onsdag, juli 09, 2008

Kjapp oppdatering

Formen har atter ein gong vore ganske dårlig, så det har blitt lite trening på oss. Det går mest i stå under marsj trening på lufteturar, har trent litt på boksen (at ho skal stå planta på boksen med frambeina, men bevege seg til kvar side med bakbeina), doggie-zen, bringebærplukking og eting, gå fint ved sida av meg sjølv om eg har leike i andre handa, ligge i ro når eg set meg ned på kne, stimuluskontroll på dekk og sitt, stå i ro under børsting av pels, LIKE børsting av pels, gå fint i band i sentrum, leke i sentrum, ligge i ro mens eg sitter på benk i sentrum, spor, og kva meir?

Hmm... det var visst ein del likevel... :-)

Jo, og så skremte me nok livet av ei jente som kom på besøk til husvertane her ein ettermiddag.

Eg pleier alltid stoppe i døra for å høyre om der er folk utanfor, men denne dagen gløymde eg det. Ayla sprang ut døra etter at eg hadde sagt det var greit, og før eg fekk sukk for meg, høyrde eg eit hyyyyyyyl frå innkjørselen. "Ta an vekk, mamma! Eg e redde store honnar!"
Eg treiv tak i Joey og sprang ut for å sjå kva som skjedde. Ayla pleier jo ALLTID å bjeffe når ho ser folk her ute, men eg høyrde ikkje EIN lyd frå henne denne dagen.

Då eg kom ut der, stod ei voksen dame med to ungar inni skuret og haldt rundt kvarandre. Ayla sprang rundt dei og logra og smilte for harde livet, og eg fekk gått bort og tatt tak i selen hennar. Eg kobla henne ikkje, for eg bedømte situasjonen dithen at ho ville følge etter meg sjølv om eg ikkje kopla henne. Det gjorde ho. :-)

Då me gjekk derfrå, var ikkje jenta hysterisk lenger, og forklarte mora nøye at ho verkeleg var livredd store hundar.

Eg har seinare tenkt at situasjonen var ein seier for oss. Uansett om jenta var redd, fekk ho trass alt erfare at den svære svarte hunden hverken bjeffa eller beit henne. Og eg har tenkt at om ho verkeleg hadde vore så hysterisk livredd som det først høyrdes ut som om ho var, ville det ikkje gått over så snart me fjerna oss derfrå.

Og i går då me var i sentrum og rusla og trente litt, såg ho fleire hundar utan å bjeffe :-)

Foten ser også ut til å vera heilt fin igjen!

2 kommentarer:

  1. Det er jo superbra! Så deilig å kunne gå en tur og bare høste inn resultatene.
    11-14 er jeg i Oslo på kurs, 15 og 16 jobber jeg kveld, 17 hele dagen men 18,19 og 20 har jeg helt fri. 18 er det fellestrening på klubben fra klokka seks
    Bare å si ifra når du vil trene, jeg dør etter litt treningselskap.

    SvarSlett
  2. Hyggelig lesning at dere trener og koser dere! :o)

    Svar på ditt spørsmål i bloggen min:
    Nei, jeg kommer heller ikke inn på klikkertrener/instruktørforum. Sendte for lenge siden (i mars eller april, tror jeg det var) en mail til webmaster, men har ikke fått noe svar på denne henvendelsen. Siden det ser ut til å være svært liten aktivitet derinne (har tilgang på overskriftene i forumet), så har jeg ikke purret ytterligere. Har du?

    SvarSlett