fredag, juli 01, 2011

Det nærmar seg Elitehelg

Det er ei veke til helg nr to på Elitesatsingskurset, og eg har gjennomgått leksa mi. Ruta kan eg berre gløyme, der treng eg hjelp. Stå under marsj kjem seg VELDIG, mens Apport er noko me ikkje har jobba med i det heile.

Seks veker har jo gått med til knekt arm, og sjølv om det høyres merkeleg ut at eg ikkje har fått trent pga armbrudd, så er det det som er fakta. Bruddet var komplisert, oppe i handleddet, og har vore veldig veldig smertefullt. No etter at eg har fått av gipsen er smertene der oftare enn før, for handleddet er stivt i alle retningar, og eg klarer ikkje å belaste det noko. Berre det å vri opp ei fille, eller skru av korken på ei brusflaske gir nok smerter til at eg enn så lenge ikkje klarer det. Eg er framleis hoven i handleddet, og når eg har forsøkt å leike med Emil med høgrehanda, så er han såpass intens i leiken sin at rykka forplantar seg gjennom heile kroppen og ut i venstrearmen. Eg får heller ikkje til å levere godbit med venstrehanda under FVF.

Men, me får trent bittelitt kvar dag, og det må eg dessverre sei meg nøgd med enn så lenge. Korleis det skal gå neste helg på kurs, veit eg ikkje, men i verste fall får eg sitje og følge med på kva dei andre gjer. Emil har dessutan vore lite ute i verda etter gipsen kom på, og eg ha små forhåpningar for korleis det skal fungere på Hove.
image
Me har fått nytt bur til han, og dette viste seg å vera stort nok til to hundar. Både Ayla og Emil fekk plass i det, så eg kunne nok tatt ein str mindre. Men det var lett i vekt og særdeles enkelt å setja opp, så då er me nøgde likevel. Det blei kjøpt på www.hundeboden.com, og det var den desidert billigaste plassen eg kunne finne eit slikt bur.

Og så har hundane fått seg kvart sitt nye halsband frå kolleksjonen “KAOs”
image
imageimage
Dei ser heimelaga ut, og det er i grunnen heilt greit. Begge banda passer perfekt til dei dei er lagde til, og sjølv om bokstavane og “pynten” er ujamne og skeive, så blei både Ayla og Emil særdeles nøgde med banda sine Smilefjes

Til slutt eit bilete av ein kar eg fann i drivhuset i dag:

image

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar