lørdag, mai 07, 2011

misMot i brystet, uVett i pannen, BLY i bein og armar

Prosjekt Brumlebasse fortsetter for fullt, og det motet eg fekk i Arendal har sakte men sikkert svunne hen. I helga er det NKK utstilling i Kristiansand, og uklok av skade, utrusta eg meg med leiker, godbitpølser og pågangsmot og reiste ned for å trene på parkeringsplassen.

Først var eg ikkje sikker på om eg var på rette parkeringsplassen, for eg høyrte ikkje ein einaste hund rundt meg. Ikkje såg eg ein einaste bil med bur inni heller.
Emil fekk komme ut likevel, og eg brukte litt omvendt lokking for å vise han at det ville lønne seg å forholde seg rolig. Han var svært lite opptatt av meg og godbitane, og under den omvendte lokkinga, såg eg at han sat og snuste ut i lufta og såg nesten gjennom meg.

Etter busting og brumling og boffing, fekk han ein kort pause i bilen før me prøvde oss på nytt. Denne gongen gjekk det betre, men han var høg framleis, og her tok eg mi første av ei rekke dårlege avgjersler. Eg låste bilen og bevegde meg bortover til ein stad der eg hadde god oversikt over kor det kunne komme hundar mot oss og forbi oss.

Han såg ein curlycoated retriever, ein leonbergerkvalp, ein golden, fire GD, tre bedlington, to cairn, ein dachs, ein BC, ein blandingshund, ein kleiner münsterländer, to labradorar og ein brun eg ikkje veit kva er. Innimellom alle desse hundane dukka Operasongaren opp med jevne mellomrom.

Då me hadde vore der i nærmare tre kvarter, hadde han roa kroppen såpass at han kunne sjå hundar passere på 10-15 meter utan å bli stram i maska eller reagere på nokon som helst måte. Då dachsen kom, var den så nærme som 5-6 meter, framleis utan annan reaksjon enn at han la seg ned og seinare klynka litt då han skjøna at dachsen ikkje ville komme bort til han.

Så kom BCen, og medan me sat rolig og kikka på den, dukka den ukjente brune opp i blindsona mi. Brått var den der berre, og eg rakk berre såvidt å tenke at eg må reise meg og gå, men armane var blytunge, og beina også. Emil sat dessuten ganske roleg, heilt til den andre hunden var på veg til å passere , berre to meter unna. Emil gjorde utfall, og busta frå nakke til hale, og forblei høg ei stund etterpå. Eg VILLE ikkje la det bli det siste me opplevde, så eg sat ei stund til. Då labradorane kom, måtte eg reiser meg og trekke meg lenger vekk, og då blandingshunden passerte, kunne me sette oss tilbake. Münsterländeren var den siste me såg denne dagen, og då kikka han på hunden, kikka på meg igjen, kikka på hunden, kikka på meg igjen, heilt til hunden hadde passert. Uten stram munn og uten bust.

Eg har fått ein dato på når eg skal debutere i LP ringen, og det er 23. oktober, men i dag føles det som eit umulig mål. Kvifor får alle andre det til??

7 kommentarer:

  1. Bare et spm Kari Anne. Nå vet ikke jeg hva du gjorde på elite samlinga, men for MEG så det ut som om han valgte bort forstyrrelser når dere var i jobb. Etter å ha jobbet litt så det ut som om han etterhvert slappet av i miljøet- også uten å ha en oppgave.

    Når du var på utstillingen i helgen, satt du bare rett opp og ned eller beveget dere dere/ trente/ fokuserte på noe annet? Hadde det vært lurt å bevege seg? Trene litt? Til han roer seg og DERETTER ta en liten "titte-pause" før dere går videre?

    Så han får blåst ut litt steam og gradvis vent seg til miljøet??

    Ikke vet jeg. Bare en tanke

    SvarSlett
  2. Oops. Jeg glemte:

    IKKE MIST MOTET!! Dere ER kommet langt! Jeg VET dere vil komme i havn!
    Du er FLINK FLINK FLINK FLINK!!!!

    SvarSlett
  3. Joda, han velger bort forstyrrelsar når han jobber, og du har heilt rett i observasjonane dine ellers også.

    Først trente me litt, men så tenkte eg at han jo ikkje fekk med seg kva som skjedde rundt han då, og tok det litt meir med ro.

    Han er ganske enkel å få til å "snap out of it" der og då, men eg trudde eg skulle trene på ro og ro og atter ro, og han er IKKJE rolig når me trener, uansett kva det er me trener på.

    Men jo, EG føler jo at det du foreslår funker bedre der og då.

    Og eg veit at eg ikkje skal miste motet, men eg føler ikkje me kjem oss vidare forbi dette her..

    SvarSlett
  4. Hmmmmm...det er litt trist når du føler det slik Kari Anne. Jeg lever jo med en rimelig høy og stresset hund selv, og må bruke mye tid på ro. Jeg synes selv at det går tregt fremover, MEN det går fremover. Påsken i Sverige var en stress tur for Kenzi, hun klarte ikke å roe seg og kavet endel. Men det hjelper for hver gang jeg trener på det,og utsetter henne for nye situasjoner. Jeg må også jobbe veldig masse med meg selv for å ikke miste motet der og da. Stå på, dette kommer til å gå veien. Klem :)

    SvarSlett
  5. Ja, det går nok veien, men Vetle påpeikte i dag at me er på vei til å gjer det same med Emil som med Ayla: Unngå problemene fordi EG mister motet.

    Det går så didlande seint, dette her, og vissheten om at han vore slik som dette frå eg henta han heim, gjer det ikkje enklare å halde motet oppe.

    Og eg VEIT at eg må trene på det og trene på det og trene på det.
    Det er mulig at mine pessimistiske tendenser har erfaringsmessige årsaker, i og med at til tross for tusentals av timar med å jobbe med Ayla og frykten hennar - så endra det ingenting.

    SvarSlett
  6. Hei, jeg fant link på Hilde & Kenzi sin side og håper det er greit at jeg følger bloggen din.

    Du holdt på å ikke gå på Elitekurset, mens jeg holdt på å melde meg på. Jeg har fått flere kurs tidligere, bl.a. sammen med Hilde og hunden hun hadde før.

    Det er tøft når kurset er over og vi er overlatt til oss sjøl med treninga. Det kan være tungt, jeg kjenner meg igjen der. Jeg synes du gjør en kjempejobb med hundene dine, jeg.

    Hilsen Rita & Guro

    SvarSlett
  7. Hei Rita.
    Eg har faktisk eit bilde av deg og Guro fra 2006 eller 2007 fra et kurs du gjekk hos Siv :-) DÅkken trener burleker, trur eg. Eg var observatør den første kvelden, nemlig...

    Takk for fine ord :-) Eg føler vel at dette med stresset til Emil er det eg sliter mest med. Lydighetstinga går sånn passe greit, han er litt blond av og til, men stort sett skjønner han kva eg vil fram til.

    Og eg har vore innom bloggen din og lest om det du også jobber med, og syns det er interessant lesning :-)

    Og du skulle jo bare meldt deg på kurset :-)

    SvarSlett