mandag, juli 14, 2008

Fjelltur med hyper rottweiler og gamal hund.























I forbindelse med at søster mi, hennar eldste døtre og eg skal på lavvotur til helga, tenkte me at me skulle førebu oss litt og finne campeplass på førehand. Derfor pakka me sekken på søndagen og tok ut oppover til Sirdal. Både Joey og Ayla var med, og eg må innrømme at eg var ikkje HEILT sikker på koss dette her skulle gå med tanke på korsbåndskaden. Eg tenkte at det fekk briste eller bære.

Eg var heller ikkje HEILT sikker på at Joey ville klare turen så godt med tanke på alder og hjertehosten, men der blei mine bekymringar rimelig kjapt gjort til skamme. Han var i kjempeform! Ikkje EIN gong sette han seg ned for å kvile, anna enn når me stoppa fordi EG måtte ha pause. Det var bratt, må vite, og eg hadde ca 11-12 kg i sekken.

Ayla var eit jæskla styr å ha med i fjellet denne dagen, for ALT, ABSOLUTT ALT skulle sjekkes ut og snuses på. I tillegg skulle ALT av buskar gås rundt mange mange gonger. Ho gjekk i fleksiline (veldig lurt...), og Vetle gjekk såpass langt foran oss, at ho USTANSELIG gjekk lina ut i ein slik fart at eg nærmast blei rykka ut av balanse. Kvifor eg ikkje trente på dette her? Vel, eg var varm og bar tungt og var sulten, og var meir klar for å myrde henne enn å trene med henne. Takk og pris for at ho ikkje har minste aning om kva eg tenker når eg nesten står og freser: "Kom her!". Takk og pris, seier eg bare! Ho derre rottweilertrynet står bare og ser på meg i eit halvt sekund, og så kjem ho galopperande mot meg ei ein fart som ville gitt tier på lydighetsbanen. Godbit og kos, og så spurte ut i lina og rykke meg nesten overende igjen. Me hadde SÅ kjekk tur!

På vei tilbake fekk eg øvd meg litt på å bruke kart og kompass, for Vetle er veldig flink til sånt, og eg har kjempelyst til å lære meg det. Me gjekk ein annan, umerka vei ned igjen, og då me kom ned til asfaltvegen, traff me folk. Ikkje ein lyd frå Ayla, bare våken interesse. Herlig! Det hjalp sikkert at me då hadde gått i to og ein halv time (med nistepause), men det føltes deilig likevel :-)


Etter turen køyrde me til Ålgård for å feire eittårsdagen til Lea. Kule Lea. Etter deilig og velfortjent kake, sette Olaug og eg oss ned for å skrive huskelister til helga. Me er nemlig ekspertar i listeskriving, og syns halve turen er gjort om berre lista er god. ;-)


Bursdagsbarnet Lea, 1 år, med eiga kake!



Favorittonkel Vetle!



Vel heime var eg mildt sagt veldig spent på om Ayla kom til å halte etter å ha vore i ro i bilen nokre timar. Ho jumpa ut or bilen, sprang rundt og var kjempeglad for å vere heime, og eg kikka nøye etter om rytmen var ujevn. Null halting!! Ingenting!! :-D

Joey var litt stiv seinare på kvelden, men det også gjekk fort over. Takk og pris for det!


Når det gjeld campeplass, så må me opp igjen i løpet av veka. Då tar me syklane med oss og dreg innover...

2 kommentarer:

  1. Herlig:-)
    Du skriver så levende bra, jeg kjenner så godt til følelsen, egentlig bare en kjempehappy hund som nikoser seg, men likevel klarer å gjære livet surt for deg... Håper du ikke ender med senebetennelse i armen før teltturen i helga! Har du tenkt på at du kanskje skal slutte å finne unnskyldninger på hvorfor det går bra når Ayla møter folk? At det kanskje nå er kommet så langt at det er unntakene ho reagerer på?

    SvarSlett
  2. Ingen senebetennelse til nå, i alle fall :-) Men det spørs etter i kveld når vi skal opp igjen på sykkel, jeg og Ayla og søsteren min og Lea. :-)

    Ja, du har helt rett, Ayla STORKOSTE seg, og det var ren nytelse å se på henne. Men som du skriver, hun klarte likevel å irritere meg grundig :-)

    Jeg er ikke helt der enda at jeg kan si at hun ikke lenger har problemer med å la folk passere uten å bjeffe på dem. Kanskje snart? :-)Eller kanskje aldri? Adferden vil jo alltid ligge like under overflaten, bare holdt i sjakk av konstant trening...
    Men jeg vet hundre prosent sikkert at for ett år siden ville hun bjeffet på de folka. Og de ville sett stygt på oss. Og samlet sammen ungene. Og kanskje mumlet noe om farlige hunder som ikke burde ha livets rett, eller noe sånt :-)

    Men ikke nå!!! :-D

    SvarSlett