tirsdag, januar 27, 2009

Mandag og rallytrening.

Løpetida er i full gong, og i dag tidleg begynte Joey å pipe. Løpetidspipe, altså, ikkje pga vondten.

Ayla har dermed ganske så kort lunte, for ho er ikkje klar endå. For tida er ho ganske reaktiv, og ho hadde eit utfall mot ei dame her ein kveld me var på tur.
Frå no av blir det halti på tur for å ha prøvd det også.

Ellers har det vore minimalt med trening, og det er sikkert ein av grunnane til at ho er meir reaktiv enn vanleg, i tillegg til løpetida. Me får alltids trent litt her og der, og det går jo framover, så NOKO gjer me jo. Det blir berre litt lite av det om gongen.

Men i dag var det rallytrening igjen, og det kom MANGE i dag! Me var ti eller fleire, så eg var ein smuuuuule stressa, kan ein seie. Eg hadde førebudd meg til denne treninga, og bestemt meg for å trene på nokre av øvelsane til Avansert: Innkalling, dekk under marsj, stopp-sitt-springmarsj og sitt-foran-1-2-3 steg bakover.

Ghita hadde førebudd to små banar, ein Nybegynner og ein Avansert.
På Avansertbanen stod skilta: Dekk under marsj, stopp-sidesteg høyre-stopp, åtte tall med mat som distraksjon, fører venstre om - hund høyre om - fremover marsj, stå-gå i fra-berør, og stopp - sitt - springmarsj.
Dermed blei det til at eg trente generelt på kontakt, fingertarget, åttetall rundt ein haug med lause godbitar og tauballen (favoritten). Eg fekk også Ghita til å hjelpe meg med stå-gå i fra-berør. Det er ein stå under marsj der dommaren skal berøre hunden mens den står åleine, før eg går tilbake og får hunden med meg.

Ho stoppa i sneglefart, men sidan det ikkje var det me skulle trene på, lot eg det passere. Då ho stod åleine, gjekk Ghita bort og strøyk henne over ryggen. Det kom ein lite slikk om munnen frå Ayla, men halen var ganske høg og logrande, øyrene og blikket retta mot meg. Nokre sekunder etter at Ghita hadde gått i frå, belønte eg med ballen.
Me gjentok dette ein gong til, og då kom ho også med slikk rundt munnen. Er målet å ikkje ha reaksjon?
Kanskje dette er noko som folk med normale hundar kunne testa ut? Altså dei som har hundar som ikkje syns folk er det minste skumle.

Eit av skilta var som sagt dekk under marsj, og då skal me bare gå ifrå og med ein gong gå i ring rundt hunden og få den med vidare direkte frå dekk. Dette ville ikkje Ayla då eg sa HER (som er hennar ord for å innfinne seg ved sida av meg). Ho blei liggande sååå fornøydd. Ikkje tale om at ho skulle rikke seg frå Dekk. Eg fant ut at eg måtte sei KOM for å få henne til å følge meg. Rare hunden...

Alt i alt var kvelden suksess sidan det ikkje kom lyd, og då me gjekk banen, stod det folk og hund nært der eg gjekk frå henne for Stå-gå i fra-berør (eg gjekk ikkje langt), utan at ho lot det affisere henne vidare.

Når det gjeld Joey, var me til veterinær igjen på torsdag, og ting var ikkje betre. Me skal dit igjen onsdag og sjekke om der framleis er puss og blod. Eg kjenner jo at det lukter av han, stakkars, og det lukter ILLE! :-S

2 kommentarer:

  1. Hmmm, Klarer ikke å se det for meg. Er slikkingen rundt munnen en form for avspenningsreaksjon tror du? Kan du ikke prøve å få gjort det samme mandag også få det filmet? Jeg er litt usikker, men om det er en form for avspenning så tenker jeg at det kanskje er greit å la henne ha den, bedre enn at det bygger seg opp?

    Lykke til med Joey i morgen, håper han snart kommer seg!

    SvarSlett
  2. Ja, skal prøve å få filmet det neste mandag.

    Jeg tror nok heller det er demping, men jeg skal som sagt forsøke å få det filmet. :-)

    SvarSlett