torsdag, mars 30, 2006

30. mars Vår første cavalettitrening!!


Kom heim i dag med ørten printa ark og ny glød i blikket. Stoppa innom Montèr og kjøpte plank som ein kjekk mann sagde opp for meg. Rart kva som blir gjort når ein berre blunkar litt med augene. :-)

Etter at middagen var unnagjort, var det rett ut. Joey måtte inn på rommet, og Vetle måtte også vera med ut for å dokumentere og sjå kor flinke me var. La først ut tre pinnar, og ho stega fint over dei. Eg gjekk over ein del gonger før me la på ein fjerde. Så vart eg overmodig og la på seks, men det gjekk, det også. Ho stega fint utom dei. Så tok eg pause. Når me skulle byrja igjen, måtte eg ned til fire, så fem, så seks. Andre økt auka me til ti pinnar. Etter ein del att og fram begynte eg å avbryte om ho trakka på ein pinne, og så auka eg farten litt. Ho slo rett over i pass. Blæh! Gjekk ned til seks pinnar igjen og auka farten der. Pass. Dobbeltblæh!! S

å sette eg plankane på høgkant. Trav!! Juhuu!

Auka ikkje meir, og konsentrerte meg heller om å klikke for travinga, så når me slapp opp for pinnar, fortsette eg berre. Gud, for nokre rørsler i den hunden!!! Smelt, altså!!

No har me kome inn, og mor skal ha seg ein kopp te før me byrjar på oppstillingstrening. Dette skal nok gå fint, ja! :-) Framleis ni dagar att, og det er jo berre kvalpeshow, men det er også god trening for oss ferskingar!!

Tusen takk for tipset, Åse!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar