tirsdag, mars 20, 2007

Ein time og tre kvarters lykke.

I dag skulle me vore på fellestrening, men eg fekk ikkje svar kven som skulle, så då uteblei eg også. I staden tok eg med meg Ayla på langtur, og valgte ein runde på ca 5 km. Omtrent halvveis slapp eg ho laus, og hadde som vanleg musikk på øyra. Høgt. Brått stansa ho opp og kikka bak meg, og kom bort til meg. Eg kikka bakover og der kom ein joggar! Og ho bjeffa ikkje eller noko!

Ein halv time seinare traff me den dama som Ayla plar bjeffe på, men ikkje ein lyd på henne heller. Så traff me ein mann, og ikkje eit pip frå Ayla.

Då me var midt mellom sjøen og Vistnestunet, kom der ei dame gåande. Der bjeffer Ayla ALLTID på folk. Dama stoppa og spurde om vegen til gapahuken, og eg tenkte nå må eg snart snakke høgt for å overdøyve Ayla. Men, nei. Ikkje ein bitteliten lyd då heller. Eg forklarte kor gapahuken var, dama takka, og gjekk frå oss same vegen som me skulle. Ayla ville gå litt fortare for å snuse og sånt, men det var alt.

Oppe ved ridebanen kom det ei jente, ca 12-14 år gammal. Eg leidde Ayla litt vekk frå jenta, sånn av hensyn til jenta, men ho kom bort og ville klappe. Eg tok sjansen, og det gjekk heilt fint. Jenta bøyde seg ned til Ayla og spurte om ho kunne få nuss, og Ayla nussa. Hehe… den nussen ville ikkje eg hatt, for å sei det slik… Ho hadde jo nettopp fått hestebæsj som belønning.. Jenta reiste seg opp med eit ubetalelig uttrykk i ansiktet, men var strålande fornøyd likevel. Det var eg også!!!

Så traff me Rolf og ein gutunge, og det var bare guten som var kjekk i dag. Rolf betydde ingenting, så Ayla var utrulig sliten av turen. Deilig!!!!

Deretter kom ei mor med ei jente på 2-3 år, og eg slapp Ayla bort til dei. Jenta fekk seg eitt slikk på kjaken og blei såååå glad og ivrig og det var såååå kjekke hund, altså! Ayla gjekk også bort til mora for å snuse på handa og det gjekk også greit.

Me kunne gå rett forbi voksne damer og ting var ok. Då me kom heim og skulle tørke skitten av magen og beina, sette Ayla seg ned og var heilt gåen. Men så hadde ho snust og vore interessert i ting og tang på absolutt HEILE turen!

Denne turen varte i ein time og tre kvarter. Om nokon skulle sett oss under heile turen, kunne dei ALDRI sagt at me jobber med adferdsting. Me ville sett heilt usedvanlig harmoniske ut, og Ayla ville sett ut som ein perfekt hund som gir matmor oppmerksomhet til den store gullmedaljen.

Ho trakk ein del i bandet fordi ho gjekk i selen, men det driiitegi! I ein time og tre kvarter var Ayla den perfekte hunden!!

Sånne dagar gjer at alt arbeidet er verdt strevet og tårene.


Gledestårer er også tårer...

1 kommentar:

  1. Utrolig bra Kari Anne! Det viser bare at dere er knallflinke til å trene! Du har all grunn til å være stolt av både deg selv og Ayla!;o)

    SvarSlett