lørdag, mars 19, 2011

Kurs i hundemassasje!

SAM_0170I dag har Emil og eg vore på kurs i hundemassasje i regi av Boxerklubben i Kristiansand. Kurset varte i tre timar og kosta 350 kroner. Ingenting, altså. :-)

Det var Maylin Gabrielsen frå Skauen Hundemassasje som holdt kurset.

På førehand fekk me skriv om at det var påmeldt åtte hundar, og at me skulle halde til på Sørlandets Dyreklinikk sitt møterom. Der har eg vore før, då me var til Gry Løberg for konsultasjon. Difor visste eg kor stort (eller lite) rommet var, og grua meg veldig til korleis Emil ville takle sju andre hundar så tett på.

Rett før me skulle starte, spurte eg om det var mogleg å ta inn Emil frå starten av, sånn at han fekk tid til å akklimatisere seg før dei andre skulle hente sine hundar inn, og det fekk eg takk og pris lov til! Han busta og boffa allereie på veg inn, UTAN å sjå ein einaste annan hund, så eg kjende at hjarta sank litt i brystet på meg, må eg innrømme.

Eg hadde satt opp  buret på førehand, og han gjekk inn og roa seg kjempefint der medan me hadde den innleiande teorien.
Då dei andre henta inn sine hundar, sat altså Emil i buret og følgde med. Til tross for mykje lyd, fekk han godbit på godbit på godbit, og til slutt hadde alle funne seg ein plass.
Det var to bulldoggar, tre labradorar inkludert Emil, ein Berner Sennen, ein dvergpuddel, og ein blandingshund. Og så ein boxer som demohund. Det var dermed ganske fullt opp med hundar i det vesle rommet.
SAM_0167 
Me sette opp eit bord for å stenge nokre av hundane ute av syne for Emil. Det blei for mykje for han å sjå alle dei andre på ein gong.

SAM_0181
Massasje var deilig, syns Emil, og kvilte haka på kneet mitt før han nesten sovna.

SAM_0182
Det var litt trangt med så mange hundar på ein gong. 

I starten belønna eg han ganske så ofte bare for at han såg på dei andre hundane utan å lage lyd, etterkvart trappa eg ned på belønninga då eg såg at han blei meir og meir avslappa og ikkje brydde seg så fælt. Ved eit par anledningar var eigarane til eit par av hundane litt away og fekk ikkje med seg at hundane rusla bort til oss, og dermed var balubaen i gong.
Slik var me plasserte:


Av ein eller annan årsak har lyden forsvunne på opptaka eg gjorde i dag...



Î pausen gjekk eg ut med han for å lufte han, og han var knallhøg umiddelbart! Bjeffa og nauta seg frå han kom ut og til han hadde helst på eit par av dei andre hundane. Han likte faktisk best dvergpuddelen, sjølv om det var ein hannhund :-)

Opplegget på kurset var veldig bra, og eg syns eg fekk mykje for pengene! Me lærte nokre teknikkar og rekkefølger på muskelgrupper, og korleis ein kan tøye ut hunden etter ein massasje eller etter mosjon. Ein skal ikkje tøye kalde musklar, nemlig.
Vidare er det smart å gå til hundemassør FØR hunden får plager, for også her gjeld regelen om at forebygging er langt meir effektiv enn reparasjon.

Massasje kan lindre mange ulike plager, og det kan også hjelpe mot stress, og som nevnt; forebygge skader.

Når det gjeld Mister Brumlebasse, så dukka han opp til stadighet i dag. Ein av bulldoggane laga VELDIG mykje lyd, mens ein av dei andre hundane bjeffa med jevne mellomrom. Ingenting av dette reagerte han på. Berre om dei kom for nære. Eg er likeveld særs fornøyd, for eg hadde frykta at eg ikkje kunne ha han der inne i det heile! At det kom til å bli nødvendig å setja han i bilen og berre kunne vera der inne utan hund fordi han berre stod og brølte. Men det gjorde han altså ikkje. Fleire gonger tok eg av både sele og halsband så han låg framføre meg utan noko på seg. Dei gongene han reagerte, var det stort sett murring og og brumling, men utan å gjere noko forsøk på å komme bort til den andre hunden.
Instruktøren kunne komme bort og vise meg PÅ HAN korleis eg skulle gjera, og han syns det var heilt greit. Første gong ho kom bort, murra han, men eg er ikkje sikker på om det var på henne eller hunden bak henne. Han har jo aldri murra på noko menneske før, så eg blei litt overraska, for å seie det mildt. Dei neste gongene ho kom bort var det jo ingen lyd..

Måten han var på ute i dag, fekk meg verkeleg til å grue meg til Elitesatsing i Arendal som startar om ein mnd... Så DET var litt kjipt.

8 kommentarer:

  1. Synes du er kjempeflink jeg:) Stå på:)
    Og hundemassasje er deilig:)

    SvarSlett
  2. Takk for det :-)

    Akkurat når det gjelder mister Brumlebasse, så kommer eg heilt og holdent til kort. Eg aner ikkje kva eg skal gjera for å få han til å slappe meir av enn det han gjer..

    Ja, hundemassasje var nydelig, syns Emil, og eg gleder meg til eg kan gjer det skikkelig her heime :-)

    SvarSlett
  3. Du, jeg syntes dette hørtes fantastisk ut jeg! Skulle hatt tilgang på et slikt rom, fult av hunder, og kjørt massage et par ganger i uken vettu ;) Så hadde han helt sikker roet seg dramatisk!!

    Bare våren kommer nå, så kan du fortsette å kjøre passivitet/massage med andre hunder trenende i nærheten!
    (les mer i Eva Bodfäldt sin bok, hun benytter dette MYE og etter viodeosnutten deres¨å dømme var det nettopp dette dere gjorde)

    Gleder meg til å møtes snart :D

    SvarSlett
  4. Ja, det hadde nok gjort susen med eit slikt rom fleire gonger i veka... Då hadde me nok hatt litt framgong ;-)

    Holder på å lese Kontakt nå, men har ikkje lest meg fram til der det står så veldig masse om akkurat dette endå.

    Og ja, nå er det ikkje lenge til kurshelg! :-) På denne tida om fire veker har eg endelig fått sjå Ember i levande live :-)

    SvarSlett
  5. Og jeg Emil!
    PS: du må ha den reviderte utgaven for å lese om passivitetstreningen. Står ikke så mye i den "gamle" versonen!

    Har du den ikke kan du låne den av meg!

    SvarSlett
  6. Har nettopp kjøpt boka, den norske versjonen, og det står 2. opplag 2008 inni. Er det den nye eller den gamle då?

    SvarSlett
  7. Gamle :(
    Skal jeg ta med min på første amling?

    SvarSlett
  8. Det kan du meir enn gjerne gjer, eg kjente eg blei litt irritert nå, for at Canis selger gamle bøker...

    SvarSlett