid og utadvendt. Eg hadde det ikkje slik på den tida, eg stod på terskelen til vaksenlivet, og misunte henne sjølvsikkerheten ho alltid hadde. Så var eg så heldig at eg fekk bli betre kjent med henne, og ho kunne då fortelje meg at ho aldeles ikkje alltid kjende seg så sjølvsikker og vellykka. Dette var ei slik skjellsetjande erfaring for meg, at eg sidan då har tenkt attende på dei åra som særs viktige i forhold til kven eg vaks opp til å verta. Fram til då trudde eg at slik folk såg ut til å ha det, det var slik dei hadde det. Sånn er det jo ikkje i det heile, og sidan då har det vore viktig for meg å vise til andre at ikkje alt er like perfekt som det ser ut til.. Alle har sine ting dei ikkje får til, og når ein stort sett viser fram til andre det ein FÅR til, kan biletet bli skeivt.

Ein kan raskt kjenne seg utilstrekkelig når ein går rundt og trur at alle andre får til alt ein sjølv ikkje klarer på ein god dag eingong, og difor er det eg skriv om slikt ein gjerne ikkje nødvendigvis skryter av, som her i dette innlegget om kvifor det går så seint framover for Emil og meg. Dette er nok eit ærleg innlegg, men det kosta ein del å publisere det, det skal eg innrømme. Meeeen, det gjorde godt å publisere det, og eg fekk ei anna ro i sjela etterpå. Sjølvsagt skulle eg helst sett at ting var annleis, men dei er ikkje det, så då får eg gjer det beste eg kan ut i frå korleis det ER.

Men nå babler eg :-) Og det skal eg jo ikkje.

Fem år med blogging, altså, og eg håpar det blir mange fleire! Blogging er kjekt, det er ein fin måte å halde (hunde)vener og familie oppdatert på kva som skjer,  både med ord og film og bilete :-) Og nå har eg fått meg nytt kompaktkamera, så nå kan det bli filmsnuttar igjen :-)

Tusen tusen takk til alle som leser bloggen og som kommenterer!!  Det er like kjekt kvar gong det tikkar inn ein kommentar! :-)

12 kommentarer:

  1. Gratulerer med jubileum! Er kjempekjekt og til tider ganske så rørende å følge med her inne. Lærerikt. I tillegg er du jo så flink å kommentere og hjelpe andre i sine blogger - TUSEN TAKK - regner med du fortsetter i samme stil i mange år til!

    SvarSlett
  2. Gratulerer så masse til bloggen :) Flott blogg, nydelige hunder og en herlig blogger! Gleder oss til å lese mer i årene som kommer!

    Klem fra oss

    SvarSlett
  3. Å, kjære deg, Kari Anne !!! Jeg får klump i halsen ! Jeg husker diktene dine. Og sårbarheten. BEGGES sårbarhet ! Og samtalene. Og åpenheten din ! Og så husker du etter så mange år !

    Nå ble jeg utrolig, utrolig glad. Og vemodig !

    Og gratulerer med blogg som jeg skal følge heretter, - selv om jeg ikke liker hunder. :)

    Jeg gjentar: Kvinner og katter gjør som de vil. Det må menn og hunder bare finne seg i"

    SvarSlett
  4. Nå var det eg som fekk tårer i augene.. Klart eg hugsar! Du ga meg så uendeleg mykje meir enn eg trur du ante den gongen, du SÅG meg. Du såg meg, og viste meg på mange måtar at den eg var, var god nok :-) Tusen takk!!!

    SvarSlett
  5. DETTE er verdt heile lærargjerninga mi ! Takk igjen til deg !

    (. . og slik kan vi fortsetje )

    SvarSlett
  6. Gerd Marit,
    Tusen takk for fine ord! Du er også flink til å kommentere, og det er også veldig veldig kjekt å følge deg og Cora.. Eg huske ikkje alltid alle fra alle kursa, men deg husker eg heilt frå teorikvelden på kvalpekurset :-)

    Carita,
    Eg blir heilt smigra, eg :-)
    Eg skulle jo ønske at du også hadde blogga, dah.. Eg hadde vore den mest trufaste lesaren EVER! ;-)

    Heldigvis ikkje lenge te eg ser dåkken igjen nå, deg og Oliver, dåkken er djupt sakna av både meg og Emil :-)

    SvarSlett
  7. ååhhh, takk :) - tar det som noe positivt jeg - og ikke at jeg satte meg fast i hukommelsen for noe annet :)(hi-hi)

    SvarSlett
  8. Hei!
    Gratulerer med dagen - det hender jeg er innom bloggen din - du er imponerede flink til å blogge!

    Har fått med meg at du er blitt "sørlending", så kanskje vi møtes? Vi flytter sørover i mai :-)

    SvarSlett
  9. Kristin,
    Koselig med kommentar fra deg :-) Takk for fine ord!

    Kor då på Sørlandet? Har dåkken kjøpt hus også?

    SvarSlett
  10. Jeg har fått jobb i Vest-Agder fylkeskommune (Kr.sand), og skal begynne der 10 mai. Vi har ikke kjøpt hus ennå, men det blir IKKE i sentrum :) - vi vil ha stor usjenert hage, og kort vei til turområder!

    Vi har hytte på Birkeland, og derfor har vi ikke panikk i forhold til kjøp...

    SvarSlett
  11. Eg jobba også på VAF då me flytta ned hit :-) På fakturamottak :-)

    Ikke i sentrum, og med stor usjenert hage med nærhet til turområder er jo ikkje så vanskelig å finne her nede til ein overkommelig pris, så dåkken får ha lykke til med husleiting og sånt :-)

    SvarSlett
  12. Gratulerer så mykje med jubileumet, skjønnas! :) Klæm!

    SvarSlett