torsdag, mars 30, 2006

30. mars Vår første cavalettitrening!!


Kom heim i dag med ørten printa ark og ny glød i blikket. Stoppa innom Montèr og kjøpte plank som ein kjekk mann sagde opp for meg. Rart kva som blir gjort når ein berre blunkar litt med augene. :-)

Etter at middagen var unnagjort, var det rett ut. Joey måtte inn på rommet, og Vetle måtte også vera med ut for å dokumentere og sjå kor flinke me var. La først ut tre pinnar, og ho stega fint over dei. Eg gjekk over ein del gonger før me la på ein fjerde. Så vart eg overmodig og la på seks, men det gjekk, det også. Ho stega fint utom dei. Så tok eg pause. Når me skulle byrja igjen, måtte eg ned til fire, så fem, så seks. Andre økt auka me til ti pinnar. Etter ein del att og fram begynte eg å avbryte om ho trakka på ein pinne, og så auka eg farten litt. Ho slo rett over i pass. Blæh! Gjekk ned til seks pinnar igjen og auka farten der. Pass. Dobbeltblæh!! S

å sette eg plankane på høgkant. Trav!! Juhuu!

Auka ikkje meir, og konsentrerte meg heller om å klikke for travinga, så når me slapp opp for pinnar, fortsette eg berre. Gud, for nokre rørsler i den hunden!!! Smelt, altså!!

No har me kome inn, og mor skal ha seg ein kopp te før me byrjar på oppstillingstrening. Dette skal nok gå fint, ja! :-) Framleis ni dagar att, og det er jo berre kvalpeshow, men det er også god trening for oss ferskingar!!

Tusen takk for tipset, Åse!!

30. mars. Det begynner å nærme seg utstilling..

Det begynner å nærme seg utstilling...

Det begynner å nærme seg utstilling, og eg får ikkje Ayla til å trave skikkelig. I kveld har eg ikkje fått trent pga årsmøte i NRH, men skal få prøvd litt i morgon kveld.Fredag skal eg til kollega og trene på tannvisning, og krysser fingrane for at det går greit. Eg får bare klikke masse når han kommer mot henne, og be han ikkje tenke sjølv, men gjer nøyaktig det eg seier til han. :-)
Har fått trent litt meir på bakpartskontroll, og dekk fra marsj og sitt fra marsj (alt baklengs, sjølvsagt), og det kommer seg veldig.Har ikkje vågd meg på apporttrening endå, for det frykter eg at eg ikkje kjem til å få til. Lørdag blir det tid til trening igjen, og søndag skal me treffe Anne Karin og Shaylee for å trene til utstillingen.Problemet mitt er at det virker ikkje som om ho skjønar at eg klikker for travinga. Og ingen har konkrete råd å komme med, heller.

Dei råda eg HAR fått, har eg prøvd - uten at det har forandra noko.Jaja.. ho får berre sjå ut som ein vraltegris, då.

søndag, mars 19, 2006

Første klikkertrenerhelg. Søndag

Dag 2, oppsummering

Begynte dagen inne, og gjekk gjennom dei 19 grunnferdighetene.
Gjekk ut rett rundt tolv.

Me skulle vera to og to, og eg skulle trene saman med Hedvig.
Eg trente kontakt, sitt, sitt u/marsj, dekk, rygging, targetmatte, targetstick, og så trente me på utfalla til Ayla.
Det gjorde me på den måten at eg fekk kontakt med henne, og klikka som tusan mens ein og ein gjekk i spiral rundt oss til dei var heilt nære oss. Eg brukte også Hedvig som target, forresten, og det gjekk så det suste!

Me var ute til rett over tre, og gjekk inn igjen og hadde oppsummering.

Denne dagen var været heilt topp, med masse sol og mildt!



Husk:

* Hold kjeft!
* Hold hånda vekke fra lomma!
* Veksle på godbitane
* Generaliser!!!
* Stå i ro
* 80% regelen!
* Bruk latenstid

lørdag, mars 18, 2006

Første klikkertrenerhelg. Lørdag.

Dag 1, oppsummering.
Desse går kurs: Siv, Wenche, Eli, Hedvig, Tove, Kari Anne.

Me begynte med teori inne, om dei fire krava, innlæringsveien, dei fire konsekvensene, analyse, og dei fire hemmelighetene

Den første økta ute begynte med at Ayla gjorde utfall mot Tove. Motlaus tok eg Ayla med meg vekk fra dei andre og begynte å trene kontakt. Og dette gjekk fint. Eg kunne trene nærmare og nærmare dei andre før pause.

Andre uteøkta gjekk det gale igjen, då ein mann kom bort til oss. Ayla gjorde utfall igjen, og eg reagerte heilt feil med å prøve å få kontakt med henne og pratet til henne og sånt. Lågt blodsukker, kokt i toppen i tillegg til litt prestasjonsangst, så måtte det gå som det gjekk. Dessuten har eg ikkje lyst på ti nye år med ein hund som gjer utfall mot forbipasserande.

Me snakka om det, og eg fekk mange gode og hjelpsomme tips. Me skulle egentlig trene på dette på slutten av dagen, men eg lot med vilje vera å minne dei på det. Eg var for sliten i både kropp og sinn.

Etter matpausen hadde me kun teori, så etter endt kursdag tok eg ut Ayla fra bilen og trente litt kontakt.
Køyrde heim og trente litt heimelekse som gjekk heilt fint. Heimelekse var sitt og dra forsiktig i bandet, og ligg og dra forsiktig i bandet.

Me har begynt å la Ayla setja seg før me går ut dørene. Det ser ut til å fungere heilt flott. Me må bare vera konsekvente.

tirsdag, mars 14, 2006

Samandrag fra september 05 til mars 06.


Her starter altså bloggen om min og Ayla sin vei mot det ultimate hundeliv.

Ayla er født 27. juli 2005 og kom til oss på min 32-års dag, 18. september 2005.
Me begynte klikkertrening fra dag to, faktisk, og leste artiklar på nett og kjøpte
dvd som skulle hjelpe oss på vei mot rein klikkertrening.

Då Ayla var elleve veker, var me med på vår første trening med NRH Rogaland , og syns dette var skrekkeleg kjekt! Ayla rundslikka alle som helste på henne, og alt var bare stas!
På et eller annet tidspunkt fekk Ayla det for seg at visse folk ikkje var så kule, og då spesielt ei dame som hadde stooort hår og som satte seg ned på golvet og veifta med håret og lagde bjeffelydar. Eg blei nok like paff som Ayla, men fekk sagt frå til slutt at ho (dama, altså) måtte reise seg opp og ikkje skremme livskiten av kvalpen.

Etter dette blei det litt skummelt å helse på folk, men det gjekk.

Så meldte me oss på nåke eg vil kalle kvalpekurs i klikking på Fokus Hundeskole her i området, og det ga
verkeleg meirsmak angåande klikkertrening! Der blei me bl.a kjent med Anne Karin og Shaylee som me nå i seinare tid har begynt å trene samen med.

Så, i romjula, fekk Ayla kennelhoste, og måtte halde seg heime. Joey (pointer/labradormix på 10 år) fekk det også, og det satt hardare i for han. I slutten av januar var han også heilt frisk igjen, og me kunne begynne å bevege oss ute blant andre igjen.

Drog opp til utstillingen i Ølen, og helste på masse folk der. Ayla stod og tjuvslikka hendene til alle som gjekk forbi oss, og samtlige blei sjarmerte av den blide rottweileren. :-) Møte med andre hundar gjekk også greit, til tross for at eigarane trur at ho flekker tenner. Me kallar det å smile, og syns det er skrekkelig søtt når ho gjer det.

Så var det endelig tid for å dra til Grimstad på klikkerTRENERutdanning!

Joey hater å kjøre bil, og skulle egentlig vore hos Tante (søster mi), men Happy (dvergpuddel) hadde løpetid, så det var ikkje så ideelt. Tida var komen for å få hundane i bilen fredag 17. mars. Joey skjønte kva han skulle, og pilte til inngongsdøra og stod der og skalv. Så fekk eg han med meg til bakluka av bilen, og sa at han skulle hoppe inn i bilen. Han kom så langt at han hadde frambeina oppi bilen, og så stakk han til døra igjen.

Hjarta mitt blødde for han, men eg ville heller ha han med meg enn å sette han på kennel, og eg visste jo at han ville like å treffe svigermor igjen.

Han gjekk inni til slutt av seg sjølv, men eg måtte bli bestemt i stemmen. Han blir fort slik at så snart han høyrer snev av omsorg i stemmen min, blir han skikkelig pysete og skjelver og ser stakkarslig ut.

Fem og ein halv time seinare var me framme hos svigermor i Grimstad. Ayla smilte for harde livet, og Joey kraup omtrent oppi "Farmor".

Treningshelga får eigen føring.