torsdag, juli 15, 2010

Feriegjester, hyttetur og spor.

Denne veka har me besøk frå Ålgård igjen. Heile gjengen; to voksne, fire ungar og to hundar, er her på nokre dagars ferie, og medan dei er i Badeland og Dyreparken, er eg hundevakt for Thassie mellompuddel 3,5 mnd og Tanja toypuddel 9 år. Ja, og Emil og Ayla sjølvsagt.

Eg var spent på korleis dette skulle gå, sidan Emil jo berre van til svære robuste Ayla som tåler å bli brukt som fartsdempar. Thassie og Tanja kombinert veger knapt nok like mykje som hovudet til Ayla, men det går faktisk greit med alle fire saman. Emil syns Tanja er kjekkast å terge, for hjå henne klarer han å framprovosere reaksjon berre ved å stå ved sida av henne. Ho er redd for knea sine, og ønsker naturlig nok ikkje å ha Emil hengande rundt seg, så då forsøker ho  å jage han vekk, noko han syns er hysterisk morosamt. Stort sett er det roleg her, og eg syns alle hundane er flinke og sosiale.

Når eg observerer Emil rundt dei to "framande" hundane, syns eg han er høfleg, roleg, nysgjerrig og litt fanten. Får han seg ein raptus, er han utruleg dyktig til å unngå å springe på dei, men når mat er med i biletet, ser han ikkje anna enn maten, og kan dermed tråkke på ein av dei små.


Sjølv med fire ungar i hus ser ikkje Emil ut til å bli overvettes stressa eller uroleg. Me kjøpte eit firkanta gitterbur til han i forrige veke, og me har såvidt trent bittelitt burlek. Både han og Ayla går meir enn gjerne inn der og legg seg for å få fred, og eg håpar at han ikkje kjem til å vokse frå dette buret. Veksten ser ut til å ha stagnert bittelitt nå, men samanlikna med Thassie, så ser han nesten utvokst ut :-)  Og Thassie, som har vore så småeten, har fått smake maten til Emil, og den går ned på høgkant! Dobbel porsjon av det ho vanlegvis får ned - sluker ho i seg og takker ja til meir! Artig!
Ansiktet til Emil har blitt så vaksent i det siste, og heile han har fått ei ny ro over seg som han ikkje har hatt før. Han har blitt meir sjølvstendig når me er ute i skogen og går, og han blir meir interessert i å snuse etter at Ayla har vore på do. Han sitter framleis når han tisser, HELDIGVIS, og det hadde vore interessant å få vegd han igjen. (Lagt til innlegget 16. juli: Han veger pr i dag 23,6 kg)


Forrige helg var me på hytta, Emil sin første gong der. Der fekk me lagt eit spor på ca 200 meter, tre gjenstandar, over grusveg, og nærmare to timar gammalt. Det eg lærte av det sporet, var at me må trene på grusspor. Nå til helga kjem Carita og Oliver på besøk, så då kan eg kanskje få trent på grusspor. Eg har ALDRI gjort det før, så dette blir spennande...
I allefall, Vetle låg i enden av sporet og var KJEMPEbelønning for Emil :-)
DSC07464
DSC07477
DSC07478
DSC07479
Emil har funne Vetle! :-)

I dag er feriegjestene i Dyreparken, og eg er heime med alle fire hundane. Thassie, som er 3,5 mnd, får meg til å innsjå at Emil faktisk ikkje er fullt så kvalp lenger. Og det er litt nUdelig :-) I går var eg også hundevakt, og gjorde mitt beste for å hindre Thassie i å interiørdekorere FOR mykje, men måtte gi opp då eg såg at Ayla berre trengte å gå bort og STÅ ved sida av Thassie og så slutta Thassie å bite i gardina. Bare ved å STÅ der! Dermed lot eg Ayla ta heilt over å passe på Thassie, og det fungerte gullfint! I dag har ikkje Ayla trengt å bevege seg for å stoppe Thassie i teppebiting eller liknande, ho (Ayla altså) har berre trekt pusten frå der ho ligg, og så slutter Thassie. Den makta skulle eg også likt å ha! ;-)
I dag vågde eg meg på ein liten bandlaus tur med heile gjengen, og slik fortona det seg: (eg forsøkte først på plenen korleis dei gjekk saman ute, og det gjekk så fint at me rusla innover grusvegen så langt som knea til Ayla og Tanja tillet) 

  DSC07503
DSC07510
DSC07536
DSC07540
DSC07551
DSC07580
DSC07555
DSC07559
DSC07569
DSC07579
DSC07577

4 kommentarer:

  1. Så kjekt dere har det!Flinke Ayla som er "hønemor" for de små! Kos dere videre - kjenner jeg fikk lyst til spor-trening nå - skal jamen spørre Gunn.Du insprerer - fjernstyrt! :D

    SvarSlett
  2. Ja, ferie er kjekt, og eg har ikkje så lyst til å begynne å jobbe igjen.. Men sånn er det vel for alle :-)

    Og ja, Ayla er utrulig dyktig på å halde ro i rekkene, og vanligvis er det ikkje SÅ kjekt at ho skal leke ordenspoliti, men akkurat nå har det vore veldig praktisk ;-)

    Hvis katten kvesser klørne på bastkorga vår, trenger eg bare sei Sssshht!, og så springer Ayla bort og jager katten vekk ;-)

    Har du og Gunn sett at Ghita holder vekeskurs i Rally til hausten?

    SvarSlett
  3. Nei!? Da skal vi sjekke ut det - takk for tipset ;)
    Og å starte på jobb igjen er aldri gøy, men vi skal vel være glade for å ha en å gå tilbake til - da blir feriene ekstra kjekke :)

    SvarSlett
  4. Hallo i luken :)

    Hadde jeg hatt større plass skulle du SELVFØLGELI ha bodd hos meg om du kom på Oslo tur :)
    Desverre er det LITT trangt om plassen i vår leilighet.
    Drømmer er å bo som dere, enebolig med stor og fin hage. Vel, den tid kommer vel!

    Må bare si at jeg syntes Emil og Ember likner fælt på hverandre utseendemessig!!
    Han veier nå 20 kg(!!!!!) ved 18 uker. Morro om du kunne veid Emil igjen også!

    SvarSlett