søndag, juni 15, 2008

Fredag den trettende, hundeeierskolenhelg.

Helg seks blei interessant på mange måtar, skulle det vise seg.

Først ringte han eg skulle overnatte hos og fortalte at han ikkje kom seg heim til Bergen, og at han hadde gløymt å legge nøkkel hos naboen. Dermed måtte eg finne annan overnatting. Der var ikkje rom til meg på Midttun Motell&Camping på to dagars varsel, så valget falt på telt. Det var jo midten av juni, så kvifor ikkje?
Jo meir eg tenkte på det, desto meir gleda eg meg til ei helg i telt.

Fredagen kom, og då eg skulle gå frå jobb ved lunsjtider, hadde eg gløymt å slå av lyktene på morgonen, så batteriet var flatt. Eg ba om hjelp frå ein av karane i hangaren, og resultatet blei ein stk hovedsikring kaputt. Dermed ringte eg Vetle, som kom og fekk ordna ting og tang. To timar seinare sat eg i bilen og hadde pakka hund og telt og ting i bilen. Den oppførte seg rart ved å stoppe når eg bremsa ned i kryss og sånt, og det lova i det heile ikkje godt.

På Mortavika var det så mykje bil at eg måtte stå over ei ferje, og det var då eg oppdaga den største krisa: Anlegget var dødt.
Då kjende eg panikken stige, og frustrasjonsnivået mitt var nok ganske høgt. Eg tydde til Vetle igjen, og han sa eg måtte ta ut anlegget og bytte sikringen bak. Det var lettare sagt enn gjort, og eg drog og kava heile overfarten uten å bevege anlegget så mykje som ein cm! Det stod dønn fast!

Betre blei det ikkje då me kom til andre sida og eg var den nest siste bilen som fekk køyre av feria, endå eg stod som nummer åtte i køen etter at forrige ferja hadde lagt frå kai. Og så heile turen til Bergen uten så mykje som eit lite pling av musikk!

Eg køyrde avgårde og syns vegen var minst dobbel så lang som tidligare, og då eg var nesten framme ved Sandvikvåg, begynte bilen pinadø å hoste igjen! Då eg ga gass i femte og fjerde gir, svarte han ikkje, og eg følte det var såvidt eg nådde kaien!

Ved Os skjedde det utenkelige. Bilen stoppa, og eg fekk ikkje start på han igjen med ein gong. Etter det som virka som ein evighet starta den igjen, og eg kom meg då fram til slutt. Eg hadde ikkje planlagt kor eg skulle sette opp teltet, men hadde sett føre meg ein plass rundt Fanafjellet. Jepp, det var ein smule enklare enn eg hadde trudd.

Etter mykje att og fram køyring, havna eg ved området til Fjellanger og slo opp teltet i skogen ved enden av treningsbanen.





2 kommentarer:

  1. Du brude ha gitt meg en beskjed ;) Du kunne ha fått hele huset mitt alene.

    SvarSlett
  2. Det er friluftsjenta si det ;o) Telttur kan være kjempekos - eller ikke :-/ Selv hadde jeg ikke klart å stille opp på krevende kursdager etter en sånn kald natt som du hadde. Men jeg er ei skikkelig pyse da.. hehe;o)

    Har forresten en sånn Jetboil jeg ogs. Genial! den må vel være den beste oppfinnelsen, nest etter hjulet ;o)

    SvarSlett