torsdag, mars 24, 2011

Nytt prosjekt på gong; Prosjekt Operasongar. Hjelp!

   Prosjekt Avlevering er ikkje ferdig, men det er heller ikkje langt igjen til mål. Nå har derimot eit nytt prosjekt dukka opp, og eg ser det er fleire som jobber med det same rundtomkring. Det går i lyd, nemlig.

SAM_0331I dag skulle eg levere bilen min for ein liten reparasjon før EU godkjenning, og verkstaden me har funne, ligg slik at det er flotte vegar å gå tur på. Difor tok eg med meg Emil og tenkte han ville ha godt av å få gå ein times tid på ukjente vegar til bilen var ferdig og me kunne køyre heim att.

Då eg opna burdøra, sat han fint, og eg tenkte at "Dette går jo så det suser!". Då han hoppa ut or bilen, derimot, var han heilt hinsides! Han ulte nesten, og stresset hans var til å ta og føle på! Det var berre såvidt han ville ha godbit, og hadde ikkje begrep om kva det innebar å gi meg laust band. Han klynkebjeffeulte dei første fem til ti minutta av turen, og så roa han seg litt. Etter ca ein km fekk han springe laus eit godt stykke, og det gjorde han verkeleg! Han sprang og sprang til og frå meg, oppi grøftekanten og ned igjen, og langsmed kanten og snuste og blei gravskiten frå skuldrene og ned.

SAM_0330Turen varte i godt over ein time, og då me kom attende til verkstaden var ikkje bilen min heilt ferdig, men kona til mekanikaren hadde vore og  sett til hesten sin, så då stod eg og prata med henne i mens. Etter eit par minutter starta Emil å ULE slik han gjer dersom han blir satt igjen inne medan me er ute. Då eg ignorerte det, starta hoppinga. Nevnte eg kor skitten han var?

Så, mykje lyd, endå meir enn før, noko eg er litt fortvila over. Det eg gjer med han, er tydeligvis feil, sidan det berre blir verre og verre.

Dette med å lage lyd når han kjem frå bilen har han gjort to gonger før, men då har det berre vore i maks fem til ti sekunder før han roa seg. Dette har blitt verre på berre tre gonger, så noko MÅ gjerast, men kva????  

SAM_0334
Innkjørsla er nå nesten heilt fri for snø!! Jippi!!!

4 kommentarer:

  1. Jeg syntes det høres ut som om Emil trenger ro/passivitetstrening jeg. Og that's it, masser av det :D

    SvarSlett
  2. Enig med Nina, men syes virkelig synd på deg nå Kari Anne!

    SvarSlett
  3. Er det ikke noen instruktører/adferdsterapeuter eller lignende du kan ta kontakt med der som kan se på "saken"?

    SvarSlett
  4. Til alle tre, dette går så fint, så :-)

    Litt drama i kvardagen må jo til, og kva skulle eg ellers bedrive dagane med om ikkje Emil produserer stadig nye utfordringar til meg? ;-)

    Eg får hjelp, og dette skal nok bli så bra, atte :-)

    SvarSlett