mandag, april 04, 2011

Prosjekt Brumlebasse - me trør på vidare.

I dag skulle eg treffe Siv for å få litt hjelp med Prosjekt Brumlebasse, og eg både gleda meg og grua meg. Eg gleda meg til å få tips til korleis eg kan jobbe med han vidare - og då særleg fram mot første helga av Elitesatsinga nå i april - og grua meg til kor ille han kunne komme til å oppføre seg.

Me treftes ved Hove Leirsenter klokka elleve, og eg visste bare om at Siv skulle møte meg, men jammen meg kom Elin og Spike også! Etter ein kort briefing måtte me til pers, Emil og eg. Eg hugsar ikkje HEILT rekkefølga for når ting skjedde, men greit oppsummert skjedde det slik:

Då eg først tok ut Emil or bilen, dukka Operasongaren opp. Mykje lyd og hopping, altså. Då han fekk føtene på jorda igjen, fekk han belønning for det, og min instruks var å belønne kontakt og fire føter på bakken, og ikkje belønne når han såg på Spike, men når han såg tilbake på meg. Dette er litt motstridande mot slik eg har jobba tidlegare, då eg har jobba etter Kindereggmetoden (som eg avskyr navnet på, for det er ingen overraskelsesmomenter her). Dersom Emil låste blikket på den andre hunden, skulle eg gå bakover til eg hadde kontakt igjen, og belønne det.

Då Spike kom ut, låste han blikket med ein gong, og opp kom busta. Eg gjekk bakover, og belønna med godbitar frå handa. Etter ei stund fekk eg beskjed om å belønne med godbitar på bakken heller.

Busta kom ned, og Spike gjekk inn i bilen igjen, og Emil fekk ballen sin.

Neste økt fekk eg beskjed om å bruke mykje meir omvendt lokking, og eg skulle bli streng på tannbruk. Null godbit dersom eg kjente tenner på fingrane, og rolige bevegelsar, og han skulle få godbiten når han sjølv var rolig. Ro og ro og ro og ro, altså. Dette syns eg fungerte veldig godt på han, for kvar gong han kikka litt lenge på Spike, gjekk eg bakover, og Emil fulgte etter.

SAM_0502
Emil sit fint under omvendt lokking, og veit han må fortsetje med det før godbiten kjem så nærme at han får lov til å forsyne seg rolig.

Då Kenzi kom ut, blei det straks vanskeligare, og han hadde eit utfall då ho kom litt nært på. Eller.. utfall og utfall.. Han sprang ut i bandet, og det kom lyd, men ingen bjeffing, trur eg.

Det utfallet kom like etter biletet over, og altså sekunder etter at han såg så rolig og fin ut, skjedde dette:
SAM_0503 
Her har eg allereie sett kva som skjer, så eg er i ferd med å samle opp bandet for å stålsette armen for rykket før me rusler bakover og får litt større avstand. Kenzi var vel ein tre-fire meter unna då dette hendte.

Og her er filmen som bileta er henta frå. Bak kameraet går Kenzi ganske nært, og Spike eit stykke unna. Altså to hundar ute samtidig.

Etter ein lenger pause, blei også Prosjekt Operasongar tatt tak i, for han er fæl til å hoppe på meg med ein gong han kjem ut or bilen. Det eg skulle gjer til å begynne med, var å ignorere hoppinga. Då han hadde fire føter i bakken, skulle han få belønning via omvendt lokking, og også her skulle han vera forsiktig i munnen. Rolige rørsler skulle utløyse omvendt lokking.

Etter nokre godbitar utor bilen, fekk han hoppe inn at. Neste økt var det litt hopping igjen, men mindre enn første gongen. Dei påfølgande øktene roa han seg raskt og greit.
Desse første øktene haldt eg ikkje i bandet då han skulle ut, for under Brumlebassetreninga erfarte eg kor lite som skal til av at eg gjer noko med bandet før hoppinga startar.
Etterkvart tok eg i bandet og han var like roleg, uavhengig av om eg haldt lengst ute i løkke, eller nesten heilt oppe ved selen.

Dette med bandet skal eg jobbe med separat, og trene på å gradvis venne han til at han kjenner at eg held i bandet uten at han starter å hoppe på meg. Eg skal også forsøke om han reagerer annleis når han har halsband kontra sele.

Vidare i dag fekk eg trent litt på avlevering av ball, og fekk nokre tips til lydighetsinnkalling, og fekk også deilig kosekos av Vips :-) For ein behagelig hund!

Då me skulle heimover, kikka eg på klokka og såg me hadde holdt på i TRE timar! Eg trudde alvorleg talt me hadde vore der ein god time... Sånn kan det gå ;-)

Me fekk forresten skryt også i dag! Han hadde fin plassering i FVF, og rette fine innkomstar, og det var eit luksusproblem at han stadig ville inn i utgangsposisjon og eg ikkje fekk han i front, og så er han fin, og konsentrert og har fått god avlevering, og kjapp neddekk og og og... :-)

Mine punkt å jobbe vidare med er følgande:
* Ro ut or bilen. Bruk omvendt lokking, og ignorer hopping. Tren gjerne like utanfor bilen, og løys opp med litt leik innimellom

* Belønn kontakt i lag med andre hundar. Før han får låst blikket på den andre hunden, gå roleg bakover og belønn kontakt. Etter kvart kan eg gå litt FVF og belønne for at han held kontakten på meg.

* Under innkallingstrening, belønn med leik BAK meg for å få vekk kollisjonsinnkomst.

* Avlevering: sei BRA når han dytter snuten i handa mi, og belønn med godbitar frå den andre.

* Bruk mykje omvendt lokking. Veksle mellom å belønne med godbit på bakken og godbit via omvendt lokking. Han skal ha rolige bevegelsar før belønning kjem.
Dette kan også brukas når han skal få leike som belønning. Vent lenger og lenger før belønning kjem.

* Emil er ikkje ein problemhund. Veldig viktig punkt!!  Det er et bittelite problem for MEG, men absolutt overkommelig!!

 

Eg kjem kanhende til å tilføye noko her, men nå må eg skunde meg å skifte og køyre opp til Iveland for Dametrim! :-)

8 kommentarer:

  1. Så spennende dette med omvendt lokking, det må jeg høre mer om når vi treffes

    SvarSlett
  2. Da var det deg jeg vinket til idag. Kjente igjen Emil før deg(du vet du er hundegal:)
    Så bra å høre at det går bedre for dere, og dere er kjempeflinke til å trene:)

    SvarSlett
  3. Nei, Emil er langt fra ein problemhund, og det er godt å lese at dåkke har funne nåke som ser ut til å fungere.
    Blir spennande å sjå framover og bedringen i det heile. :D
    *klem*

    SvarSlett
  4. Marit,
    Nå blei eg litt i tvil, eg har to Marit J å velge mellom... Ei på Verås og ei på Saga :-) Men uansett kven av dei du er, så skal du sjølvsagt få høyre om omvendt lokking :-)

    Evy,
    ja, eg såg deg og vinka, og tenkte at du heilt sikkert visste at det var me som stod der :-)

    Olaug,
    Ja, eg har trua på dette her. Må på generelt grunnlag få ned stressnivået hans, ro og atter ro, så vil det nok gå seg til når han blir voksen i skolten ;-)
    *klem* tilbake!

    SvarSlett
  5. Åååå! Nå gleder jeg meg til neste blogginnlegg :D

    Likte spesielt godt det siste punktet på lista di :)

    SvarSlett
  6. Så bra å høre at du er optimistisk på vegne av skjønnasen. "Det løser seg. Det kommar ordna seg, det fixar seg til slut..." (Timbuktu) :)

    SvarSlett
  7. Åååh, så glad jeg ble av denne lesingen, og så lærerikt! Nye metoder og nye tips er alltid kjekt! Høres ut som dere er inne på noe som kan fungere veldig bra for dere!

    Gleder oss til å lese mer :)

    SvarSlett
  8. Åhååå Alle hjerter gleder seg :D
    Dette både så og hørtes SUUUPERT UT!
    Og så så flinke dere er begge to!
    Nei nå ble jeg glad!!!

    SvarSlett