tirsdag, desember 29, 2009

Juleoppdatering.





Jula er over, og me har hatt nokre fantastiske dagar på hytta i Telemark. Me kom opp dit onsdagskvelden, etter laaaange timar med skikkeleg dårleg køyrevær. Ayla elskar heldigvis å køyre bil, så ho snorksov heile turen. Av og til såg me labbane som låg i veret baki der, og av og til høyrde me drøymelydar.


Me kom fram til kald hytte, og det tok nokre timar før varmen sette seg i veggene. Men der var snø, der også, og snøa gjorde det alle dagane me var der! :-)


Julaften gjorde me vel ikkje noko spesielt, men Ayla fekk mange turar ut i snøen, anten saman med meg, eller med Vetle. Sjølv om me var på hytta, måtte me jo ha julemat, så eg stod mykje på kjøkenet den dagen.


1. juledag reiste me opp til Gautefall Alpinsenter for å sjå på forholda og sjå om eg kunne finne slalåmstøvlar som ville passe meg rundt leggen.  Dei hadde støvlar til meg, så då planla me å reise opp dagen etter for å prøve oss i bakken.
På veg heim til hytta, mangla me ca to sekunder på å vera vitne til dette:




Vel heime på hytta, måtte eg ut og prøve miniskia og dei splitter nye stavane mine:



Dette var kjempekjekt!!!! :-) Ayla var med, og sprang fint ved sida av meg.


Andre juledag reiste me opp i trekket. Som ein kan sjå på bileta, var det stolheis der. 1 km lang, vel å merke... Eg har aldri tatt stolheis før, og ingen har vist meg korleis ein går av ein slik heis med slalåmski på beina (som det forøvrig var nesten 20 år sidan eg hadde hatt på meg sist). Då det nærma seg vendepunktet for heisen, såg eg føre meg Bridget Jones i "På Randen". Då når ho er med Mark på "oval weekend" på fjellet. Panikken steig i takt med at me nærma oss avstigninga.

Jaggu klarte me oss heilt greit! Den grønstripete greia eg held på det eine biletet, er tova sitjeunderlag eg fekk av svigermor til jul. Den kunne brettast saman og puttast inni den store lomma bak på Arrak jakka mi :-D Arrak er jo hundeklær, og difor har den jakka ei svær lomme bak der leiker og godbiter og sånt skal oppbevarast. Stolheisen var nemlig VELDIG kald å sitte på, så eg er fornøydd med at eg hadde hovudet med meg og putta sitjeunderlaget i den lomma :-D


  Kneet holdt i ca fire timar før eg måtte gi meg, men Vetle, som aldri har stått slalåm før, tok ein tur til etter at eg hadde gitt meg, så kjekt syns han det var. :-)


På kvelden følte me begge to oss veldig veldig lite unge, og tok ein tur i badstua. Då me hadde dampa lenge nok, sprang me ut i snøen og fant ut at DET var særdeles oppskrytt! ;-)



Tredje juledag reiste me heim, og været var mykje betre enn på onsdag.

Mandag var det jobb og i dag har eg hatt fri. Før jul sendte eg ein mail til Dorthe Hansen som er tilknytta Dyreklinikken på Stend og driv med halthetsdiagnostikk. Eg skreiv om haltinga til Ayla, kor lenge det har vart, korleis det artar seg, og at ho er engstelig av seg.
I går kveld fekk eg svar.

Dermed bestilte eg time i dag, og ho er på Stend på mandagane. Søndag 3. januar reiser derfor Ayla og eg opp til Midttun Motell og Camping og ligg over til mandag. Då har me time klokka 11:00. Prøvar av leddvæske og blodprøvar, og eventuelle nye røntgenbilete vil bli tatt.
Nyttårsaften må ho slutte på kortisonen igjen, sånn at dyrlegen kanskje får sjå haltinga hennar.
Eg har ei god kjensle når det gjeld dette beterinærbesøket, men treng alle dei kryssa fingrane me kan få. :-)

8 kommentarer:

  1. Så bra at dykk har hatt ei fin jul.
    Og lykke til med dyrlegebesøk, aldri kjekt når dei firbeinte ikkje har det 100%, me krysser labber og fingrer for dykk når det blir januar

    SvarSlett
  2. Høres ut som dere har hatt en herlig julefeiring. Miniski og en svær Rottweiler? Hørtes ut som jeg hadde havnet på legevakten var det meg. Bra at det fremdeles er muligheter for å finne ut hvorfor Ayla halter - og krysser alt for at dere finner ut av det Vi drar til fjells i dag - så får vi se om hun er den fødte trekkhund - eller om vi ligger strak ut i løypa etter langlina hennes!

    SvarSlett
  3. Hehe.. Ayla sprang ved sida av, ho trakk meg ikkje.. Då hadde det nok gått ganske så gale :-)

    God tur til fjells!

    SvarSlett
  4. Fin julefeiring dokker har hatt! Masse løkke te på mandagen!! Klæm!

    SvarSlett
  5. Fortrenging er ein undervurdert egenskap, seier eg bare... For eg stengte heilt ute det faktum at Ayla ikkje er frisk i foten sin. Ho fekk bare tabletten sin kvar kveld, så var det ikkje det minste vanskelig å late som om ho var heilt frisk :-)

    Kvardagen traff meg i trynet då me var på veg heim, men då var jo uansett idyllferien over...

    Ser ut til at du koser deg, du også :-)

    SvarSlett
  6. Jeg krysser fingre og tær for veterinærbesøket på mandag! God jul og godt nytt år!

    SvarSlett
  7. Takk for det, Therese! Godt Nyttår til deg også! :-)

    SvarSlett