I går stod me alle fire på kjøkken og laga mat med stereoanlegget på i stova. Vetle og eg stod og snakka om laust og fast, då me brått såg at Ayla gjekk ut i stova med øyrene framover som om ho hadde sett eller høyrt noko.
Nå når det er to veker sidan løpetida starta, må me passe på stort sett heile tida, og då Ayla bevega seg, måtte jo Joey følge etter, må vite.
Plutselig høyrte me det gjekk i ytterdøra. Kven kom på besøk nå? Husvertane ringer jo alltid på, og Olaug kunne det ikkje vera, ho var på jobb.
Lenger rakk me ikkje å tenke før Ayla sette i eit helsikes lurveleven og bjeffa og busta og var heilt rasande!
Døra smalt igjen, og ho var skikkelig oppøst (oppspilt for alle ikkjevestlendingar som måtte lese bloggen)!
Me fekk buksert hundane på kvar sitt rom, og då eg skulle åpne ytterdøra for å sjå kven det var, måtte eg verkeleg ta i for å få opna. Utanfor stod ein skrekkslagen Svippmann som hadde forsøkt å ringe på, og tenkte at sidan me ikkje høyrte klokka - og han høyrte musikk innanfor - skulle han stikke hovudet inn og rope.
Hehe...
Eg må innrømme at eg lo godt fleire gonger i går kveld, og ser føre meg andletet til han mannen når Ayla kjem halsande mot han i stor fart!
Betre innbruddsalarm kan ein vel ikkje få?
Sjølv om eg naturligvis syns det er skikkelig dumt at ho er slik ho er med framande folk, så syns eg det er heilt greit at ho reagerer slik ho gjorde når det kjem framande folk inn i huset sånn heilt av seg sjølv.
Så er spørsmålet: Er den siste setningen der "å sjå det positive i situasjonen", eller er det nærmast "å banne i kyrkja"?