torsdag, september 22, 2011

Å våge…

Sidan forrige innlegg har det ikkje blitt fleire spor på Emil og meg, men me har ikkje gitt opp. Dagane raser avgårde, og av og til må eg ha rolege dagar pga at armen er så vond, men så er det på’an igjen for fullt.

SAM_1884 
På langtur i heia.

IMAG0116
Tepause

Me har vore på ein langtur, eg og Emil, og forrige helg var svigermor Tove her og passa hundane og kattane mens Vetle og eg var i Gøteborg ein tur i forbindelse med bursdagen min. Helga hadde gått heilt fint her heime, til tross for at bekken hadde flaumt laaaangt over sine bredder, og det hølja ned med regn heile helga.
Det er LUKSUS å ha Tove som hundepassar!

SAM_1895

SAM_1942
Inne på Universeum der apekattane gjekk laus


SAM_1947
Gøteborghjulet

SAM_1977
Meg i Gøteborghjulet

I dag hadde eg og Hilde avtalt at me skulle trene litt, og i siste liten blei me med litt nøling enige om at me skulle introdusere Emil og Kairos for kvarandre. Planen var at me skulle gå med dei i band det første stykket, og så når begge to var rolege nok, så skulle me sleppe dei. Me gjekk innover mot Fiskelausvatn og starta 60-70 meter frå kvarandre.
Nesten inne ved vatnet bestemte eg oss for at me skulle sleppe dei, så Hilde gjekk heilt i botnen av bakken før ho slapp Kairos.
Han sprang ikkje rett opp til Emil, og det var jo positivt. Når dei til slutt helste på kvarandre, gjekk det først greit, men så brått var det eit crescendo av brøling og tenner, før det like brått var over.
Etter det gjekk det så fint, atte Smilefjes

SAM_1979SAM_1980

Emil var i grunnen ikkje fullt så fascinert av Kairos som det Kairos var av Emil, men Emil har tydeleg språk og Kairos skjøna kva han sa. Me passa på å halde oss i bevegelse heile tida, og snudde like før me kom til endes av vegen.
Eit stykke av heimvegen gjekk Emil i band og Kairos var laus, og då lot han Emil få gå i fred. Knallbra!

SAM_1978

Då me var på veg oppover den brattaste vegen, valde me å ta hundane i band for å trene litt båndtrening medan dei var gode og slitne. Takk og pris for at me gjorde det, for laaaangt oppe i bakken kom det ein laus elghund ruslande. Han forsvant inn i skogen der oppe, men det var ingen eigar som fylgde han. Eg gjekk først med Emil, og tanken min var at det var betre at Emil tok den eventuelle støyten åleine, enn at det skulle vera TRE hundar som skulle finne ut av kvarandre.

Emil såg elghunden og reiste bust heilt til me kom opp dit den forsvant i skogen. Me trudde me hadde unngått eit møte med den, men så kom den attende. Då gjekk Hilde og Kairos eit stykke framføre oss, så eg valde å sleppe Emil medan ho og Kairos sprang vekk. Elghunden var berre måteleg interessert i Emil, men stod og flekka tenner då Emil kom bort. Eg gjekk motsatt retning, og høyrde murring frå ein eller begge to.
Til slutt heiv eg ein neve godbitar over dei, og då starta elghunden å snuse på bakken og åt godbitane. Eg fekk kalla Emil inn til meg, og så brukte me teknikken frå passeringskurset til å komme oss forbi. Elghunden fylgde heldigvis ikkje etter oss.

Hadde det vore ein annan rase enn typisk jakthund, ville eg løyst situasjonen på anna vis, men mine erfaringar tilseier at jakthundar generelt er fornuftige og konfliktsky når dei treffer på mine hundar. Og det viste seg å stemme denne gongen også! Juhu!

Alt i alt var det ein nydeleg tur, me hadde sol og ikkje så mykje vind, og me var skjønt enige om at dette ville me gjenta om kun kort tid. Smilefjes 
Eg er stolt over kor tydeleg Emil var i språket sitt, og at han ikkje tydde til håndgemeng kvar gong Kairos blei litt vel intim for han. Og eg er veldig glad for at Kairos forstod kva Emil sa og at Kairos svarte han så tydeleg. Nok ein løøøøvli tur!

3 kommentarer:

  1. Og vi var alle enige om at det hadde vært en fin tur...! :)
    Ja, det var en kjempefin opplevelse for Kairos og meg.Emil var tydelig og fin i språket og Kairos oppfattet, heldigvis. Og jeg så at han faktisk har et Ok hundespråk ,han også:)
    Og det samme kan sies om deg, Kari Anne! Tydelig-og en god veileder.:) hilsen Hilde

    SvarSlett
  2. Takk for fine ord :-)

    Eg var jo i utgangspunktet ganske så sikker på at Kairos ville takle dette heilt fint, men turen gjorde godt for alle fire! Den elghunden er den aller første hunden me har treft på våre turar innover vegen (og dei er ikkje få etterkvart ;-). Det gjekk i likaste laget, og Emil fekk jo trening i å passere han til slutt...

    Tenker det vil gå betre og betre for kvar tur, eg, og det hadde jo ikkje vore dumt :-)

    SvarSlett
  3. Det er deilig med sånne dager, da sånne ting funker:)

    SvarSlett