søndag, april 27, 2008

Ein liten oppdatering.

Oy, nå er det lenge sidan forrige oppdatering. Hmm..
Det har blitt lite med trening, for forrige torsdag blei eg kvalm på jobb, og endte opp med fire dagar med kraftig mageinfeksjon. Dagen før hadde eg fått brev i postem med beskjed om at eg blei nøydd til å ha endå ein operasjon, og den fekk eg tatt denne torsdagen som var. Formen har med andre ord ikkje vore heilt på topp, for å sei det mildt, og det er stort sett Vetle som har lufta hundar desse vekene.

Ayla har ikkje vore på turar som har fått henne til å halte, men eg kan sjå at ho avlaster foten endå. No har ho blitt holdt i ro i tre veker. Ho takler det forbausande fint, men kvar gong ho høyrer eit klikk, lyyyyyser ho opp og spretter rundt og tjo og hei, så klikkinga har me også tatt pause fra nå. Ho er så treningslysten at det verker i klikkertommelen min, men eg kan berre vedlikehalde litt fri ved foten og stå under marsj og ikkje bruke klikker. På grunn av siste operasjon, kom me oss heller ikkje opp til Hundeeierskolen, Modul 4 denne helga. Eg har spurt om å få ta igjen helga til neste år, og det var visst greit. :-)

Eg har sendt mail til Fjellanger og spurt om råd til luktdiskriminering, men ikkje fått svar, så då har eg gått ut på nett for å kikke etter kva som fins der.
Eg fann ein artikkel på engelsk av Anne Lill Kvam, og så tipsa Kari-Anne om denne bloggen:

http://home.online.no/~esakv/Dogs/Mikke.htm
Her er fortsettelsen:http://my.opera.com/EsaOgMikke/blog/

Han her har laga eit slags stativ, og har lært Mikke å snutemarkere og sitte når han finner lukta han skal gjenkjenne. Det ser så kjekt ut!!!! Det skulle vore kurs i slike ting! Eg hadde glatt køyrd langt for å lære meir om luktdiskriminering, altså! :-)



Og no er det berre ei veke til Willie Nelson konsert i Lyngdal!


Eg må dessuten snart oppdatere dvd- og boklista mi også...

2 kommentarer:

  1. Har du fått svar på mailen ang luktdiskriminering?

    Vi fikk mange tips til bøker om valper og oppdrett i helga, jeg skal sende over lista til deg når jeg bare får summet meg litt.

    Nå er det ikke lenge til modul 5, gleder du deg like mye som jeg?

    SvarSlett