søndag, mars 13, 2011

The flying labrador + oppdatering Calcinosis Cutis.

Først nokre bilete av Emil, the flying Labrador, som forøvrig har vore hjå oss i EITT år i dag, søndag 13. mars :-)

Vetle har laga endå eit hinder til meg: Lengdehopp, og eg måtte berre prøve om Emil ville over. Ayla fekk også vera med ut, og då ho såg hinderet, var ho klar som eit egg til å jobbe. Ho skal jo ikkje hoppe noko meir no, men fekk lov til å stege over dei, sånn for syns skuld :-)

Emil, derimot, han stega ikkje mykje:

DSC01326
Emil er flink til å sitje og vente til han får lov til å hoppe :-)

DSC01323
Emil tar sats

DSC01324 
The flying Labrador :-)

DSC01327
God klaring.

DSC01329
Her er hinderet 1,40 meter langt frå fremste til bakerste pinnen.


DSC01318
Når berre Emil får ballen sin, så er han så nøgd, atte :-)

Så over til Ayla og Calcinosis Cutis.
Litt av årsaka til at eg skriv såpass ofte om dette som eg gjer, er fordi eg har funne så lite om dette på nett elles. Det fins knapt nok noko på norsk, og eg har endå til gode å finne noko om progresjonen i sjukdommen. Eg har funne at det er vanskeleg å behandle, at det er lite medisin som fungerer, og resten av opplysningane er vage, eller vanskelege å forstå.

Eg oppdaga altså i slutten av januar at pelsen til Ayla stod opp på ryggen, og dette er nå sju veker sidan. Dei siste dagane har det kome meir puss og blod frå hol i huda, og eg shamponerer henne nå annankvar dag i stadenfor kvar tredje dag. I morges då eg stod opp, var heile hennar venstre side av nakken full i blod :-(

Dette første biletet ser ille nok ut, men når eg rettar ut foldene, kjem den eigentlege sanninga fram.
DSC01306
DSC01305

Det er nå snart tre veker sidan eg fekk beskjed om at det ville bli verre før det blei betre, og det har ikkje blitt betre endå. Eg undrar meg kor dette skal ende, for eg tenkte for ei veke sidan at eg håpa det ikkje ville bli verre då. Det har det blitt, og eg ser med gru på dei neste vekene dersom dette heller ikkje er dalsøkket me må nedom før me kan klatre oppover igjen.

11 kommentarer:

  1. Uff og uff. Det der ser jammen fælt ud.... Håbe det blir bedre snart.

    Har sett noen bilder på nett av "flyvende jaktlabber", det har vært høye gjerder da og er skikkelig imponert... og Emil har fin stil over hinderet og lever opp til jaktlabbens stil og fart ;-))

    SvarSlett
  2. Får mæst lyst å gaule når æ ser korsen ho ser ut.. :,(
    Ka ti ska du te vet igjæn?
    ___

    Knaillkule bilda av Emil! :)

    SvarSlett
  3. Tone,
    Ja, har også sett dei bildene av jaktlabradorar som forserer høge gjerder, og dei ER utrulige! :-)


    Krissi,
    Var til veterinær på mandag, og har ikkje fått ny time, så eg vett ikkje. Men eg skal ringe dei i mårå for å få makkekur til den nye katten (det kravla ein ca 7 cm lang makk i bæsjen hans i dag *pjuk*), og då skal eg høyre meir om når eg skal inn igjen.

    SvarSlett
  4. Stakkars, stakkars Ayla - og stakkars matmor/matfar. Jeg kan ikke tro at hun ikke har vondt når jeg ser dette.

    Håper inderlig det ikke blir verre nå!


    Stilige bilder av Emil da - en agilitystjerne som er født ? ;)

    SvarSlett
  5. Ghita,
    Eg kan heller ikkje tru hu ikkje har vondt, men ho viser i allefall absolutt ingenting til meg hvis ho har det. Eg kan holde på og pirke i det i evigheter uten at ho avbryter meg, for det siver heile tida ut puss som stivner og dermed tetter holet og eg tenker at det er mykje bedre at eg fjerner pusset enn at det siver ut litt og litt.

    Eg syns dessuten ho klør seg endå mindre når eg får ut det pusset som ligg kapsla inn.

    Og eg må innrømme at eg av og til holder på å brekke meg når eg tømmer pusset... Eg passer verkeleg ikkje som sjukepassar, altså...

    Og ja, eg har jo tenkt meg på agilitykurs med han til hausten, så det er ikkje BARE rally eg har tenkt å drive med ;-)

    SvarSlett
  6. Kule bilder av Emil, Kari Anne. Han flyr virkelig. Men stakkars stakkars Ayla. Det ser jo helt forferdelig ut. Håper det ordner seg snart for dere. Det holder nå.
    STOR Klem :)

    SvarSlett
  7. Hilde,
    Ja, syns også det holder nå. Eg frykter at dette ikkje ender godt, men håper i det lengste at me snart ser endring..

    Og takk for klemmen :-)

    SvarSlett
  8. Sender så gjerne klemmer, jeg også - men da skal Aylagullet også ha! Det er veldig vanskelig å tro at hun ikke har vondt. I likhet med boxere skjuler vel rottisene smerter veldig godt?
    Lilleste gullet, jeg har så vondt av henne og av deg! :-(

    Imponert over hoppingen til krabaten! Tøffingen! :-)

    SvarSlett
  9. Jeg tror faktisk ikkje Ayla har så vondt (selv om det ser fælt ut...). Min erfaring med eldre/skadde hunder er at man vil merke det på adferden deres. Selv om de er flinke til å skjule smerte så vil det komme adferdsendringer, men de kan komme så langsomt at man ikke egentlig registrerer det.
    Hunder som har vondt vil ofte være mer passive, ikke ville være med på det de ville før, oftere gå og legge seg alene, være mindre kosete, unngå situasjoner med andre (mennesker/hunder), være mindre utholdende/treningen går dårligere, noen vil spise dårligere, mm.
    Det høres jo ikke ut som om dette er Ayla. Selv om hun kanskje merker at det kanskje klør/svir eller lignende, så tror jeg du hadde merket andre adferdstegn på henne, hvis det var skikkelig vondt.

    SvarSlett
  10. EB,
    Ja, eg vett at hundar gjerne ikkje viser smerte, og eg vett også at Ayla har særdeles høg smerteterskel, akkurat slik den forrige rottweileren min hadde.

    Som Tone skriver, så er det så mange tegn på smerte, og ho har ingen av dei; ho leiker med Emil, er ikkje sur, er like kosete og klengete som før, ho er klar som eit egg når me ber ho med (når me ikkje ber ho bli med også, men oftast ligg ho i ro utan invitasjon, men det har ho alltid gjort), og apetitten er lik. Ho er til og med like fanten som før, og kan godt finne på å stjele crocsen min rett framfor nasen på meg. :-)

    Ein dag i forrige veke ville ho ikkje ha frokosten sin før ho fekk makrell i tomat oppi, og hverken eg eller Vetle blei møtt i døra då me stod opp, så den dagen var nok ikkje så god for henne.

    Jo, eg trur ikkje det er smertefritt, men det er ikkje så vondt at ho har betydelig dårligare livskvalitet enn vanleg. Ubehagelig er nok meir det rette begrepet.

    Men klemmar tar både eg og Ayla imot! :-)

    SvarSlett
  11. Oi, dette såg ikke noe godt ut. Håper for både hund og "foreldre" ar det snart blir bedre :) Klem

    SvarSlett