mandag, august 01, 2011

Sommar, sol og varme dagar

Dei siste par vekene har vore fine og varme, her på det blide Sørlandet. Eit par dagar med øs pøs regn- og tordenvær har det vore, men det har berre vore greit. Då slepp me å vatne urner og planter.

For ei veke sidan kom husvertane våre frå Vistnes på besøk, og Emil oppførte seg som om han aldri hadde sett folk før. Han knurra og busta på besøket, og klarte ikkje heilt å slappe av i lag med dei. Han fekk vera i buret medan dei var her, og eg hadde han ute eit par gonger for å sjå om han hadde vent seg til dei. Men han var framleis usikker på dei, så då fekk han gå inn i buret att. Han sovna der, så han slappa i alle fall av.

Etter den kvelden har eg sett litt mørkt på det heile, og har tenkt at eg har fått endå ein hund som er redd folk. Endå ein hund å passe på og gå med skuldrene som øyrevarmarar, endå ein hund å setje på radaren for, ein som ville bjeffe og buste og knurre på folk i resten av hans levetid. Endå ein hund å føle seg mislukka i lag med. Nye år med å misunne andre som kan ha hunden sin med seg blant folk og slappe av.

Samtidig har det vore veldig veldig varmt om dagane, så eg har ikkje ville sette han i bilen og køyre for å trene.

Så er det slik at nabojentene (hvis ein kan kalle det naboar når dei bur 450 meter unna)   har gått forbi huset vårt kvar dag, gjerne ein gong på føremiddagen og ein gong på ettermiddagen for å bade i Fiskelausvatn, og kvar gong dei har gått forbi, har Emil brølbjeffa. Eg har difor følt meg nokså fanga, i og med at eg ikkje alltid veit om dei har vore innover eller ikkje, og har ikkje vågd å gå innover for å gå tur med Emil. Han har derimot fått nokre feltsøk ute på myra etter at sola har gått ned for kvelden, så han har ikkje måtte vera HEILT i ro, altså Smilefjes 

I dag hadde eg derimot bestemt meg for å bade i lag med han, og var heilt sikker på at badejentene hadde gått heim for kvelden. Eg hadde han likevel i band, noko han aldeles ikkje er van med, så me brukte laaaaang tid inn vegen. Då eg kom til bakken, høyrde eg at jentene framleis var der, og vurderte å snu, men fant ut at hvis han begynte å bjeffe, skulle eg bare gå vidare og late som om me ikkje skulle bade i det heile tatt.

Han var ganske rolig og fin til han på tur å vera, så me vågde oss på å svinge av ved badeplassen og spørje jentene om det var varmt. Det var det, sa dei, og Emil var framleis rolig og badelysten.

IMAG00038
Me satte oss ned på fjellet og venta på at dei skulle bade ferdig, men det varte og rakk, og Emil blei meir og meir badesjuk. Han byrja å pipe, og då sa jentene at han bare måtte få komme uti. Eg advarte om at han var veldig glad i å bade, men det var heilt greit, sjølvsagt måtte han få bade.. Eg heiv ei kongle uti til han, og han hoppa uti som han jo plar gjera, noko som resulterte i beundrande tilrop og latter. Ei av jentene spurde om ho kunne få hive ei kongle til han, og den fann han ikkje med ein gong. Då ba eg han gå ut og leite, og han gjorde det, og då blei dei endå meir imponerte!

Då dei endeleg kom seg heimover, var det min tur til å bade. Det var så lunka, at eg kom meg på svøm på omtrent to minutter, og eg plar aldri bruke mindre enn eit kvarter på liknande bragder! eg svømte utover, og Emil kom etter. Han var litt forfjamsa over at eg var i vatnet, for dette er første gong eg har bada i lag med han, men vende seg raskt til det. Me svømte om kapp, og han vant med mange hundelengder.
Det var ganske eiendommelig å sjå han hoppe uti vatnet MOT meg, og eg skulle ønske eg hadde hatt vanntett kamera med meg, for han var såååååå nydeleg, sånn heilt objektivt sett, sjølvsagt!

På veg heim fekk eg eit lite håp om at han kanskje berre er inne i ein rar periode, og ikkje kjem til å forbli knurrebjeffebustehunden eg frykter. Han har reagert VELDIG på den eine markisa vår i det siste, og det fins tydelegvis også skumle buskar, paraplyar og urner rundt huset her. Men det raraste er nok denne markisa, for han går forbi TO andre markiser, berre for å busteknurrebjeffe på den tredje. Snodig hund, det der.

Sånn ellers driver me og trener på signalkontroll på sitt, dekk og stå, og det er noko hekkans blæh å trene på, så eg veit ikkje heilt korleis det vil gå med den leksa til Elitesamlinga om ein månad.

Heilt til slutt kjem nokre bilete frå då Carita og Oliver var her i juni. Me har endeleg funne ledningen til kameraet til Vetle, så nå fekk eg overført dei bileta til dataen Smilefjes

DSC01517bDSC01519b
Emil har lært seg å vente tålmodig i band sidan i fjor sommar!

 

DSC01528bImage1
Oliver og Carita konsentrerer seg om vippa.

DSC01549bDSC01555b 
Emil kan både sitja og stå på vippa.

3 kommentarer:

  1. Hei Kari Anne.Jeg er skikkelig imponert over bloggen din. Særlig det at du deler erfaringer på godt og vondt.Den ærligheten skaper tillit. Takk også for de gode, nyttige innspillene du har gitt meg i forhold til Kairos.Lenge siden nå, forresten! Men vi møtes vel iallefall på passeringskurs?

    mvh Hilde M.N.

    SvarSlett
  2. Å det virker som ein idyllisk plass du har flytta til :)

    SvarSlett
  3. For ein koselig kommentar å få, Hilde! :-) Joda, me treffes på passeringskurset, og eg er veldig spent på koss det vil gå med både Kairos og Emil der :-) Ikkje lenge igjen nå! :-)


    Gunn, ja, idyll er her nok av, det kan eg love deg. Minus flåtten er det perfekt! Bading og blåbær på sommaren og hausten, og skøyter og ski på vinteren. Pøøøørfect ;-)

    SvarSlett