lørdag, desember 09, 2006

Tur på Bråstein med Vetle, Olaug, jentene og Swejsan.

Det var så fint vær i dag at me MÅTTE bare ta oss ein tur på Bråstein. Olaug og jentene ville også vera med, og det var så kjekt! :-)

Me møttest på parkeringsplassen og rusla innover.

Swejsan og Ayla sprang og koste seg i lag, og ensa mest ikkje dei andre hundane.
Me møtte på ei dame med rottweilertispe, og Ayla gjekk heilt bort til dama og dama klappa henne. Eg sa ingenting, og såg at Ayla lente seg inntil dama og syns det var heilt ok å bli kost med. Klikk til meg for at eg ikkje avbrøyt helsinga! :-)

Rottweilertispa og Ayla gjekk for å helse på ei lita vorstehertispe som kom gåande, og så begynte begge to å buldre og mobbe den nyankomne. Eg såg føre meg all verdens grusomme bilder påvirket av media, der to rottweilerar som kom samen dreper alt som krysser deira veg. Eg var skikkelig usikker på kva eg skulle gjera, men eg ville IKKJE gå inn i mølja og hente henne ut.

Det roa seg, og vorstehertispa blei plukka opp i armane av eigaren sin, noko som tirra dei to rottweilertispene, men då gjekk eg bort og tok Ayla roleg i halsbandet, og så var alt over.

Det høyres 100 gonger verre ut en det er, men eg var litt forbausa over at EG skulle vera så påvirka av media sin omtale av favorittrasen min... Hmm... betenkelig...

Resten av turen gjekk heilt fint, bortsett fra at ho kjefta på først ein skikkelig frekk og ufyselig amstaff-hann, og så ei innpåsliten rottweilertispe. Han med sistnevnte hund stod og klappa og snakka til hunden sin mens Ayla bjeffa på henne... Kjempelurt.. Det heile varte kanskje fem sekund og så var det over.

Må legge merke til om det helst er når Swejsan er med at ho skal tøffe seg, eller om ho generelt blir verre. Ho har ikkje kjefta slik før med mindre den andre hunden har gått bort til meg og fått kos.

Me gjekk nesten til endes, og traff ikkje så mange hundar til tross for det fine været.

Veldig fornøyd med at då det kom ein mann utan hund, kikka ho knapt på han før ho sprang vidare. Ingen busting, eller bjeffing, INGEN teikn til at ho syns han var skummel! Juhu!!

____________________________

Etterpå køyrde me og åt lunsj hjå Olaug og dei, og så hadde eg min første jamsession med Anders på piano og eg på saksofon (sjølvsagt). Eg og Olaug hadde også ein laaaang jamsession! Kjempekjekt!!!

2 kommentarer:

  1. Ja, det va faktisk kjempe kjekt. Eg glede meg te me ein gong kan sitta heilt aleina uten å ha andre (les: andre som er møøje flinkare på piano enn meg) der. =) må få te det snarast. eller hur?

    SvarSlett
  2. Ja, snarast. Heilt enig, sjølvsagt!

    Me må dessuten trena på å "synge med den stemmen me har", og ikkje bry oss om at andre er flinkare enn oss. Alle kan ikkje vær like flinke til alt, og me må ikkje la oss bli hindra av sånne ting. ;-)

    Santvel?

    SvarSlett