søndag, mars 01, 2009

Agilitykurs, søndag. Praksis. Videoar og bilder.

I dag har Ayla vore seg sjølv heile dagen! Ingenting synlig stress, me hadde knallgod kontakt, ho brydde seg lite om dei andre hundane, og jobba knallgodt!

I dag skulle me endeleg begynne med innlæring av slalåmen, og eg skjønte at eg hadde fått ein god start her heime med å klikke når ho fant inngongen mellom dei to første pinnane. Det gjekk ikkje lange tida før ho slalåma seg gjennom fire pinnar!

Eg ser at ho er veldig mottagelig for hjelp gjennom mitt kroppspråk (kva for ein hund er ikkje det?), og ho gjennomfører det ho skal når eg hjelper. MEN!! Og det er eit stooooort MEN. Eg er skikkelig dårlig på å ta vekk hjelp etterkvart, og har særdeles lett for å ty til det når eg føler at eg må skynde fram resultat. Derfor må eg enten vera veldig veldig bevisst dette når eg velger å bruke hjelp, eller så må eg shape inn stort sett ALT på Ayla. Eg trur ikkje eg er eksepsjonelt flink til å shape, men heller ein kombinasjon av at eg klarer å klikke presist, og at Ayla har forstått korleis EG fungerer. :-)
Me skal trene mykje på slalåmen her heime framover. Den SKAL me få til :-)

Forskjellen frå i går og til i dag, var at i dag trente me faktisk berre ein og ein hund. Eg trur alle på vår gruppe fekk meir ut av treninga på den måten, og det funka i alle fall veldig bra for meg og Ayla.

Me skulle få begynne på kombinasjonar i dag. Og den første me fekk bryne oss på var Hjulet, Pølsa, Hopphinder. Belønning: godbitar på ei opp-ned bøtte.
Eg er fornøydd med korleis me klarte denne her, og syns det var kjekt å få prøve oss på tre etter kvarandre slik.

Foto: Lili Frahm Jensen

Etter lunsj tok me ut vippe utan vippedelen, sånn at den låg så og seie flatt på bakken. Ayla syns lyden var ekkel, så eg lot henne få trø på vippedelen sjølv - og klikka kvar gong lyden kom.

Etterkvart fekk ho ikkje godbitane så billig lenger, og ho måtte oppå med alle beina før eg ga godbiten vekk frå vippa (ca 20 cm ned tilbakken). Me stod slik ei lita stund, og ho jobba som ei heltinne! Eg var ikkje heilt sikker på om det var henne knakelydane kom frå, eller om det var kroppen min. Er nemlig ganske så støl og øm i alt av musklar etter helga. :-)
Då me ga oss, hadde ho gått fleire gonger strakt over heile vippa utan å sjå berørt ut. Veldig bra!

Eivind hadde laga ein liten bane med tilsaman ni hinder. Den såg slik ut: 


Og når me sprang den, såg det slik ut: 


I ettertid ser eg at eg absolutt burde oversett at ho sprang utanom hinderet etter mønet, for som Eivind sa då eg spurte; Hunden veit ikkje at ho har gjort feil. For å få flyten i banen ville han berre tatt henne gjennom tunnelen og så trent momentet med hinderet for seg sjølv mykje meir. Det er jo tross alt bare ei helg me har trent, og til å vera heilt nybegynnerar, så vil eg faktisk påstå at me er flinke. :-) Og eg er heilt subjektiv, sjølvsagt :-)

Her er ein annan filmsnutt av oss i banen. Grunnen til at Ayla ikkje ville over hinderet etter mønet denne gongen, var at eg hadde godbit i føringshanda. Det blei ho heilt distrahert av, og eg blei utruleg irritert på meg sjølv. 

Og så litt stillbilder:




Eg og Ayla i farta!



Ayla er sliten etter tre rundar i banen. Ho nærmast smalt i bakken då eg stod i ro litt. :-)

Og så til slutt, sjå det fine kursbeviset!!!! Tenk om alle hadde vore like flinke til å lage slikt!! Knallkjekt å få, i alle fall!!!!!!

Desse neste bildene er har eg fått av kursmedelev Lili Frahm Jensen.

Ho har så fin kontakt!!!!!

Dette er mitt favorittbilde!

Pote på vippa før ho trykka den ned og den skumle lyden kom.

Her ser ein tydeleg at vippa ikkje var veldig høgt over bakken. :-)

9 kommentarer:

  1. Ser ut så du og Ayla har hatt ei veldig innholdsrik helg. Kjempeflott, og veldig kjekt å lese om. Ska bli kjekt å følga med på agilityutviklingen te Ayla, ja.

    SvarSlett
  2. Jammen er dere flinke! Tenk, bare EI helg!! Jeg er skikkelig imponert, og har fått fryktelig lyst til å prøve selv.... Kjempeflott!!!

    SvarSlett
  3. Olaug,
    Ja, det har skjedd masse heile helga, og eg er så øm i kroppen at eg klarer nesten ikkje å gå. :-) Herlig!!
    Og det ser kanskje ikkje sånn ut, men til meg å vera, sprang eg ganske fort! :-)
    Eg trur nok ikkje det blir karriere i agility, akkurat, for det er jo først og fremst for å klare hindera i Rallyen eg ville på agilitykurs. ;-) At eg likte agilityen SÅ godt, var ikkje heilt planlagt :-)

    Britt,
    Dette her kan absolutt anbefales på det varmeste varme, altså. Utrolig gøy!!! Joda, bare ei helg, og det hjalp skikkelig å ha trent på diverse på forhånd :-) Fri ved foten på begge sider, innkalling, kontakt, target er nok det som hjelper best.

    SvarSlett
  4. He, he. Du må nok bare starte med agility også :-D

    SvarSlett
  5. Både du og Ayla var kjempeflinke på kurset i helgen. Kjekt å ha så lærevillige deltakere på kurs. Lykke til videre med både agility og rally.
    Hilsen Kristin

    SvarSlett
  6. Takk takk, Kristin, det hjelper jo å ha flink instruktør også, vettu ;-)

    Må innrømme at jeg fikk et skikkelig kick av helga, og har gått og glist for meg selv i hele dag, det til tross for at jeg kjenner hver eneste muskel i hele kroppen :-)

    SvarSlett
  7. Flinke!!!! :D Jeg vil også!

    Kos på gullet fra meg!

    SvarSlett
  8. Men hvorfor var ikke dere der? :-)
    Jeg kan absolutt anbefale kurs med de instruktørene, for det var altså så gøy! Har jeg nevnt det før? ;-)

    SvarSlett
  9. Hvorfor vi ikke var der? Vinterferie, kanskje? ;)
    *klem*

    SvarSlett