tirsdag, januar 25, 2011

Ayla og rar hud, og stresset hos Emil.

Me fekk filma dei første minuttene av korleis Emil ser ut når han kjem ut or bilen. Denne gongen var me nede ved Tveit Dyreklinikk, der me var og gjekk utanfor gjerdet like over nyttår i år. Slik som dette ser det ut:

 

Heilt elektrisk, altså.. og HØØØØGT oppe...

_______________________________________

Før helga la eg merke til at pelsen til Ayla sto opp litt i folder på ryggen. Då eg undersøkte, kjente eg at det var hard hud der, og det kjentes klumpete ut. Først  tenkte eg at det kanskje kunne vera ein reaksjon på noko ho hadde ete og at det difor ville gå over snart. Fredags ettermiddag syns eg det hadde blitt litt verre, så eg bestilte tid hjå dyrlegen på mandags ettermiddag.

Då mandags ettermiddag kom, var eg veldig glad me hadde fått oss time, for ho blei verre over helga. Eg fann meir av denne harde klumpete huda oppe ved halsen. Området var då ca 20x40 cm totalt.
Veterinæren tok ein rask kikk inn i pelsen og konstaterte betente hårsekker. Superfisiell follikulitt, på godt norsk. Me fekk ein shampo som skulle brukast to gonger i veka, og så time for ny kontroll om tre veker. Grunnen til denne betennelsen var nok at kortisonen har svekka immunsystemet hennar... stakkars gullet mitt...

Eg spurte også om kva som kunne vera årsaka til at Ayla har sunke så inn i ansiktet.. Det ser ut som om beina stikker meir ut, men det er visst tyggemusklane som visner hen. Veterinæren kunne ikkje seie noko om årsaka, men ho blei veldig interessert, fordi dei nettopp hadde hatt ein annan hund inne med like symptomer. Det første bildet under er tatt i august 2009, det andre 13 månadar seinare. Det ser nesten ikkje ut som om det er same hunden, tykkjer eg..

August 2009 bDSC08904 

 

Og så til noko langt hyggeligare:
Vetle har laga ei justerbar agilityvippe til meg, og eg var jo på kurs med Ayla i forfjor. Då ville ho ikkje over vippa om det smalt! Me måtte legge den flatt på bakken, og då fekk eg til slutt klikka henne over.
I går, då Vetle var ferdig med den, prøvde me ein gong med begge hundane, men ingen av dei ville over.
I dag gjekk eg ut igjen, og trur du pinadø ikkje Ayla klarte det! På det lågaste hakket, men ho gjekk over, lot vippa smelle i bakken, og gjekk nokonlunde roleg og konsentrert av igjen :-)

7 kommentarer:

  1. Så gøy at Ayla klarte vippa:), og at det ikke var noe alvorlig:) Og du er så flink til å ta tak i problemene og trene på de!

    SvarSlett
  2. Kan dette være noe for dere??
    http://championofmyheart.com/relaxation-protocol-mp3-files/

    Syntes dere er veldig flinke Kari- Anne!!

    SvarSlett
  3. Evy,
    Det var kjempekjekt at ho klarte den, og ho er jo så stolt og glad når ho får jobbe :-)

    Nina,
    Hehe... har du funnet linken via Manimal eller Hund i Fokus?
    Eg posta den nemlig FB for ca ei veke sidan, og så delte først Gry den via Manimal, og så Hund i Fokus like etterpå :-)

    Og ja, eg har tenkt å begynne på den når eg kjem heim frå dommarseminaret i Oslo i helga. Eg har lasta alle filene ned til dataen, og skal putte dei inn på iPoden og sette igong :-)

    SvarSlett
  4. Åhååå var det du som fant den i utgangspunktet?! Den virker veldig fin!
    Ja der ser du :D
    Hvorfor er ikke vi venner egentlig? :)

    Den dukket opp på veggen min via Manimal!

    Kos deg på dommerseminar!

    SvarSlett
  5. Dette så jo ikkje så galt ut Kari Anne. Jeg ser en litt vilter og glad unghund (jaktlabber har litt futt i beina...)som gjerne vil både se/oppleve det rundt seg, samtidig som han vil ha godbitene i lommen din.
    Hva skjer hvis du ikke klikker/belønner i denne situasjonen?

    Han ligner litt på Isi hvis jeg går med godbiter i lommen på tur... Då hoppe hu rundt meg og går ikke mer enn 5 m fra meg. Derfor har jeg ikke godbiter i lommen på tur, kun når me trene ;-)

    Men trene du her eller er du på tur?

    SvarSlett
  6. Tone,
    Hvis eg ikkje belønner, låser han seg på dei andre hundane og begynner å brumme og bjeffe og buste. Når me går tur i skogen, f.eks, og laus, går han heilt normalt sjølv om eg har aldri så gode godbitar med meg.

    I denne situasjonen er eg ute på å snu følelsane hans når han ser andre hundar mens han er i bånd.

    SvarSlett
  7. Ok, da er det en treningssituasjon ja.

    Ser jo ut til at det går rette veien dette, for det virket ikke være mye brumming osv her :-)

    SvarSlett