
Så skulle me kommanderes rundt i ringen. Det gjekk også bra. Eg syns eg hadde skikkelig god kontakt med henne, og kunne belønne med både godbitar og ball som ho kom tilbake med. Eit par gonger slapp ho ballen og snuste i stadenfor, men då eg gjekk bort og tok ballen, var ho med umiddelbart. :-)
Ellers tok me litt hindertrening, stå under baklengs marsj, dekk fra holdt med å gå fra, fellesdekk, fri ved foten med avstandsbelønning (20 skritt med stålkontakt).
Ved eit par anledningar var ho på veg bort til andre hundar med belønninga si, men kom på innkalling.

Ho bjeffa på ein schæfer og ei dame (den siste der var min feil, eg gjekk nok for nært), men eg var flink og trente passeringar på to stykker etter bjeffinga.
Heilt på slutten då dei andre hadde reist, foreslo Siv å sleppe Nemo og Ayla laus saman. Eg må sei eg var litt nervøs, og håpte at det skulle gå bra. Det trur eg Siv gjorde også. :-) Og det gjekk heilt strålande! Ayla hverken busta eller bølla eller terroriserte, dei berre koste seg og sprang masse! Det var deilig å sjå!! :-)
Ein alle tiders dag!! Til og med været var på vår side, for i det same eg køyrde nedover mot Arendal etter at Siv hadde reist, kom dei første dråpane. Til då hadde me stort sett hatt sol.
Takk og pris hadde eg med meg GPS'en, for det var litt krinkelkrokete å finne vegen ned igjen.
Ja... då eg kom ned mot brua over fra Tromøy til Arendal, stod det ei dame midt i rundkjøringa med eit skilt der det stod: "Bert, så tar jeg en knert". Eg prøvde det eg kunne å finne hornet til Vetle, og blei aldeles distrahert og køyrde feil. Med GPS! På veg tilbake greide eg å finne hornet, og dama måtte drikke. :-)
Tusen hjertelig takk til Evy for bildene!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar