onsdag, august 06, 2008
Frå øyrevarmar til hjartevarmar.
Den gamle Ayla bjeffa når folk kom bort til oss. Ho bjeffa etter folk me passerte på tur. Ho var uforutsigbar og eg kvia meg for å gå tur med henne dersom eg trudde me kom til å treffe folk.
No er ho tre år, og kan framleis bjeffe, men då på passerande HUNDAR. Me har gløymt å trene på framande her heime, så her bjeffer ho på folk. Men slik ho er her heime, slik var ho på tur, i bilen, på trening o.s.v. Når me er ute på tur nå, og det kjem folk langt der framme, står ho og kikker ei stund før ho snur seg rundt til meg og får godbit. Jo nærmare personen er når ho først ser dei, desto kjappare snur ho seg for å sladre til meg.
Ein kan undre seg om det er Ayla som har blitt betre, eller om det berre er eg som har blitt flinkare til å unngå situasjonar der ho vil bjeffe? Eg trur det er ein salig kombinasjon av begge to. Eg ER flinkare til å førebygge, takle, og reagere når me er ute. Men Ayla er meir avslappa og kul. Ho registrerer i staden for å reagere.
Dette har eg gjort:
Planlagte møter med "vennlege framande" der den framande står urørlig og drysser godbitar. Tanken bak dette var å forbinde framande med mat.
Etterkvart åt ho godbitar ut or handa mens den framande klappa henne på sida av kroppen. Heile tide haldt eg eit auge med korleis kroppen hennar var. Kor var halen? Øyrene? Blikket hennar? Vekta framover eller bakover? Stod ho direkte mot personen, eller med sida til?
Ved minste teikn til uro hjå Ayla, kalla eg henne til meg og lot henne slappe av.
Artikkelen eg hadde lest før denne treninga, sa at eg ikkje kunne gå for langsomt fram i denne typen trening. Difor haldt eg meg heile tida på eit nivå eg VISSTE Ayla ville takle.
Eg røska tak i alle eg kom over, og som eg var trygg på ville gjere som EG ba om - i stadenfor å tenke sjølv og ta initiativ til å auke kriterier heilt på eigahand. Eg sa klart frå om at det er EG som kjenner hunden og treng å bestemme kor fort me skal gå fram. Dette var viktig for meg.
Eg brukte folk eg gjekk på kurs med, kollegaer, familie eg ikkje såg så ofte, treningsgjengen.
Halen byrja å komme opp. Øyrene fram, logring, ho byrja å spørje meg om lov til å gå bort og få godbitar og kos.
Å spørje om lov i vår verd er det same som å gi meg blikkontakt. Etterkvart som ho kjenner reglane, innebærer det også å setje seg før ho får klarsignal.
Så fekk eg hjelp frå Maj Brit Iden frå Fjellanger i forbindelse med eit sporkurs ho hadde her. Etter det byrja eg å ta på Ayla på diverse måtar. Eg lot henne oppsøke utstrekte hender sjølv, mine og andre sine. Det var litt ekkelt til å begynne med, men etterkvart oppsøkte ho meir enn frivillig hender med hovudet sitt. Framoverbøygde kroppar også.
Her heime lot eg henne gå strekningar med handa mi på hovudet hennar. Eg byrja med å klikke i same augneblinken eg la handa på hovudet. På denne måten haldt eg humøret hennar oppe heile tida, og ho rakk ikkje å føle seg uvel før eg trakk handa vekk. Når me leika, tok eg ganske røft i nakkeskinnet hennar, og haldt heile tida auge med kroppspråket hennar. Det er kjempeviktig!
Så oppdaga eg Kathy Sdao. Klassisk betinging. Stimuli før godbit. Stimuli før godbit. Is i magen og la hunden sjå først, før godbiten kjem. Den dag i dag er mottoet mitt: "Is i magen". Det hender framleis at eg gløymer meg, reagerer instinktivt - og finn fram godbiten lenge før Ayla har oppdaga det som fører til at eg blir gavmild.
Til å begynne med hadde eg funne snadderbitar til henne. Desse brukte eg berre når me skulle trene på desse tinga, og ALDRI ellers. Eg hadde alltid RIKELEG med godbitar med meg når me gjekk tur. Vetle også. Og eg gjekk ingen stader utan is i magen. Eg unngjekk dei rutene eg trudde me kanskje ville treffe mykje folk på ein gong. Mengder har aldri vore problem for Ayla. Det var når det kom ein og ein.
Eg brukte framleis kursmedelevar, treningsvenner, familie og dei eg kunne få tak i. Kriteriene aukte til at ho måtte sitje før ho fekk "gå og helse". I dag elsker ho å høyre dei orda! :-)
Eg har gått over til at ho KUN får godbitar frå meg, ikkje dei ho helser på. Dette har ført til at når ho går og helser (lar seg bli klappa, og kanskje får lurt inn eit slikk på bar hud), vender seg mot meg, og er dermed enkel å kalle inn dersom eg ser at ho ikkje er heilt komfortabel med situasjonen.
Alt dette betyr ikkje at Ayla no kan reknas som ein normal hund, for me kjem alltid til å ha dette i tankane når me skal nokon stad med henne. Men me kan slappe meir av. Me har større kontroll på eigne reaksjonar. Me kjenner hennar mønster betre. Og eg TRUR me kjenner grensene hennar mykje betre no. Dermed blir livet enklare for oss alle. Og nå treng me ikkje bruke skuldrene som øyrevarmar lenger.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Bra skrevet Karianne, takk for at du deler med deg :)
SvarSlett