torsdag, september 08, 2011

Filmar..

Her er det velsigna lite som skjer for tida. Eg har vore tvungen til å halde meg inn ei heil veke frå og med forrige passeringskurskveld på grunn av sjukdom, så det einaste som har skjedd for hundane er godbitsøk på plenen og Emil har fått springe på myra.

Dei to siste kurskveldane har gått bra. Siste kvelden skjedde noko nytt, nemlig at han peip då han såg ein annan hund i staden for å brumme!
Kvelden blei dessutan ekstra lærerik fordi det var fleire nye figuranthundar og desse var langt meir interessante enn tidlegare hundar på kurset. Eg fekk difor mykje trening i å håndtere situasjonar, og det var nyttig.  Været siste kvelden var VELDIG vått, og regntøyet mitt holdt ikkje tett den timen kurset varte. På veg heim stoppa me innom svigermor, og denne gongen gjekk det endå betre for Emil opp trappene. Han kjem seg!! Smilefjes

Dei siste dagane har det vore fantastisk haustvær her ved Ydstetjønn, og me har vore på eit par fantastiske turar!
Den første fekk Ayla også vera med, og var veldig gira og oppglødd og hadde vanskeleg for å la Emil herje i fred. Ho måtte difor gå nokre strekker i band, men stort sett gjekk ho også laus.

Picnic i skogen

På slutten av filmen kjem ei overrasking  Smilefjes som blunker

 

I dag måtte Ayla bli heime, slik at eg og Emil kunne utforske naturen rundt oss utan å tenke på om ho ville klare hindringane.
Eg pakka med meg niste og te, og rusla ut or tomta – uviss på kor me ville ende opp.
Først fulgte me grusvegen inn til bakketoppen, og der skeina me oppover i skogen. Det gjekk sti der dei ti første meterane, og så forsvant den ut i intet.  Derifrå var det tuer, djupe traktorspor, buskar, etterlatenskaper etter skoging, store pyttar, bratte bakkar – men med ein haug kvilestubbar å velja mellom når eg måtte ha ein pause.

Emil forsvant for meg fleire gonger, men eg kalla ikkje på han. Eg syns det var heilt ok at han utforska litt på eiga hand, for han er generelt ikkje så sjølvstendig som han var i dag.
Det var eit veldig tungt terreng å gå tur i, men turen var heilt fantastisk! Mobilen måtte til lading, så den låg heime, og det skal eg aldri gjera når eg er på utforskningstur, for kva om eg hadde knekt foten der oppe?? Vetle visste ikkje kor me var, og han var dessutan ikkje venta heim før i åttetida… Og i år som i fjor får eg lettare panikk ved tanken på at folk fra DIO6 skulle måtte leite etter meg… Ikkje fordi eg er redd for at dei ikkje vil finne meg, for det VEIT eg at dei hadde klart, men gu, kor pinlig det hadde vore!!!!

Turen varte i nesten tre timar, og etter ca to timar i ulendt terreng, satte Emil seg faktisk ned medan eg kikka etter kor eg skulle gå! Det har ALDRI før skjedd!!

Her kjem ei kort oppsummering av turen:

Langtur



 

Eg veit eg er subjektiv når eg seier det, men han er NYDELEG!!!!
SAM_1848

2 kommentarer: