I går var me ute på vår første skitur i lag, Emil og eg. Han fekk prøve seg som sledehund att og fram på grusvegen her, og han vimsa verre enn ei husmus i Kongeparken.
I dag ville eg ut og prøve meg igjen, med Fiskelausvatn som mål. Planen var å sjekke isen, og på veg dit, fekk Emil prøve seg på snørekjøring igjen. Denne gongen vimsa han ikkje fullt så mykje, og dette gleda meg stort!
Etter to rundar på isen fekk han prøve seg igjen. Og denne gongen såg det slik ut:
Det er mange slags utfordringer. de første gangen Cora skulle dra oss på ski var det ikke vimsingen, men å holde oss på beina for hun vil jo bare SPRINGE - og ikke alltid rett etter sporet - ofte en liten tur innom skogholtet :) Ser ut til at Emil er ganske så fornøyd med å lunke av gårde på tur han, og hvorfor skal nå du henge på da??? ;) Fine gutten!
SvarSlettDet kommer seg for kvar gong me er ute og prøver.. I dag var det heilt nydelig å ha han i band framføre meg. Han trava i rolig tempo, og trakk nesten ingenting :-)
SvarSlettNår han spring laus, derimot, då er han overalt, og eg må heile tida passe på så eg ikkje går rett på han. :-) Snodig kar, altså..