lørdag, august 18, 2007

Oppdatering fra ferie.

Ferien går greit, og det gjer også løpetida til Ayla så langt. Ho begynte å blø forrige fredag, så nå er det vel snart på tide å skilje Joey og Ayla om nettene. Han har ikkje mista apetitten endå, og lager heller ingen pipekonsert endå. Han har vore med på lange turar, og i går gjekk me i tre timar i ulendt terreng og tilbakela 4,4 km. Han var i fin form på kvelden, og ikkje noko stiv.

Eg har ikkje vore i sentrum og trent, så alle mine forsetter har blitt ganske så knust. Pytt pytt. Eg har ei veke igjen av ferien, og håper å klare å mote meg opp til å ta henne med opp i sentrum heime heller.

Eg har tenkt å skrive eit fullstendig samandrag frå ferien, og legge ut mange bilder. Ein av dei tinga eg undrar meg fælt på for tida er koss Ayla har lært å ga bak meg ned bakkar og skråningar. Eg har nemlig ikkje lært henne det.. :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar