søndag, juli 18, 2010

Helgebesøk

Fredag føremiddag reiste Olaug og jentene opp til hytta, og eg fekk ettermiddagen på meg til å gjere klart for neste runde med besøk. Denne helga var nemlig satt av til Carita og Oliver for lenge sidan! :-)

Dei kom ca åtte, og då hadde eg laga ferdig middagen. Emil og Oliver møttes ute, og fant tonen rimelig kjapt. Dei har treft kvarandre to gonger tidlegare, men sist var i slutten av april.
Slik såg det ut første gong dei møttes, i slutten av mars
image

Slik såg det ut sist
image

Denne gongen kunne Oliver gå under magen på Emil:

DSC07716
Oliver fant ut at om han stod under Emil og beit Emil i beina, fekk ikkje Emil tak i han med kjeften

 

Emil er van med å "leike" med Ayla, men det kjipe med det, er at Ayla er særdeles robust og tåler ekstremt mykje frå Emil. Når han insisterer på å få reaksjon frå henne, kan han ta 5 til 10 meters fart og springe rett på Ayla utan at ho så mykje som rikker på seg. Ho er som ei støtte, og lar seg ikkje provosere. Så forsøker Emil seg på litt hasebiting, og får heller ingen reaksjon. Men gir seg ikkje. Neida, då tar han endå større rennfart og forsøker å sikte på hovudet hennar. Til slutt blir ho drittlei, og brøler til han, og dermed har Emil fått det som han ville. Kvifor eg ikkje stopper det tidlegare? Fordi dette skjer lynkjapt! Han er ein sprinter uten like, denne svensken min, nemlig! 

DSC07639Men i helga møtte han sin overmann. Oliver, blanding mellom Papillon og Tibetansk spaniel på halvanna år. Han er kjapp som ein floge, og fintar betre enn det brasilianske landslaget kombinert, og har kondisen til ein maratonløpar!  Difor nytta ikkje Emil sin taktikk på Oliver. Han måtte finne på noko nytt, og det var "å leike slik normale hundar leiker som ikkje har eit fjell av ein rottweiler å røyne seg på". Etter å ha funne ut litt meir av kvarandre, enda dei opp på stovegolvet og nærmast danseleika utan lyd. For ein forandring! Ingen lyd, bruke rumpa til å dytte i den andre, Oliver som gjekk under magen til Emil for å bite  han i beina, Emil som la seg ned på golvet og lot Oliver klyve og hoppe som han ville, og Emil som godtok utan protester å bli lagt i buret når dei begge trengte litt kvile.

Fredagen gjekk stort sett med til middag og dessert med tilhøyrande x antal glas fantastisk vin og masse tatling til dei seine nattetimane. Sidan Emil ikkje er van med å sove åleine, fekk han sove på golvet på soverommet i lag med meg. Eit par gonger ville han opp i senga, noko eg tillot for å få fred, men han sov faktisk til 11:00 og eg sjølv vakna og ville stå opp!

Lørdagen køyrde me ned til Agder Forsenter for å handle sele til Emil, og det blei vel nokre andre ting også, kanskje.. Så køyrde me opp til Vennesla sentrum og rusla litt i gågata. Emil var knallflink og beit berre bittelitt i bandet. Då me hadde pause på benken, sat han og kikka rundt seg og var heilt avslappa og nydeleg :-) *smelt*

Så køyrde me heim her og trente litt innkalling med begge hundane før me tok ein matpause og lot hundane lade opp til sportrening. Eg fekk starta med grustrening, men eg gjorde det sikkert ikkje rett. Må nok lese litt om slikt før eg prøver meg igjen. Oliver fekk eit skogsspor, og då såg eg at det var dukka opp masse modne blåbær i skogen over bekken! Nam nam, sa både Oliver og Emil! :-)

Resten av ettermiddagen og kvelden slappa me stort sett av, både firbeinte og tobeinte, for det tar på å trene hund!
Det vil sei, dei firbeinte likte kvarandre betre og betre, og gjorde eit utal rare krumspring på golvet her:

DSC07686

 DSC07662

DSC07666

 DSC07670

 DSC07672

 DSC07678

 DSC07682

Utover kvelden trengte hundane litt ro, så då fekk Oliver eit nyinnkjøpt tidsfordriv frå Agder Forsenter, og Emil fekk kvile litt ved sida av stolen min. Etterkvart fatta han interesse for det Oliver hadde og rusla bort til teppet der Oliver låg og koste seg med beinet sitt. Han nærma seg veldig langsomt, og eg forventa at Oliver skulle seie frå om kor frekk Emil var. Men Emil kom seg så langt at han fekk inn eit slikk på beinet uten at Oliver sa frå.
DSC07694
However, naive Oliver trudde vel ikkje heilt at det gjekk an å bli så frekk og freidig som svensken Emil viste seg å vera, så neste gong Emil forsøkte å stjele beinet, reagerte Oliver.
 DSC07697

DSC07698

 DSC07702

DSC07700

  DSC07704
Best å holde seg på avstand, tenker nok Emil her.

Seinare på kvelden trengte ingen av dei i bur eller tvingas til å kvil, det klarte dei heilt på eiga hand. Dette var, etter Carita sitt utsagn, første gong Oliver slappa av saman med ein annan hund. Dermed trur eg Oliver også lærte noko verdifullt denne helga :-)
DSC07773

 

Søndagen var heimreisedag, så det blei ikkje så mykje tid til trening og slikt, men me fekk oss ein skikkelig koseleg tur inn til Fiskelausvatn der Emil fekk bada, og Oliver prøve seg som vakker fotomodell :-)

 DSC07805

DSC07808

 DSC07809

 DSC07813

 DSC07816

 DSC07817

 DSC07818

 DSC07828

 DSC07830

 DSC07836

 DSC07838

 DSC07840

3 kommentarer:

  1. Håper du kjenner skikkelig godt på den gode følelsen og virkelig nyter det! Stor klem!

    SvarSlett
  2. Oi så kule bade/stupe bilder!!!
    Og han Emil er litt av en veltrent gutt ja!
    Hvem er mor/far??

    SvarSlett
  3. Britt,
    Eg koste meg sånn i helga at eg ikkje tenkte på at på lørdag var det ett år sidan me tok farvel med Joey... Så denne følelsen går ikkje vekk sånn heilt med det første, nei :-)

    Nina,
    heilt nederst her er foreldrene til Emil:

    http://searover.nu/valpsida%20prima%20acer.htm

    SvarSlett