tirsdag, august 28, 2007

Endelig mandagstrening igjen! Juhu!!

Stressa avgårde og rakk akkurat å feie inn på parkeringsplassen klokka seks. Bare for å sjå at eg var den einaste der. Ja, bortsett fra ein haug med ungar og ungdommar som holdt på med eit eller anna ved fotballplassen.
Veslemøy hadde sagt at den og den og kanskje den kom, så eg rekna jo halvveis med at eg ikkje skulle bli HEILT åleine, dah...

Klokka blei kvart over seks, og ti på halv sju, og motet sank for kvart minutt. Til slutt tenkte eg at eg fekk rusle heim, for eg gadd ikkje sitte der i bilen og vente heile kvelden, liksom...
Så fekk eg ein ide om at eg skulle sette grima på Ayla og rusle bortover mot ungdommane. Eg skulle halde meg på god avstand, og så skulle eg berre trene med grima på og bandet festa i halsbåndet.

Putta vestlomma full av pølser og henta mot der motet held til, og så tutla me oss bortover. Akkurat då skulle ein gjeng med seks-sju gutar herje seg mot oss, og panikken steig i meg. Eg stoppa opp, Ayla sette seg, og eg klikka jevnt. Ikkje maskingevær, men... Når gutane stoppa opp, stansa eg klikkinga. Ayla sat som ei gudinne og hadde blikket låst i augene mine. Eit par gonger kikka ho på gutane, men det varte ikkje lenge før eg hadde kontakten igjen. Dei nærmaste passerte bare 2 meter frå oss, og nervene mine låg nesten utpå meg akkurat då. Ho var litt hard i munnen, men ellers ok.

Så kom me endelig bort til fotballbanen. Der kom det ein ball trillande, og der det er ein ball, er der også ein unge som høyrer til. Guten kom springande frå banen, og Ayla tok umiddelbart kontakt med meg!

Deretter trente me litt target på ein stein som låg på bakken, og så kom det to jenter gåande forbi. Ho kom bort til meg og sette seg ved sida av meg til jentene hadde passert.

På vei tilbake til bilen, såg eg plutselig ein skikkelse eg kjende igjen: Solfrid! Ho tok ut hunden sin, ein liten schnauzer (?), og me sa ingenting til kvarandre. Dermed fekk eg passeringstrening på kjøpet! :-) Ayla var interessert i den litle, men ingen lyd og ingen bust. Laust band og fem-seks meters avstand. Deilig!

Etterkvart kom også Balder (7 mnd svart labrador) med folka sine, og Bente med Birk. Ayla fekk trent litt på å omgås ein framand mann og dame, kontakt midt blant folk, avstandsbelønning, skilje på min værsågod og andre sin værsågod, folk som passerte bak henne og som ikkje høyrte til oss, og sjå andre hundar uten å helse. Ho oppførte seg som ein heilt normal og vanlig hund, og det til tross for at ho er midt på det heitaste i løpetida. For ein deilig kveld! Og Bergansbuksa holdt meg varm og god med ullstillongs under!

Nå må eg bare skjerpe meg og begynne å trene konsentrert og konsekvent igjen. Kriterieplan, kanskje? Ugh, det røser i meg berre ved tanken! Loggføring? Usj... Men kanskje eg må ty til det..

Etter sånne kveldar er håpet stort om ein tilnærma normal hund.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar