Eg hadde vel knapt trudd eg skulle skrive dette innlegget då eg i fjor posta dette på hennar 5-års dag: http://kariannesinblogg.blogspot.com/2010/07/ayla-5-ar-i-dag-litt-tilbakeblikk.html
Då trudde eg oppriktig at ho ikkje ville halde så lenge som til 6 årsdagen sin, men jammen er Gullet mitt her endå.
I løpet av året som er gått, har ho blitt litt betre i bakbeinet, men i januar fekk ho Calcinosis Cutis, og måtte slutte på kortison. I staden får ho no smertestillande (Previcox) som ho får ein tablett i månaden av, og som kostar 536 kroner for to tablettar! Men då har ho jo for to månader, så det blir likevel ikkje SÅ dyrt. Dette ser ut til å fungere fint for henne enn så lenge.
Etter at CC var ferdig behandla, har ho framleis store område på ryggen som er dekka av denne tjukke, harde huda, men det ser ikkje ut til å plage henne nevneverdig. Dei siste par månadane har ho fått mykje betre humør, og leiker og herjer med Emil mange gonger til dagen. Det har ho vel eigentleg aldri gjort før.
Eg lar henne springe og styre på som ho vil sjølv, og skulle ho bli halt igjen nå, vil me nok måtte ta den tyngste turen til veterinæren med henne. Operasjon er jo utelukka, i og med at ho har skada korsband på begge sider, og anna behandling veit eg ikkje om.
Trening blir det lite av, for ho er ikkje glad i sette seg. Ho har fått ganske slakke tøylar det siste året, og det har resultert i et rottweilertryne med selektiv hørsel. “Hæ? Ropte du? Hæ? Eg høyrer ikkje… Vent litt, skal bare ete ferdig denne katteskiten, og så tisse og så snuse og så nåke aent som eg ikkje heilt har klart føre meg endå, og SÅ skal eg komme til deg.” Jadda, ho er så skjønn, atte
Av besøkande me har hatt det siste året, er det berre eit par-tre gonger ho ikkje har fått helse på. Men når ho har fått helse på, har ho smilt og sleika og logra mot høgre, og latt seg klemme og kose med og klø på og kost seg! Ho har ved ein anledning måtte kontrollere ved bjeffing, og det
var på far til Vetle. Han har alltid vore litt ukontrollerbar, tykkjer Ayla, men om han sit i ro, går det stort sett greit. Mor til Vetle utløyser eit gledeshysteri utan sidestykke, og det blir hyling og uling og smiling og piping og bjeffing og ho oppfører seg generelt lite elegant. Herleg å sjå på!Planar framover blir som i fjor. Helsa til Ayla står i første rekke. Eg er klar over at ho er her på overtid, så eg nyter kvar dag eg får med henne.
Eg har fått eit par kommentarer som går på at om ikkje ein hund er frisk nok til å vera med på ein lenger tur, er det ikkje noko liv laga for denne hunden. Altså, hint om at Ayla ikkje har det bra nok til å leve. Me går fleire korte turar om dagen, og så lenge ho leikar og kosar seg slik med Emil og kattane, både inviterer til leik – og lar seg invitere, så lenge ho et godt, og er i humør, tykkjer eg absolutt ho har det godt nok til å fortsetja å leve.
I går kom det bursdagskort i postkassa, må vite, og det var frå Farmor Så koseleg!!
Nei, seks år er ingen alder for ein rottweiler, og sidan den forrige rottweileren min heller ikkje nådde å bli eldre enn 6 år og 7 månadar (pga Osteosarchom, eller kreft i beinet), er det tvilsomt at eg vil prøve meg på ein ny rottweiler igjen, sjølv om det er min absolutte favorittrase nokonsinne!
Gratulerer så mykje! Æ heie på Ayla! :)
SvarSlettDet gjer me også! :-)
SvarSlettSå kjekt! Gratulerer med dagen! :-) Renate
SvarSlettGratulerer med dagen!
SvarSlettGratulerer så mye med dagen til nydelige Ayla :-)
SvarSlettSå bra at dere har funnet noe som fungere på smertene, krysser fingre for at dere får flere gode år sammen.
Høres ut som Ayla fortsatt har et flott og verdig liv hos dere Kari Anne. Ser fram til å lese om 7 års dagen hennes :)
SvarSlettÅ, tusen takk for fine ord, Ghita :-) Tenk om DET skjer, du! Sju år!! Tør eg å håpe?
SvarSlettMonica,
SvarSlettJa, det hadde vore kjekt med fleire år i lag, og det går jo litt opp og ned, så kanskje kanskje kanskje :-)
Evy og Renate,
SvarSlettTusen takk for gratulasjonar, med Ayla er det spesielt kjekt ;-)
Ikke ha et bra liv fordi man ikke kan gå lange turer? Betyr det at tidligere veldig aktive mennsker heller ikke har det bra fordet om de blir dårliger og må ta det med ro? Det tror jeg individet selv må få bestemme, og ikke de rundt...
SvarSlettDet som er spesielt med hunder er jo at det er eier som må bestemme det. Og tror en god hundeeier at hunden har det bra selv om en må gå kortere turer framfor lengre turer, ja så tror jeg den hundeeieren har helt rett!
Min Gaya måtte gå korte turer på slutten hun også. Det var ikke det at vi måtte gå korte turer som gjorde at hun ble avliva! Jeg sa stopp da hun ikke kunne gå tur i det hele tatt, selv om humøret hennes for så vidt var godt. Det er mitt valg. Ikke vet jeg om jeg ville valgt likt i dag heller, kanskje skulle hun sluppet før, kanskje ikke. Men jeg er HELT sikker på at akkurat i den situasjonen var det rett å gjør det akkurat da.
Gled deg med og over hunden din så lenge du kan - det fortjener dere begge! =)
Å, det var fiiiine ord, Merete! :-)
SvarSlettMine tankar om når tida er inne, går nok ut på mykje av det same du fortel om. Slik var det med Joey i 2009, og slik var det med Tinka i 2003. Når dei har store smerter til tross for smertestillande, og/eller mister lysta til å gjer daglegdagse saker og ting, då tykkjer eg tida er inne for eit verdig farvel.
Og når det er sagt, NYTER eg kvar dag eg får ha henne her! :-)
Hei Kari Anne. Jeg har nå tittet litt på bloggen din og ser at søte Ayla har akkurat samme problem som min hund Toya. Jeg lurte på om det var mulig å komme i kontakt med deg og høre litt hva dere har gjort, hvordan det går i dag osv. Vi prøver alt, men det hadde vært fint å høre litt fra deg hvordan det har gått med Ayla. Det hadde vært kjempe fint om du kunne sende en mail på: reanairan@hotmail.com eller om det er mulig å nå deg på telefon. Håper Ayla er mye bedre den dag i dag.
SvarSlettMed vennlig hilsen Reana Iran