søndag, november 28, 2010

Eigen skøytebane!

Ja, i dag fekk eg endeleg med meg Vetle bort til tjernet for å sjekke kor tjukk isen har blitt. Eg har lest meg til at den må vera minst 10 cm for å bli rekna som sikker, og at ein må sjekke fleire plasser. Det kan gjelda nokre små meter frå sikker is og til usikker is. Me hadde med oss ei plate, øks, og Emil, og Vetle hogg og hogg og hogg. Eg tenkte at enten er Vetle svak i armane (og det veit eg han ikkje er), eller så er isen tjukk nok!
Vetle målte isen fire stader, og på alle stadene var isen langt over 10 cm! Planen vår var eigentleg berre å sjekke kor tjukk isen var, og så gå inn og lage arme ridderar og kakao, for me hadde allereie vore ute i halvannan time. Det har vore kaldt i dag også;  -8,5.

Men så lenge isen var så tjukk, MÅTTE eg jo gå heim og hente skøytene!! Kunne jo ikkje gå inn utan å ha prøvd, i det minste!  Eg så gjorde, og eg tok med stavane også, for isen var bittelitt ruglete å gå på. Ikkje ubehagelig ruglete, men nok til at eg ville ha med stavane.

Sidan me bur som me bur, kler eg meg varmt, og blir sjåande ut som Michelinmannen

michelinDSC09931

Berre sjå, er me ikkje like?

Eg bryr meg lite om korleis eg ser ut så lenge eg klare å halde meg varm.

DSC09968
Vetle og Emil i enden av tjernet. Og ein vakker himmel i bakgrunnen!

DSC09922
Emil og eg på isen.

DSC09935
Huset i bakgrunnen og Emil og eg skufler litt snø vekk frå isen.

DSC09955
Emil skal ta snøen eg skyver foran snøskuffa.

DSC09966
Sprettballen Emil.

DSC09967
Vetle har hive snø opp i lufta, og Emil hopper opp for å ta den :-)

DSC09973
Julepynta hus slik dei som kjem frå Skaiå ser det når dei kjem rundt svingen.

DSC09979 
Julepynta hus slik dei som kjem frå Samkom ser det.

DSC09985 
Altanen og baksida av huset.

6 kommentarer:

  1. Ja, det er nesten så eg er misunnelige på meg sjølv ;-)

    SvarSlett
  2. Åh så heldig du er, med egen skøyte bane..

    SvarSlett
  3. I know! :-) Tenker eg får nyte den nå før den sprekker og den ikkje kan brukast lenger :-)

    SvarSlett
  4. JAAAAAA... jeg vil OGSÅ bo der du bor. Ha mitt eget lille vann, skøytebane etc.
    Heldiggrisen!!

    SvarSlett
  5. Det er ganske deilig, eg må innrømme det. I dag var katten med bort på skøyteisen, og gjekk i utkanten og kikka på oss. Emil sprang med jevne mellomrom bort og prøvde det han kunne for å få Legolas til å springe sånn at Emil kunne jage han, men katten er jo smartare enn som så ;-)

    SvarSlett