torsdag, mai 22, 2008

Tid for ny kurshelg i Bergen.

Det blei ikkje kurs i bronsemerket, for det var for få påmeldte. Det kom to ekte mannfolk med kvar sin unghund, og me fekk nå trent litt den kvelden likevel. Dei skal samle saman ein gjeng, og når det er gjort, skulle eg komme tilbake. For eit område dei hadde fått seg, Collieklubben avd Rogaland! Ein bonde like ved har inngjerda eit svææært område, og han klypper også plenen for dei! Det er neimmen ikkje mange som har muligheten til å trene fritt på inngjerda svæææær grasplen!!

Her er utsikten fra grasplenen:






Og her er "kursdeltakarane"






Eg var dessuten på trening på mandag, for første gong på nesten to mnd. Det var godt!! Ayla var flink, syns eg, til å knapt ha sett folk på like lenge, for det passerte folk og hundar heile tida, og det kom ikkje ein einaste lyd! Me trente på fri ved foten, mest, men også litt stå under baklengs marsj.

Her heime har eg begynt å la klikket utebli når ho ikkje stopper raskt nok, og det funker faktisk!Utruleg nok! :-) I tillegg begynner DEKK å bli nydelig!

I morgon drar me til Bergen igjen, også denne helga ligg me på motell, for hos kompis er det altfor mange trapper for eit Gull med korsbåndskade som skal haldas i ro tre veker til..

Eg har planar om å få tatt meir film i helga, og maaase på den eg trener samen med om å filme.. Det er så mykje enklare å sjå kva eg treng å jobbe med då.


Og så må eg gratulere Siv med seieren i rekruttklassen i helga, og Elin (som har tre (!) veker til termin)  med opprykk til klasse 2!! Det er vel fortjent, jenter!!

1 kommentar:

  1. Gleder meg til helga!! Kanskje vi skulle prøvd å få trent sammen så kan jeg filme deg og kanskje du filme meg? (Men da må vi bruke ditt kamera, mitt har badet...)
    Synd at det kom så få deltakere til kurset. Kanskje det er bedre litt nærmere høsten?

    SvarSlett