


I fjor skreiv eg ei oppsummering på kva eg hadde lyst til å oppnå i løpet av det neste året:
Til ho blir tre år, har eg lyst til å få til:
At me kan gå tur uten skuldrene som øyrevarmerar. Me har ikkje varma øyrene på mange månader no. Det har nesten blitt slik at me HÅPER å treffe folk på tur, sånn at me kan få sjå endå ein gong kor flink ho har blitt!
At ho går fint ved sida av meg forbi folk og hundar. Forbi folk; JA - Forbi hundar: NEI
Ho treng ikkje ville helse på alt og alle, men tillate at dei passerer. Dette har me ikkje jobba med i det heile tatt.
Ha grunnferdigheter nok til å KUNNE starte i LP1 Jepp, så absolutt!
Ha ei sikker tannvisning. Ikkje heilt i boks, men det er ikkje lenge til!!
Stimuluskontroll på eit eller anna. Så absolutt!!
Ha baklengskjeda EIN øvelse. Ehm... atte... eg har ikkje hatt behov for det endå.. øhøhø
Trent meir spor. Ja, det har me så absolutt gjort!
Bare det å kunne slappe av på tur er nok framgong til at eg må seie meg veldig fornøydd med dette siste året som er gått. Eg inngjekk ein avtale med meg sjølv om at eg skulle gi Ayla tida til ho blei tre år, og kunne eg leve med henne slik ho var då, så skulle ho ikkje avlivast.
Eg kan så absolutt definitivt leve med henne slik ho er som treåring! :-)
Det neste året har eg lyst til å oppnå:
Passere hundar uten lyd
Tannvisvning - og dermed kunne delta i LP klasse I
Baklengskjeda EIN øvelse
Utforska mykje mykje meir naseøvelsar
Heavy bearbeiding har begynt for å få Vetle til å vera heilt enig i at når Joey ikkje er meir, så bør me absolutt skaffe ein hund til. Ikkje at Joey ser ut til å ta kvelden heilt endå, men det er best å begynne tidleg med slikt. :-) Etter helga som observatør på kurs hos retrieverklubben blei eg endå meir gira på labrador som neste rase. Men me får sjå...
I fjor til bursdagen sin, fekk Ayla melding frå "farmor" som me måtte lese til henne. I år kom det eit sjølvlaga kort! Kjempekoselig!


P.S. I går kom første løpetidsdråpen. Det betyr at det blir veldig veldig kjekt på ferie om to veker...