torsdag, februar 19, 2009

Til Joey


Når blikket mitt
møter ditt,
ser eg ungdomen
i sjela di.
Kroppen din lyg
til meg.
Du er ikkje gamal.
Sjela di er ung
og har mykje liv
att å leva.

Minna strøymer på,
av deg i graset
om morgonen
då kroppen din var ung.
Høge byks
for å skremma
mus og fuglar.

Deg ved sida av meg
på konkurranse
med logrande hale,
stolt marsj
over lydighetsbanen.

Dårleg samvit
blandar seg inn.
Rister det av meg.
Eg gjer ikkje slikt
no lenger.

Deg i skogen,
hit og dit.
Nasen like over bakken.
Kløven på ryggen,
så kry over jobben
du har fått.

Deg i armane mine
når eg hadde det vondast.

Tårene mine
som trillar nedover
pelsen din.
Lyden av deg
når du prøver ut
kva slag type bjeff
som får meg opp
av stolen den kvelden.

Du kjem springande
mot meg
i den høgaste farten du kan klare.
Langt vekke frå
liknar du den
du ein gong var.

Då ser eg glimt
av den du er
inni deg.

Gleda ved å vera
i livet,
trass i smerter og sjukdom.

Og når du kjem
heilt bort til meg,
seier augene dine
”Takk.
For at eg får komme
i mitt eige tempo.
For at du ventar
på meg.
For at eg nok ein gong
får kjenne tårene dine
i pelsen min”

6 kommentarer:

  1. Så utrolig flott skrevet, tårene står i mine øyne også.... Kjenner så godt det du sier!

    SvarSlett
  2. Kari-Anne,
    Tusen takk for det :-)


    Britt,
    Takk takk :-) Satt med klump i halsen når jeg skrev det også.. Han er blitt så gammel i det siste. :-(

    SvarSlett
  3. Det er så trist at de blir gamle og kanskje syke, men samtidig godt å kjenne hvor fint en har hatt det sammen. Han er heldig som har deg, som venter på at han kommer i sitt tempo!

    SvarSlett