Nydeleg vær på trening i kveld! Sukk!!
Me var seks stykker som trente i kveld, og eg trente stort sett for meg sjølv. Ayla blei nokså distrahert av to stk små hundar, og ein ny som ikkje har vore der og trent før. Eg brukte derfor to-tre timeout på henne, der eg sette henne i bilen når ho ikkje ga meg kontakt. Det funka i grunnen fint, for når eg tok henne ut av bilen igjen, MED distraksjonane fremdeles i nærheten, ga ho meg kontakt og me kunne trene halvveis effektivt.
Eg trente på: Stå og bli mens eg hiver ballen forsiktig framover. Sitt og bli mens eg hiver ballen framover. Fri ved foten MED kontakt (15 skritt!!!) med ball som belønning. Innkomstar.
Og på slutten trente me ro mens eg stod og prata. Eg lot henne gå og snuse på folka, og dei lot henne snuse seg ferdig før ho snudde seg mot meg og fekk godbit. Deretter la Ayla seg flatt ned på bakken og låg tilsynelatande heilt avslappa og sliten. Heilt til Kari-Kari (cairn) kom ut av bilen... Spjong, sa det, så var Ayla ready to go igjen.
Ho maser altså INGENTING når eg står i ro slik. :-)
Alt i alt var Ayla Gull med nokre biiiiittesmå unntak.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar