onsdag, august 22, 2007

Oppdatering fra ferien. Veke to.

Me har gått mykje tur i ganske så ulendt terreng denne ferien, det blei til slutt fire spor, og dei kjem som nevnt i eit anna innlegg. Ayla har vore ein draum med jentene, og eg trur ho har hatt godt av klikkertreningspause i to veker.



Jepp, eg har faktisk ikkje så mykje som TATT i klikkeren på to veker. Det er rekord for meg, det.



Ho har likevel lært noko nytt, nemlig å gå bak meg i nedoverbakkar og på stader der stien er smal. Eg har faktisk ikkje gjort anna enn å gi henne frolic bak ryggen på dei plassene, og dei siste turane plasserte ho seg bak meg heilt av seg sjølv.

Ho har også vist at ho kan gå fint ved sida av barnevogn.

Og at ho vokter. Då Olaug og Lea kom på fredagen eskalerte voktinga til noko eg IKKJE ville orke å halde ut i lengda. Då bjeffa ho til og med på Olaug og Vetle dersom dei hadde f.eks vore på do, eller oppe på loftet, og sjølv om det bare var for ei kort stund dei var vekke. Eg holdt på å bli gal, og på kvelden måtte me til slutt sette henne inn på rommet deira. Då roa ho seg. Ho fekk dessuten LØPETID på fredagskvelden.



Etter at Olaug reiste, varte det ein dag til, og så var det tilbake slik det var til å begynne med.



Mandagen tok me oss ein tur ned til Arendal for å kjøpe tispetruse. Varm dag (det skulle vise seg å bli den siste den veka), så me var der ikkje lenge. Me stoppa innom ein fritidsbutikk og der klarte Vetle å overtale meg til å bare PRØVE ei Bergansbukse. Eg kjem vanligvis ikkje inn i slike bukser, men denne sat som om den var sydd til meg! Damestr!! Eg kjem oppi Bergansklær!! Juhu!!! Kjøpte den, eg, og Vetle spanderte Bergans fleecejakke for damer, så nå har eg jysla kjekke klær, altså! :-)





Ellers husker eg ikkje lenger kva me gjorde når, bortsett frå den fantastiske tretimarsturen me hadde på torsdagen. Joey var også med, og me SÅG knapt ein einaste sti på heile turen! 4,4 km med ørti meter stigning og nedstigning, bittelitt dråpar heilt på slutten, ellers sol.

Og sjølvsagt kanoturen. Den tradisjonsrike kanoturen på vatnet. I år høyrde me beverplask også, men me droppa badinga. Grilla på den vanlige plassen vår, og snakka om minner frå tidlegare kanoturar. For dei som ikkje allerede veit det, så var det på kanotur Vetle og eg møttes første gong etter å ha prata på nett i fleire mnd. Etter det har me tatt kanoturen om igjen kvart år, med nokre variantar. Fin tradisjon, syns eg. :-)



Elles fekk eg ikkje trent på det eg skulle med Ayla. Eg skulle jo liksom ta henne med meg ned til sentrum for å trene på å sjå folk utan å bjeffe, men dagane gjekk så fort, og me hadde så mykje anna å gjere!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar