Med den nye Bende-vesten min og dei nye tauballane, var det omsider tid for mandagstrening igjen. Det blei litt travelt etter jobb med middagslaging/eting og slikt, og me var bare bittelitt for seine. Eg starta med å trene lineføring med tauball som avstandsbelønning, for det funka heilt vanvittig bra i dag tidlig.
Før eg fortsetter, må eg skrive litt om kva me trente på før jobb i dag. Eg måtte jo prøve vesten min, og rusla bort til lyktestolpen. Der begynte eg å belønne innkomstar ved å stille meg opp foran henne etter godbitservering. Eg gjekk lenger og lenger frå henne, og til slutt endte eg opp ca 8-10 meter frå henne, ho sat ei stund før ho i eksplosiv fart gallopperte mot meg og smalt inn i perfekt utgangsstilling. Då fekk ho den nye elsklingballen og ga meg det to gonger til etterpå.
Den nye vesten er knallgod å belønne med ball fra, og eg har nå offisielt forelska meg i den. :-)
Så var det tilbake til kveldens trening.
Eg har trent på lineføring og fri ved foten med ball som avstandsbelønning. Så har me trent på innkomstar og innkalling der fart var kriteriet. Me har også fått trent på passering av dvergschnauzer uten å bjeffe og med trang passasje, og det gjekk heilt strålande! Så trente me også litt ro saman med Buffy og schnauzeren, og det gjekk fint heilt til Buffy skulle prate litt med den andre hunden. :-)
Me fekk også trent på tannvisning med både Solfrid (som Ayla nesten ikkje har helst på før), og med Ellen Beate. Eg er fornøyd med begge to. Alle tre. :-)
Ayla er lettkjøpt. Uten tvil. EB ga henne eit par godbitar i forbindelse med håndtarget og hodetarget (me trente på det også, ja), og plutselig sette Ayla seg i utgangsstilling for henne. Mens eg haldt i bandet! :-)
Neste mandag er det sommaravslutning med grilling og kos.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar