søndag, august 08, 2010

Hagearbeid og badetur.

I dag har det vore heilt nydelig vær, og dermed blei det utedag i dag igjen. Det har blitt mange slike for oss etter at me flytta ned hit, og sjølv om det er mykje arbeid å ha hage og hus, er det jammenmeg deilig også!  Dei siste dagane har gått med til å luke i eit nokså svært bed eg fantaserer om skal bli eit overdådig og bugnande blomsterbed neste sommar. Det skal innehalde ein sånn portalbue som skal dekkast med klematis frå begge sider. Nedover bedet skal det gå nokre steintrinn til nedsida av skråningen på andre sida av plenen.

For å få til det, må bedet renskas for bringebærbuskar og røter og allslags ugrasgreier som er der nå.
Og om ein ikkje er klar over på førehand kor sinnsjukt tidkrevande det  er å luke i eit villnis, kan det ta motet fra einkvar når ein har stått i tre timar og knapt ser skilnad på før og etterpå. Trøysteslaust er vel ordet...

Emil og Ayla har fått vore med i hagen når me har vore der, for Vetle er nesten ferdig med å gjerde inn hagen. Dei har stått og ete rips til den store gullmedaljen, og når dei ikkje har gjort det, har dei ete opp alle bringebæra og blåbære mine.

Tilbake til dagens badetur. Det blei så varmt for oss alle saman i dag, at eg heiv begge hundane bak i min bil som for tida ikkje har bur, og køyrde inn til Fiskelausvatn. Veldig veldig langsomt, sjølvsagt. Det er berre 1 km på privat grusveg, så hundane leid ingen naud eller var i fare av den grunn :-)

Håpte jo at eg skulle få Ayla til å svømme utan å svømme sjølv, men det var ikkje tale om! Ho får seg ikkje til å gå lenger enn at vatnet når henne til skuldrene, mens Emil stuper og hopper og svømmer som ein annan delfin.

Her kjem nokre bilete frå dagen.

 DSC08011
Neste år skal det sjå heilt annleis ut her. Etter å ha vore i tre hagar tidlegare i veka, tre nesten ferdige hagar (alle hagar er jo work in progress), ser min hage ganske sjaber ut. Eg kan ingenting om hage, gjødsling, overvintring, såing, stiklingar, jord/sand forhold eller andre finesser for å få ein fin hage. Etter mandagens hagevandringar kunne eg meir, og neste søndag kan eg heilt sikkert endå litt til, for då skal me ein gjeng til ei dame i Nissedal som har vore i Norsk Ukeblad og greier :-)


 DSC08017
Det er ikkje så ofte hundane ligg ved sida av kvarandre slik dei gjer her, så dette måtte jo forevigas.


 DSC08035
Me har stansa ved Fiskelausvatn, og som dei veloppdregne hundane dei er, venter dei på lov til å komme ut av bilen (that's my story and I'm sticking to it)


 DSC08041
Emil stuper uti etter ballen


 DSC08049
Ayla forsøker å mane ballen bort til seg. Dette er så djupt ho går.


 
DSC08050
Så kjem Emil hoppande forbi henne, og då han kom inn att med ballen, stjal ho den frå han og kom til meg og leverte den, sleipe rottweileren...


 DSC08051
Her var der ingen ball å hente eingong, han berre hoppa uti, han.


 
DSC08059
Han er så FIN!!!


DSC08063 
Her  ligna han på ein isbjørn, syns Vetle.


DSC08079
Ayla på grasetingstokt.

 

DSC08081
Etter badeturen kom Emil smygande opp i fanget mitt og ville kose. Eg tolka det som eit takk for turen :-) *smelt* Søndagsfrisyren min er altså så strålande vakker! :-)


DSC08085
Vetle og eg er veldig enige om at Emil har mange av Joey sine fakter. Ein av Joey sine ting var nemlig å legge seg oppå eller oppi ting som eigentleg var for små til å ligge på eller i, og Emil gjer det same.


DSC08089
Ho er så FIN!!!!


DSC08093
Litt avslapping på altanen i nyinnkjøpte hagemøbler som me har fått av mor til Vetle. Deilig lang klessnor i bakgrunnen, kleda blir tørre på ein blunk!


DSC08094
Eg har laga meg bed i dag. I morgon kjem plantene oppi. Oppå stubben skal det stå to krukker med eit eller anna oppi.

 
DSC08096
Me har masse flygemaur her for tida...

 
DSC08105
Emil er med Vetle og luker. Ved vegen bak dei var det forresten dei gutemennene stansa for å tisse den natta.

DSC08112
Ayla er sliten etter ein lang dag i hagen og ligger og støtter seg på bordbeinet mens ho snorker HØGT!

7 kommentarer:

  1. Så hærlig! Og så flotte hunder du har :-)
    Er skikkelig misunnelig på det fine været dere har, kan dere ikke sende litt til vestlandet også??

    SvarSlett
  2. Bedet blei jo knallfint Kari Anne. Glede meg te å sjå det med blomar oppi.. =)
    Og så mange herlige bilder av både dei på to og fira.. =)

    SvarSlett
  3. Mange flotte bilder her Kari Anne :-)

    SvarSlett
  4. Britt,
    Finvær er herved oversendt deg på bursdagen din 9. august :-) Gratulerer med dagen!!

    Olaug,
    Blomane komme oppi i dag, og så har eg fått grønt lys til å handle nåken nye krukker som skal stå oppå stubben.. eller det var vel planter han var enig i, men dei må jo ha krukker, det skjønner jo einkvar... ;-)

    Tone,
    Takk for det :-) Når ein har fotomodellar i hus, så må dei jo festas på film ;-) Så bra at det gjekk greit med Isi og tennene..

    SvarSlett
  5. Så flink du er både til hagearbeid, ta bilder og blogge!! Kjempekjekt å følge med! :-) Hilsen Renate

    SvarSlett
  6. Ja de er så FIIINE begge to!!
    Syntes det forresten er så srtig med alle de fine bildene dine Kari Anne! Og igjen: gud hvor like de er.. Å se bildene av Emil er som å se Ember!! :)

    Mvh

    SvarSlett
  7. Renate;
    Takk for det! Det hjelper jo på når det kommer sånne koselige kommentarar, vettu ;-)

    Nina;
    Takk takk :-)
    Du må poste bilder, du også :-)

    SvarSlett