mandag, juni 16, 2008

Hundeeierskolen, Modul 6






Natta var kald, for soveposen min har komforttemperatur på 15 grader (hvis ikkje meir), og i løpet av natta vakna eg utallige gonger fordi eg fraus. Ayla måtte ligge med ryggen inntil magen min, så var eg i det minste varm på magen den stunda.
Halv seks fekk eg ikkje til å sove lenger, så då tok eg meg frokost.
Før eg skulle reise oppover, hadde Vetle kjøpt Jetboil til meg, og den var jammen god å ha!! Den koker ein liter vatn på fem-seks minutter! Ein treng ikkje lighter eller stikker, for den har sånn sjølvtenningsdings.

Kurset begynte klokka ti, og denne helga skulle me konsentrere oss om stell og helse til hunden. Me skulle også gjennom ein liten ”test” som skulle vise kor langt me hadde kome i treninga o.s.v.

Foredraga var veldig interessante, og praksisane likeså. Me blei delt i tre grupper, der me skulle rotere på desse praksisopplegga: Sårstell og bandasjering, Ro-tannpuss-kloklippingstrening, og Sjekke-kor-langt-me-har-kome-trening.

Været var overskya med truande regnskyer, men i løpet av kursdagen kom ikkje så mange dråpane. Då klokka var fem, skein sola, og det såg lovande ut for grillinga me hadde fått i stand seinare på kvelden. Etter ein kjapp tur ned til Lagunen for å handle inn grillkol, tennvæske, bestikk, serviettar, fat, skya det over igjen. Me tente på grillen, og då den var klar og me skulle legge på kjøtet, begynte det å hagle. Jo da, HAGLE. Det hamra ned, og det tordna også.
Det gjekk over til slutt, og då var det kvitt rundt oss.







Etter ei stund letta det opp igjen, og sola kom fram, men eg kjente at det ville bli ei kald natt. Sidan det hadde regna så mykje, la eg på to vedskier på ”grillen”, og lot Ayla springe laus mens eg rydda tinga mine og stod og varma meg.


Halv elleve gjekk eg bort på hundeskulen og varma meg før me kraup inn i teltet og sovna for natta. Eg låg då med joggebukse, genser og fleecejakke, innerpose, sovepose og pledd oppå der igjen. Eg vakna klokka ett og KVAR GONG eg skulle snu meg, og stod opp klokka sju. Då var det blå og skyfri himmel (=kaldt).

Søndagen skulle me fortsette med tre ulike praksisopplegg, og desse var: Klinisk undersøkelse av hund, Frillig gå på teppet, og Sjå-endå-mei-kor-lang-me-har-kome-trening.
Dette var før lunsj.

Etter lunsj hadde me om stell: Pels, øyrer, tenner, klipping, bading, o.s.v på tvers av rasane. Foredragshaldar var Kine, hundefrisør på 16. året, og denne delen var lærerik, interessant og det var heilt tydeleg at ho visste kva ho snakka om. Kjempekjekt!



Turen heim var eg spent på, mildt sagt. Ville bilen ta meg heilt heim? Eller ville eg måtte ringe til Vetle og be han hente meg?

På ferja traff eg kjentfolk, naboar gjennom tolv år, og prata med dei heile overturen. På Sandvikvåg fekk EG køyre først av ferja, og fekk adrenalinkick så det holdt av det! J

I tunnelen ved Stord, den undersjøiske, heilt på botnen der. DER skulle bilen hoste og harke. Eg greip hardt tak rundt rattet og sa høgt: ”Du svikter meg ikkje her nede, altså!” Så då gjorde den ikkje det. Eg fekk ein stopp rett etter ilandkøyring ved Mortavika, men den starta igjen etter 10-15 sekunder.
Vel heime hadde Vetle klart taco til middag, og i dag er det sommaravslutning med Mandagstreninga. Då skal me gå tur her i området før me ender opp ved gapahuken for å grille.

1 kommentar:

  1. Bra at det hjelper å klappe bilen litt! Håper du får den skikkelig i orden til neste helg!
    Initiativet ditt til grillinga var kjempebra!

    SvarSlett