onsdag, mai 11, 2011

Ting går i hundre!

Jepp, ting går i hundre for tida. Og slik er det vel å ha hobbyar som har toppsesong på denne årstida.

Til helga skal eg opp til Stavanger og halde rallykurs, og har brukt mykje tid på å førebu meg til det. Nå i helga som var jobba eg på spreng for å bli ferdig med alt eg skulle printe og dei siste detaljene, pluss at eg teikna ein haug med banar og planla kva skilt som skulle introduseras når, og korleis me skulle legge opp dagane. 
Og så er det slik at eg har fått meg ny laptop med Windows 7, og var vel eigentlet veldig nøgd med den. Heilt til søndags kveld. Då fraus skrivebordet så eg måtte tvinge den til restart. Dette sette igong ein kveld med tårer (ja, eg sutra litt då eg forstod kva som hadde skjedd), fortviling, sinne, forbannelsar, og matthet. Det som skjedde, var at heilt maskina sletta ALT som var gjort, lagra, eller registrer i løpet av heile søndagen. ALT var vekke. Og ingenting av det eg kunne, hjalp. Eg brukte kvelden på å leite meg fram til informasjon og mogleg løysing på nett, men fant ut at dette visstnok er ein feil i Windows 7 som Microsoft ikkje har laga fix til. Jippi. NOT!!

Difor måtte eg til på nytt. Sa eg at eg hadde brukt stort sett HEILE søndagen på å arbeida med kursmaterialet?

I tillegg er mappa mi med alle setta rallyskilt sporlaust forsvunne, så eg måtte printe og laminere på nytt. Og TING TAR TID, det er sikkert! Her er ein liten snutt som viser Dobbel åtte med forstyrrelsar Smilefjes



Tidlegare i veka har eg brukt ein del tid på å filme alle skilta i Klasse 1 og korleis dei skal utførast. Resultatet er på underkant av 10 minutter, men jaggu tok det betraktelig meir tid å få det bra nok!

Mandag tok eg med meg Emil til der eg var på lørdag. Og denne gongen tenkte eg at eg skulle gi han noko å jobbe med med ein gong me starta. Dette fungerte greit, men han MÅ ha noko å gjera kontinuerlig med ein gong han kjem ut av bilen, ellers dukkar Operasongaren opp. Etter ei kort stund ved bilen kunne me gå bortover fortauet eit stykke. Me stod litt i sida og trente sitt og omvendt lokking då ei russejente gjekk forbi i lag med nokre venninner. Dei gjekk veldig nært oss, og kikka på Emil, og eg høyrde ho sa:” Ååå, se den fine hunden!” Og idet ho passerte, snuste Emil på handa hennar, og ho fniste og sa hei til han i forbifarten.
Ei kvardagsleg hending for dei fleste, men det gjekk opp for meg at eg ikkje var NOKO redd for at han skulle bjeffe på henne, slik Ayla defintivt ville gjort! Det var slik ein deilig følelse at eg svevde resten av turen vår som varte i ein time! Me gjekk bortover fortauet eit stykke, og så sette eg meg ned på eit rekkverk og lot Emil sitte og kikke rundt seg til han roa seg, før me returnerte til bilen.

Så var det heim igjen og jobbe vidare på kursmaterialet før det var kino på kvelden: Rango.

Tirsdag jobba eg vidare på kursgreiene, og på kvelden skulle eg treffe Marit og Vinja for litt trening. Før me skulle ned dit, lot eg Emil få eit heftig søk etter frisbee ute på den tørre myra ved huset her, og han leita og leita og leita og sprang og fauk lågt over myrtuene her. Etterpå blei han så varm og tørst at han måtte nedi bekken for å bli svart og og våt og utørst.

Då me kom dit me skulle trene, og han fekk komme ut litt, var han jo reine drømmehunden! Ingen lyd, ingen hopping, bare drømmehund!!
Det skal seiast at ingen andre hundar var ute akkurat då, men det har jo ikkje stoppa han før..

Utover kvelden gjekk eg full rallybane med han, og syns han gjorde det godt. Me trente på Dekk-Stå og Stå under marsj. I tillegg fekk eg til litt Ligg og Bli og Sitt og Bli, og var i det heile ganske så fornøyd med kvelden. Tre timar seinare køyrde me heim og fant Vetle og Ayla i full gong med å støype grunnmur til drivhuset mitt! Smilefjes Juhu!! Nå er det ikkje lenge til det kan setjast opp!

I dag har eg vore på privattime hjå ei dame i Vennesla som kontakta meg tidlegare i vinter, og det var så uendelig kjekt å sjå at ho har jobba jamt og trutt og eg kunne sjå TYDELEG endring i dag!

Ellers trener me vidare på stå under marsj, og eg skal begynne på ruta når eg kjem att frå Stavanger etter helga.

Kva meir? Jo! Eg har fått bestilt time til HDrøntgen til Emil, og skal gjer det mandagen etter passeringskurset i Stavanger. Den helga er det dessuten Mentalbeskrivelse der oppe, så det har eg også meldt oss på. Greit å få det gjort, liksom, og få sjå kva som bur i han.

Då var det ikkje meir å fortelje. I morgon vender eg nasen mot Stavanger utan ein einaste hund, og DET skal bli rart, det.

9 kommentarer:

  1. Se her skjer det saker og ting ja:)

    Så kjekt at du skal ta MH på emil, planen er å få gjort det i august om eg snart får endelig beskjed på om det held med registrering i Nox registeret eller om dei må ha stamtavle.

    Og me gleder oss masse til kurs her i heimen altså:)

    SvarSlett
  2. Må du ha stamtavle for å ta mentaltest, altså? Så lenge du betaler prisen, så er det jo bare til å ikkje sende det inn, vel?

    Ja, eg skal på lørdagen, heilt sist av dei som skal den dagen, for me er på passeringskurs, vettu, så eg håper det går så didlande seint med dei andre, at me ikkje går glipp av så veldig masse på kurset.

    Og eg gleder meg også til kurs :-)

    SvarSlett
  3. Så kult at du og får deg drivhus, da vet jeg hvem jeg kan kontakte for tips.. For jeg har ikke peiling på sånt.. ;-) Men du skriver du kommer uten hund i helga?? Hilsen Renate

    SvarSlett
  4. Eg veit ikkje heilt, er nokre regler for kva nox registrerte kan delta på meiner eg har høyrt at K-test og FA kan dei ta men ikkje MH men han skulle sjekka med NKK han som ordner med det iløpet av veka så får me sjå :)

    SvarSlett
  5. Renate, Ja, eg komme uten hund, men eg kan vel treffe deg fordet? :-)

    Gunn,
    Da ein FA då, vel, eller er ikkje det aktuelt?

    Og så kan du jo komme og sjå på Emil og meg hvis me får ordne det så me går heilt til slutt på lørdagen :-)

    SvarSlett
  6. Ja det er jo aktuelt, men datoen passa betre for MH og så er eg så barnslig at eg syns det er litt kjipt for ho kjem ikkje til å bestå FA pga skudd, men en MH er bare en beskrivelse og er ikkje bestått eller ikkje bestått :P

    SvarSlett
  7. Eg forstår deg VELDIG godt på akkurat den ;-)

    SvarSlett
  8. Men SÅÅÅÅÅ bra Kari Anne!! Da ser du at det SLETT IKKE står stille med dere.
    Dere tar jo syv-mils-steg! :D

    Og grattis med drivhuset! Jeg ønsker meg hønsehus :D

    SvarSlett
  9. Nei, me gjer ting nå, det skal me ha. Men han ER veldig på alerten for alt som KAN vær andre hundar... Ei dame som kom og skulle plante blomster på ei grav, hadde papirposar med seg som ho satte på bakken, og då kom busta opp og brumlinga starta. Det kunne jo vore ein hund, må vite! ;-)

    Og hønsehus kunne eg også tenkt meg, men me eter ikkje så mykje egg og då blir det liksom så dumt... :-) Derfor blir det drivhus. Planter er det ALLTID nåken som har lyst på :-)

    SvarSlett