onsdag, mars 09, 2011

Katten Smiley

 

Frå før har me katten Legolas som blir åtte år i år, og som kom heim til oss fordi Joey ikkje syns det var kjekt å vera DSC01240åleine etter at Tinka døydde i mars 2003. I løpet av sommaren blei det meir og meir tydeleg at Joey sørga tungt, for han mista lysta til å vera med på tur, gjekk kraftig ned i vekt, ville berre sove, og når me var ute, sat han og kikka bortover vegen som om han venta at Tinka skulle kome fram bak hekken når som helst. I august det året kom Legolas til oss, og Joey blei nærmast født på nytt. Han åt godt, ville leike, bli med på tur, og fekk finare pels også.

Nå er det Legolas som går og har det stusselig etter at me flytta frå Pusi, venninna hans på Vistnes. Han har ingen å leike med her, og bruker mesteparten av dagane sine på å sove. Difor måtte me finne på noko for han.

I forrige veke kom altså Smiley heim til oss via Vennesla Dyreklinikk. Dei annonserte han med å vera kastrert, kosete, reinslig, vant til andre kattar og hundar. Og det siste der var særs avgjerande for meg, for då visste eg at eg ikkje trong bruke tid og energi på å venne han til hundane. Emil og Ayla er nemlig berre sånn måteleg interessert i Legolas, og med Ayla sin tilstand i tankane, hadde eg ikkje energi til å ta den jobben med hundetilvenning.

Då eg var nede og såg på denne nye skjønnheten, var han så absolutt kosete! Han mol så høgt at det vibrerte i hjarta mitt :-) Dermed sa eg til dei at eg kunne ta han heim på prøve. Jepp.. på prøve...

Det viste seg at han ikkje VAR kastrert, men at han skulle bli. Han var heller ikkje vant til hundar lenger, for dei to første dagane låg han vettskremt nede i kjellaren. Eg sov der nede med han dei tre første nettene, og i motsetning til Legolas var denne krabaten AKTIV om natta.

Den tredje dagen tødde han opp og vågde seg opp trappa mens hundane var inne. Dei andre dagane hadde eg sendt hundane ut på altanen slik at katten kunne komme opp og sjå seg rundt. Det var då me bestemte oss for å behalde han og kalle han Smiley.
DSC01172 DSC01187 DSC01188

Han er åtte månadar, ikkje særleg kosete med mindre det er morgon eller han trur han kan tigge til seg boksemat. Han var altså heller ikkje kastrert, men det skal klinikken gjer på si rekning. Likevel, det er me som må ta rekonvalenstida. Han var heller ikkje vant til hundar. Kattar er ikkje vant til hundar når dei ikkje har budd i lag med hundar dei to siste månadane. Og i allefall ikkje ein så ung katt. Han tødde raskt opp til Legolas, men så har jo Smiley budd med fire andre kattar dei siste månadane. Reinsleg er han så absolutt, og har kun gått på do i kassa si. Han har ikkje fått lov til å gå ut endå, men maser ikkje heller om det.

3 kommentarer:

  1. Så herlig! Sukk skulle gjerna hatt ein liten pusepus her og :)

    SvarSlett
  2. Så flot innlegg. Var rørende å lese.

    SvarSlett
  3. Gunn,
    Ja, det er kjekt med katt :-) Han skulle bare vore litt meir kosete.. Ønskte meg ein kosekatt, eg nemlig... Menmen, eg håper han veks inn i den rolla med tida :-)

    Torhild,
    Takk for det :-) Har kikka gjennom den eine boka di og syns du har flotte og flinke hundar! :-)

    SvarSlett