tirsdag, januar 23, 2007

Ny mandagstrening. Det er ikkje alltid hjernen fungerer i stressa situasjonar.

Oi, det er ei heil veke sidan sist eg oppdaterte.. Det er for dårlig...

Me har ikkje trent så mykje sidan sist, for det blei travelt med førebuingar til begravelsen på sørlandet og reise og styr og kav.
I Grimstad møtte Ayla for første gong bror til Vetle, og det gjekk i grunnen heilt fint. Ingen bjeffing eller busting eller sånne ting, og sjølv ikkje då naboen under brått kom inn døra då me var på veg ut kom det lyd frå henne.

Då me kom heim att, viste det seg at Joey er forkjølt og renner frå nasen. Han ville berre sove, og kun ete eitt måltid om dagen.
Ayla nøys i eitt, og hadde ein del innovernys. Eg frykta enten nasemidd, influensa, kennelhoste eller vanlig forkjølelse. Har ikkje vore til veterinær med det endå, og nå ser dei ut til å vera på god veg til å bli heilt friske igjen.

Sidan fredag har me pga sjukdom holdt oss i ro, så då Ayla fekk vera med på trening i går, var ho kjempegira! Stålblikk og kanonkontakt, kjappe rørsler då eg trente dekk frå holdt og dekk under marsj!

Dei andre på gruppa fekk det også godt til, til tross for snøvær og ganske så kaldt!

Då me skulle gå, lot eg Ayla komme ut og leike i snøen. Eg var heilt sikker på at eg hadde sett at Veslemøy lukka Buddy inn i bilen, og lot Ayla springe bort i skråningen med bandet hengande etter seg.
Det eg ikkje hadde sett, var at Isak (c?) hadde kommt ut, og han kom jo springande bort for å helse.

Ayla blei nok litt forelska, og saman sprang dei bort på stien som går forbi skulen der me var. Der kom der ei dame med ein mellomschnauzer, og då eg skulle bort for å hente Ayla, kjefta ho på schnauzeren. #¤¤&##¤#¤&% altså!!! Det høyres så mykje verre ut enn det er, men eg trur eg skal trene veldig mykje på å passere og forholde seg til andre hundar i band. Noko må eg gjera med den bøllinga, i alle fall.

Og så til beviset for at hjernen min ikkje fungerer i stressa og nye situasjonar.
Eg hadde tatt Ayla i band då Isak kom bort og hoppa opp på henne for å ri. Panikken greip meg, og eg drog i bandet for å dra Ayla vekk frå han. Lurt? Kjempe... NOT! Eg drog fleire gonger, så opplevinga blei betraktelig verre enn nødvendig for henne. Ho vart ikkje tydeleg skremt av Isak av den grunn, og seinare då eg skulle ha henne i band igjen, viste ho heller ikkje teikn til at ho hadde fått varige men av det. Ho gjekk like fint og oppmerksomt som før.

Men, at det går an å vera så idiot i hovudet!! Eg fatter det ikkje!

Eg skriv det på kontoen for tilgivelige tabbar, og håper at ho ikkje har mista tilliten til meg.

1 kommentar:

  1. åh, men det e lett å miste håve i slike situasjonar... Sjå på det slik, Swejsan vil og driva hekkan med dei så komme i band om han e laus. Så når du finne ut koss du vil endra på det, legge eg meg i støvet, og håpe på å kunne få var med å trene på det. =)
    Eg har ein aen ting eg heila tidå drite meg ut på. Te vanlig går eg itte andre knuten hvis me går tur, men når det komme hund, så blir eg ånnas i håve, og helde meg te 1. knute.. Eg vett at uansett, hvis han får det for seg, så hoppe han opp på 1. knute, men det gir han mindre mulighet. Men om han går på andre knute, så blir det iallefall gale. for då får han dratt ut bandet og blir gira av det. Eg trur iallefall han blir gira og oppøst av å få dratt det ut.. Men alpha omega e nok kontakt her og.. Eg vett det egentlig, men som eg seie, lett å mista håve..

    SvarSlett