lørdag, juni 23, 2007

Ayla, den rare hunden.

Av og til kan Ayla ligge på golvet og sove. Puste skikkelig tungt. Me sit i sofaen og ser tv eller noko, og så brått vakner ho og kikker bort på oss.



Og då er det at ho blir så inderleg glad for at me er der, og berre MÅ komme bort og logrer og slikker oss litt på armen eller handa eller buksebeinet før ho legg seg til å sove igjen. Joey har aldri gjort slikt, og ikkje Tinka heller.



Men om eg sovner på sofaen, kan dette skje heilt utan at eg merker noko:





Eg trur han syns at når eg sover har han lov til å gå opp i sofaen uinvitert. I dag låg tilfeldigvis mobilen like ved meg då eg vakna, så eg fekk festa rampestrekene hans til film. :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar