lørdag, februar 28, 2009

Agilitykurs, lørdag. Praksis.




På bildet: Dette var dessverre ikkje beskrivande for korleis Ayla oppførte seg i dag.

Eg trur at eg aldri har hatt så mykje godbitar med meg på kurs før, for eg skulle verkeleg ikkje gå tom i dag. Fiskekaker, heimelaga, pølser, tuber, Frolic, lever you name it.

På nederste bildet: Kristin hadde eit eller anna VELDIG godt, og ho stilte seg i enden av ein hinderserie på tre vanlige låge hinder. Her forsøker eg å få Ayla med meg tilbake. :-) Og Ayla ser ikkje særleg berørt av å bli holdt i halsbandet. Det hjalp verkeleg å ha trent på dette her, sjølv om ikkje agility akkurat har vore formålet med akkurat den treninga. :-)



Dagen starta med litt teori, ca ein halvtimes tid før me skulle hente hundane og starte på hindera. Me er fire på mi gruppe; ein boxer, ein BC, og ein kvit gjeterhund. Alle hannhundar. Ja, og Ayla då. 

Det første som skjedde, var at eg skulle hjelpe til med å halde pølsa åpen, og bandt Ayla ved gjerdet. Ho blei litt VEL ivrig i hopping og spretting og klarte å slite halsbandet tvers av. Ho sprang rett bort til boxeren som sjølvsagt brølte tilbake, og stakkar eigaren skulle redde hunden sin fra den frådande rottweileren og tviholdt i bandet til hunden sin. Kristin ropte at ho berre måtte sleppe bandet, og då fekk dei snakka samen på hundevis. Etter mykje om og men fekk me kontroll over kvar vår hund, og eg gjekk mot bilen og skulle sette henne i buret. Så kom eg på at dette ikkje skulle vera det siste som skjedde på banen før pause, og knytta bandet provisorisk rundt halsen hennar og trente litt vidare.

Dagen har brakt blanda følelsar, og ho har reagert på mykje: andre hundar, tre gonger på folk, til tider ikkje kjempegod kontakt, men det VAR mykje som skjedde på banen i dag. Tretten hundar som ganske så ofta prata høglydt saman til kvarandre, og det blei få pausar for henne. Det skal eg forandre på i morgon.

Når det gjeld hindera, gjekk alt greit, unntatt vippa. Den blei eklare og eklare, så om eg skulle jobba vidare med den, ville eg nok begynt veldig rolig og shapet inn høgare og høgare kriterier. Det gjekk nok litt for fort for Ayla akkurat der.

Neste utfordring var hjulet. Til å begynne med gjekk det også heilt greit, så snudde me over til store hundar, og første gong gjennom gjekk så det suste. Andre gongen klarte ho å velte heile greia over seg, og dermed ville ho ikkje gjennom etterpå.
Det hjalp å snu det over til den låge innstillinga igjen, og så fekk me nokre repetisjonar der ho hoppa gjennom likevel.


Dersom du ikkje klarer å sjå filmsnutten av Ayla på bommen, klikk her.


Mønet, Bommen, Lengdehopp, Hinder, Pølsa. Desse gjekk heilt flott, og det var veldig kjekt! Eg har sprunge og lekt og herja og svetta og blitt kald og storkost meg på kurs! Agility er knall! :-)

På bildet: Eg har nett kome heim, og då kom Legolas og la seg på magen min. Det fins knapt meir avslappande lyd enn ein malande katt. :-)

På desse to siste bildene: Eivind, ein av instruktørane, viser med Dewey korleis hindera SKAL gjerast. For eit tempo!! :-)

4 kommentarer:

  1. Dette så kjekt ut!!! Oh så gjerne jeg skulle ha vært der! Kanskje jeg bare skal gå på kurs en gang, selv om vi ikke har trenings muligheter her?
    Grattis med ny bil! Har sendt SMS til MB, venter på svar:-)

    SvarSlett
  2. Hørte at dere var flinke ;-)

    Konflinkter oppstår fort på kurs, - særlig denne type kurs, men slik jeg kjenner deg, så takler du det også på en fin måte ;-D

    SvarSlett
  3. Takk for det, Ghita :-)
    I all beskjedenhet, så syns jeg også vi var flinke ;-)
    Og så kjekt som det var!!

    SvarSlett